Hopp til innhold

Frustrasjon i Ski-Noreg – no blir det åtvara mot eldrebølgje

Toppen av norsk langrenn blir berre eldre år for år. Thomas Helland Larsen (24), som står midt i den tøffe kampen bak landslaget, trur fleire årgangar no vil forsvinne.

Grafen viser hvordan landslaget blir eldre og eldre i tiden etter VM i Oslo i 2011 og frem til i dag. Samtidig foregår det en beinhard kamp om verdenscupplasser med løperne utenfor landslaget.

Grafen viser korleis distanselandslaget har vorte eldre og eldre i tida etter VM i Oslo i 2011 og fram til i dag. Distanselaget har vorte fire år eldre i snitt på 11 år. Samtidig går det føre seg ein beinhard kamp om verdscupplassar med løparane utanfor landslaget.

Foto: Bildbyrån

Du toler ikkje uflaks dersom du er utanfor landslaget, seier Helland Larsen til NRK.

Dei siste dagane har verdscuputtak endå ein gong skapt oppstyr i skimiljøet.

«Respektlaust», «for dumt» og «sint» har utøvarar rasa etter ulike vrakingar.

Denne gongen var det trønderen Jan Thomas Jenssen (26) som fekk nok.

– Akkurat dette skjønner eg ikkje så mykje av, sa Jenssen til NRK etter uttaket måndag.

Kvifor skjer dette igjen og igjen?

Det held ikkje å levere 2.-plass i verdscupen og så bli sjuk. Viss du ikkje stiller opp på neste renn er du ute av diskusjonen. Det er det som skjer, seier Helland Larsen.

Thomas Helland Larsen tok pallplass på Lillehammer bak Johannes Høsflot Klæbo i fjor. Det holdt ikke senere i sesongen.

Thomas Helland Larsen (t.h) tok pallplass på Lillehammer bak Johannes Høsflot Klæbo i fjor. Det heldt ikkje seinare i sesongen.

Foto: Fredrik Varfjell / Ali Zare

24-åringen veit kor nådelaust livet er rett på utsida av landslaget.

Sjølv gjekk han inn til pallplass i verdscupsprinten på Lillehammer for eitt år sidan. Deretter vart sesongen prega av mykje sjukdom. Seinare då bysprinten i Drammen vart arrangert i mars var han ikkje eingong ein del av den utvida nasjonale kvoten til det rennet. Då bles han ut mot handteringa til leiinga.

Laurdag går han igjen verdscupsprint på Lillehammer. Men det er ikkje nok berre å slå til der.

– Du er aldri trygg, seier han.

250 løparar på lag

Sjølv landslagsløparar blir vraka til verdscupen for tida, på grunn av intern konkurranse. Men landslaget er berre toppen av isfjellet i norsk langrenn. NRKs gjennomgang av langrennsløparar i Noreg viser at:

  • Over 170 herrar og 80 kvinner i Noreg er på ulike langrennslag.
  • Ein tredel av desse er utøvarar på lag under Skiforbundets venger.
  • I overkant av 40 prosent satsar langløp, men fleire lag satsar på tradisjonell langrenn.
  • I tillegg satsar løparar på eiga hand eller med klubblag.
Beitostølen viser bredden i norsk langrenn. Det er kort vei fra suksess til fiasko.

Beitostølen viser den tette kampen mellom landslagsløparane og dei utanfor i norsk langrenn. Even Northug (i front) er einaste heilt ferske landslagsløpar i år.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Topp 20-løparar på distanserenn på Beitostølen har absolutt noko i verdscupen å gjere. Topp 30 i sprint har absolutt noko i verdscupen å gjere. Det seier litt om potensialet, seier Helland Larsen, som sjølv er ein del av privatlaget Team Norconsult i Asker.

Det er brutalt, legg han til om nivået og den enorme konkurransen mellom løparane.

Ofte handlar det om tidelar allereie i prologen. I tillegg er problemet at Noreg har ein kvote på seks faste plassar i verdscupen og landslagsløparane dominerer internasjonalt.

Samtidig blir den faste kjernen berre eldre. Det får ein av dei eldre profilane til å stusse.

– Rart

Det er veldig rart at det ikkje kjem nokon nye som slår oss, seier Hans Christer Holund.

33-åringen, med to individuelle VM-gull, er no inne i sin sjuande sesong på distanselandslaget. Utviklinga etter VM i Holmenkollen er tydeleg:

  • Våren 2011 vart ingen over 30 år tekne ut på distanselandslaget.
  • I år er fem av sju løparar på det laget over 30 år.
  • Snittalderen har vorte fire år eldre på 11 år.
  • På sprintlaget er aldersutviklinga jamnare, men snittalderen har no vorte 28,7 år.
  • 9 av 13 løparar på sprint- og distanselag er eldre enn 29 år.
Hans Christer Holund, en av de eldste løperne på landslaget.

Hans Christer Holund, ein av dei eldste løparane på landslaget. Her frå verdscupen i Ruka sist helg. Han vart nummer sju og åtte i Finland.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Fem av løparane på Holunds lag har seks til tolv sesongar på landslaget. Men Holund understrekar at eit landslag blir teke ut basert på resultat.

Det er derfor vi er der, ikkje på grunn av alder eller noko anna. Men tidlegare har jo nokon yngre komme inn og danka ut dei som hadde bikka 30 år. Det har ikkje vore tilfelle dei siste åra, seier Holund.

Han håpar at fleire yngre løparar slår gjennom snart, slik ei rekkje av dagens landslagsløparar gjorde i 23–25 års alder. Men Harald Østberg Amundsen (24) er den einaste løparen under 25 år på herrelandslaga.

Han gjekk seg inn då nålauget hadde vorte vesentleg trongare, fordi laga vart kutta med fleire utøvarar i løpet av få år.

Ser fare

I eit intervju med Nettavisen nyleg peika Vegard Ulvang på at generasjonsskifte er eit gjentakande problem i norsk langrenn, Han meinte det norske landslagssystemet ikkje har vore flinke nok til å integrere neste generasjon skiløparar med eliten.

Langløpsveteran Anders Aukland (50) ser den same faren.

– Dei har litt for mange låste plassar, som gjer at gode veteranar får litt for mange sjansar. Sjølvsagt er dei gode. Men det finst mange unge gode òg. Og for å få overført kunnskap trur eg det er veldig viktig at ein får inn unge løparar som får gått verdscuprenn, seier Aukland.

Tidligere landslagsløper og langløpsveteran Anders Aukland.

Tidlegare landslagsløpar og langløpsveteran Anders Aukland.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Sjølv kjempa han ein kamp i tjueåra for å komme inn på landslaget. Seinare tok han fleire medaljar i VM og OL.

Han trur stadig fleire løparar i Noreg, som ikkje får gå verdscuprenn, eigentleg er i stand til å gå seg inn til pallplass. Derfor synest han landslagsløparar har litt for stor fordel i kampen mot dei utanfor.

Men Skiforbundet gjer det klart i sesonginformasjonen sin at dei prioriterer landslagsløparane deira, spesielt før jul, for å nå målet om å vere beste skinasjon i verda. Vurderingane skaper debatt.

Åtvarar

Helland Larsen er heilt klar på at resultat burde vere avgjerande for verdscuputtak og landslag. Men han meiner uttak ikkje kan gjerast basert på kva utøvarar har prestert for 1–2 år sidan.

Thomas Helland Larsen, Team Norconsult

Thomas Helland Larsen ber landslagsleiinga ta ut dei beste løparane akkurat no.

Foto: Nils Christian Mangelrød

Han trur det får konsekvensar når talentfulle løparar ikkje får sjansen internasjonalt, samtidig som alderen på landslaget berre aukar.

Eg trur ein no mistar årgangar. Kva som er problemet skal eg likevel vere varsam med å uttale meg om, seier Helland Larsen

Sjølv har han vore del av ein svært sterk årgang. Men han trur fleire årgangar kan bli borte, dersom landslagsløparane held i fleire år til og presterer på same nivå.

– Då vil det ikkje komme fleire inn. Kanskje blir det ein løpar eller to, men ikkje fleire, seier Helland Larsen.

Han understrekar at eit generasjonsskifte ikkje må skje så lenge utøvarar presterer på toppen, men at det burde bli utskiftingar kjapt dersom nokon ikkje presterer på øvste nivå lenger.

Thomas Helland Larsen blir slått ut på Beitostølen

Thomas Helland Larsen vart nummer 17 i sprinten på Beitostølen. Sist helg vann han Norgescupen og er klar for verdscup på Lillehammer.

Foto: Nils Christian Mangelrød

– Eg skjønner at eg sjølv ikkje vart teken ut på landslaget. Men hadde eg vore trenar hadde eg satsa på unge utøvarar som kunne fått utvikle seg på landslaget, seier Helland Larsen.

Han ser at fleire løparar allereie har bytt til langløp og fortel at fleire vurderer det utover i sesongen. Mange blir ikkje fornøgd med å gå Norgescuprenn.

– Vanskelegare

Landslagstrenar for distanselaget, Eirik Myhr Nossum ser at det er tronge tider og peikar på at dei norske kvotane er kappa dei siste åra.

– Med ein avgrensa tropp så måtte vi sett ut verdsmeistrar for å setje inn U23-løparar. Det er jo også røft, all den tid ein snakkar om toppidrett, seier Nossum.

Han fastslår at dei slit med å gi unge utøvarar sjansen i verdscupen slik kvotane er i dag. Han seier at han skulle ønske situasjonen var annleis, men han synest det er verst dersom dei beste ikkje får gå.

Landslagstrener for distanselaget Eirik Myhr Nossum.

Landslagstrenar Eirik Myhr Nossum.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Det er vanskelegare no enn før. Sjå på Sjur Røthe. Han kom til VM i Oslo med ein 20.-plass. Rett nok gjekk han bra i den meisterskapen, men om ein har ein 20.-plass no er eg ganske sikker på at du ikkje går i Planica. Men han fekk likevel prøve seg helg etter helg etter helg fordi kvotane var større, seier Nossum.

Siste nytt

  • To Carlsen-seirer i Tyskland

    Sjakkstjernen Magnus Carlsen vant begge sine partier torsdag og ligger alene på toppen av Chess Classic i tyske Karlsruhe etter seks runder.

    Nordmannen står med fire poeng etter de første seks rundene og har ett poeng ned til sine nærmeste konkurrenter. Torsdagens seirer kom mot Vincent Keymer (Tyskland) og Richard Rapport (Romania).

    Turneringen spilles i formatet «rask klassisk», som betyr at spillerne har 45 minutter på klokka og får ti sekunder ekstra for hvert trekk.

    Alle de seks deltakerne skal møte hverandre to ganger hver innledningsvis, før det er finale, kamp om tredje- og femteplass 2. påskedag.

    Det er første gang turneringen arrangeres etter koronapandemien. Carlsen har vunnet turneringen to ganger tidligere og er tittelforsvarer ettersom han vant i 2019. (NTB)

    Magnus Carlsen Samarkand
    Foto: Lennart Ootes / Fide
  • Medier: Liverpool gir opp Alonso-jakten

    Både The Times og The Telegraph skriver torsdag kveld at Xabi Alonso neppe blir Liverpool-manager når Jürgen Klopp gir seg i sommer.

    Den nåværende Bayer Leverkusen-treneren skal nemlig ønske å bli i den tyske klubben etter sesongen.

    Alonso er i ferd med å lede Leverkusen til klubbens første seriemesterskap. Med åtte kamper igjen av Bundesliga, leder de med ti poeng ned til Bayern München.

    Begge avisene skriver at det er to navn som skiller seg ut for Liverpool når Klopp går av etter ni år i jobben. De er Brighton-manager Roberto de Zerbi og Sportings Ruben Amorim.

    Xabi Alonso
    Foto: Thilo Schmuelgen / Reuters
  • Leicester sparket treneren – skal ha hatt forhold til spiller

    Leicesters kvinnelagstrener Willie Kirk har mistet jobben. Ifølge engelske medier skal grunnen være et forhold til en av klubbens spillere.

    Leicester bekrefter sparkingen på sine nettsider torsdag kveld.

    «Etter en grundig intern disiplinær prosess, har det blitt avdekket at Willie har brutt lagets etiske retningslinjer», heter det i uttalelsen.

    The Guardian og The Athletic melder at Kirk skal ha hatt et forhold til en spiller. Kirk ble suspendert tidligere i mars da klubben skulle etterforske påstandene, og nå har de kommet til den konklusjon at Kirk må gå.

    Kirk ble direktør i klubben i juli 2022 og tok noen måneder senere over treneransvaret.

    Assistenttrener Jennifer Foster og førstelagstrener Stephen Kirby får det midlertidige ansvaret for klubben som er nummer ni i den engelske toppdivisjonen. (NTB)

    Willie Kirk
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal