Hopp til innhold

Kan bli bøtelagd etter skandalekamp

Det var ikkje god sportsånd som var i hovudsetet då Nick Kyrgios tapte Shangai Masters-kampen mot Mischa Zverev. Han blei bua av bana, og svarte med å skjelle ut fansen.

CORRECTION-TENNIS-ATP-CHN

OPPGITT: Ikkje den beste dagen på jobb for australske Nick Kyrgios.

Foto: JOHANNES EISELE / Afp

– Vil du komme her og spele? Sett deg ned, hold kjeft, og sjå på.

Nick Kyrgios ropar attende til ein tilskodar som reiste seg for å kritisere innsatsen 21-åringen la i tenniskampen mot tyske Mischa Zverev.

Australienaren, som er rangert som nummer 14 i verda, virka heilt umotivert då han tapte to strake sett (6-3, 6-1) mot tyskaren, og er med det ute av ATP-turneringa.

Men kontroversane slutta ikkje der, og no kan Kyrgios riskere å bli bøtelagd.

Se bildene fra den noe spesielle tennis-kampen

– Skuldar dei ingenting

Fleire gonger i løpet av kampen var Kyrgios heilt umotivert, og gav enkle poeng til motstandaren.

Det, trass i at han enkelt gjekk vidare frå den første runden, etter to strake sett mot sam Querrey. Zverev skal i utgangspunktet vere lett match for Kyrgios. Tyskaren er rangert som nummer 110 i verda.

Etter tapet mot Zverev stilte Kyrgios opp på pressekonferansen, der han om mogleg verka endå mindre motivert enn i kampen.

CORRECTION-TENNIS-ATP-CHN

TRØBBELSPELAR: Det er ikkje første gang Nick Kyrgios er i trøbbel.

Foto: JOHANNES EISELE / Afp

– Eg tok den enkle vegen ut i kveld. Eg skulle ønske eg ikkje hadde møtt opp i det heile.

Då han fekk spørsmål om han kva han tenkte om alle tilskodarande som hadde komme dit, og betalt pengar for å sjå på kampen sa han:

– Eg skuldar dei ingenting.

Men det kan hende han skuldar tennisforbundet pengar. Dei kan gje bøter på opp til 10 000 dollar usportsleg opptreden i kamp. Under den regelen går blant anna å ikkje gje sitt beste i løpet av kampen.

Tilsnakk av dommaren

Kyrgios var ikkje heilt ferdig med pressekonferanse, og starta ein liten tirade mot journalisten som spurde.

Eg er flink på å spele ein tennisball over nettet, kva så? Det er mitt val. Eg ber dykk ikkje om å komme å sjå på.

– Eg er utilrekneleg. De veit korleis eg er. Kjøp gjerne billettar, men eg skuldar dykk ikkje noko. Eg søv godt om natta.

Men det var ikkje berre tilskodarane som reagerte på spelestilen hans under kampen, til og med dommaren blanda seg inn då Kyrgios sette seg ned for å kvile.

– Nick, du kan ikkje spele slik. Du øydelegg spelet. Det er ikkje proffesjonelt.

21-åringen var openbart ikkje enig med dommaren, og fortsette resten av kampen i same stil.

Det er ikkje første gong Kyrgios er i hardt vêr. I fjor fekk han ei 10 000 dollar stor bot for å ha slengt med leppa til motstandar Stan Wawrinka under ein tenniskamp. Han hevda då at ein annan tennisspelar hadde hatt sex med kjerasten til Wawrinka.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal