Stoch utklassa alle: – Han er nesten like suveren i herreklassa som Maren Lundby i kvinneklassa

Den polske favoritten vann med ein sigersmargin som er blant dei aller største i eit verdscuprenn.

Kamil Stoch var i særklasse best i hopprennet på Lillehammer. Med 140,5 meter i første og 140,5 i andre omgang var han ufattelege 27,7 poeng framfor sin landsmann Dawid Kubacki.

Kamil Stoch sjølv var strålande nøgd med kvelden i OL-bakken.

– Det var ein veldig god dag. Tilhøva var litt vanskelege fordi vinden endra seg. Men eg er glad for at det blei rettferdig. Eg er svært nøgd med resultatet, seier Stoch.

– Våre kommentatorar sa at dei kanskje ikkje har sett ein betre hoppar enn deg. Kva seier du til det?

– Det er fint å høyre, men eg vil ikkje kommentere det. Eg prøver å gjere mitt beste og nyte skihopping, seier Stoch.

Robert Johansson toppa ein god norsk laginnsats med tredjeplass og plass på pallen.

Sportssjefen gir ikkje opp håpet

Men Kamil Stoch, altså. Korleis skal dei norske hopparane ta han igjen?

– No hoppar dei norske veldig godt. Kamil verkar å vere nesten like sterk i herreklassa som det Maren Lundby er i dameklassa, seier sportssjef Clas Brede Bråthen.

– Vi veit iallfall korleis vi skal få det til på jentesida. Vi får håpe vi kan bruke den kunnskapen også inn mot gutane. Vi har eit veldig sterkt lag, og vi veit at no skal vi til Trondheim, ein bakke der vi normalt trivst veldig godt. Så skal det heile avsluttast i Vikersund, favorittbakken til alle våre, og der har nok ikkje Kamil og de andre store like gode minne som våre utøvarar, trøyster Bråthen seg med

Andreas Stjernen blei nummer fire, Johann André Forfang seks,,Daniel Andre Tande 10 og Halvor Engen Granerud 12.

Debutant Sondre Ringen blei nummer 22, og det glerdar Bråthen seg ekstra mykje over.

– Eg gledar meg veldig over at Sondre Ringen tar sine første verdscuppoeng. Eg synest også Granerud tar store steg. Og så er det jo sjølvsagt den fantastiske laginnsatsen. Vi har hopparar som heile tida leverer på toppnivå, seier Bråthen.

Siste nytt

  • Alonso kjører Indy 500

    Fernando Alonso skal kjøre for McLaren i årets Indianapolis 500. Der skal han forsøke å bli den andre i historien til å vinne Monaco Grand Prix, 24-timersløpet på Le Mans og Indy 500. Det er det kun Graham Hill som har gjort.

    IndyCar Indy 500 Alonso Auto Racing
    Foto: Michael Conroy / AP
  • Wild jakter plass i sluttspillet

    Mats Zuccarello fikk 13 minutter og 47 sekunder på isen i Minnesota Wilds 5-4-seier over Columbus Blue Jackets, men noterte seg ikke for målpoeng. Seieren innebærer at Wild nå har tre poeng opp til lagene som kjemper om wild card til NHL-sluttspillet.

    NHL: Minnesota Wild at Dallas Stars
    Foto: Jerome Miron / Reuters
  • Møtte ikke opp til derby

    Fotballaget Zamalek møtte aldri opp til hovedstadsderbyet mot Al-Ahly i Egypts hovedstad Kairo mandag. Nå beklager Egypts fotballforbund (EFA) til supporterne som skulle se kampen, og varsler disiplinærstraff til Zamalek, som på sin side hevder de ble forsinket i trafikken. Al-Ahly og Zamalek møttes nylig i den egyptiske supercupfinalen i Abu Dhabi, som Zamalek vant på straffer. Etter kampen, som ble dømt av Svein Oddvar Moen, oppstod det tumulter mellom lagene.

    Al-Ahly og dommerteamet står klare før kampen som Zamalek ikke møtte opp til
    Foto: Tarek Ibrahim / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal