«I Trondheim har vi kyr på beitemark som er betre enn denne bana her», sa Kåre Ingebrigtsen etter at Rosenborg spela 0–0 der 13. mai.
Dette sitatet er gjeve att på ein stor plakat saman med bilete av Ingebrigtsen på Nadderud under Stabæks kamp mot Viking i dag.
– Det er vanskeleg å spele Rosenborg-fotball der, sa han til NRK etter kampen.
Stabæk har teke beitespørsmålet bokstaveleg til kampen i kveld. Ein kalv har fått beite bak det eine målet på Nadderud, og skal kanskje også få beite i pausen.
Men det er kalven som er hovudperson. Iallfall før avspark. Han var den som pressekorpset var mest interessert i før kampen.
– Han er nok vår 12. kalv i dag, seier Stabæks kaptein Morten Skjønsberg til NRK før kampen. – Håpar han er flink til å heie.
Stabæks spsortssjef Inge Andre Olsen er den første til å vedgå at klubben helst vi ha ei betre grasmatte enn den Nadderud kan oppvise no.
– Vi lir nok vel så mykje som laga som kjem på besøk. Men det er fullt mogeleg å spele, vi må berre ta litt omsyn til forholda, seier Olsen til NRK.
– Det er alltid hyggeleg med ein diskusjon med trønderar. Om Ingebrigtsen meiner dei har gode beitemarker i Trøndelag, kan vi alltid la ein kalv beite hos oss, seier han.
– Men dei bør kanskje ha fokus på det ein skal gjere sjølv, i staden for omgjevnadene hos andre, seier Olsem.
Kalven kan få sjå Stabæk klatre til fjerdeplass på tabellen med siger i kveld. Han får også sjå at Viking er tabelljumbo uansett resultat.
PS: Kalven heldt ein halv omgang før han blei leidd vekk. Ingebrigtsen derimot blei hengande.