– Sannsynlegvis kjem heile Norge til å tru at det her er den dårlegaste unnskyldninga ein fotballspelar nokosinne har kome med, men sanninga er at eg ikkje visste kva «soper» betydde. Eg har dessverre høyrt det altfor mange gonger og eg trudde det betydde noko sånn som «idiot», seier Kastrati til VG seint i går kveld.
Stadfesta det i pauseintervju
Kommentaren kom i førsteomgang i kampen mellom Vålerenga og Kristiansund. Eurosport tok opp saka i pausen, og Kastrati stadfesta det han sa.
– Sa du jævla soper?
– Ja, eg sa jævla soper til han. Så må du passe på så du ikkje provoserer meg, sa Kastrati.
– Synest du det er greitt å seie?
– Du høyrde kva eg sa, så du treng ikkje å ta det opp igjen, sa Kristiansund-spelaren og gjekk i garderoben.
Nokre timar etter kampslutt fortel Kastrati om korleis han opplevde situasjonen.
– Eg vel å berre seie det som det er: Eg visste ikkje kva det betydde og elles ville eg aldri tatt det ordet i min munn. Du ser det i intervjuet også, på måten eg bekreftar det på ein veldig sint måte; at eg ikkje veit kva det betyr, seier Kastrati til VG.
Han ber no om tilgiving, men ikkje frå Kristiansund eller fotballforbundet. Han forventar at han kjem til å bli straffa.
– Eg beklagar veldig. Eg kunne kome opp med ein unnskyldning om at det sprakk for meg og at eg ikkje hugsar kva som blei sagt, men eg vel heller å seie det akkurat som det er, seier han.
– Eg visste ikkje kva det ordet betydde og viss eg visste kva det betydde, ville eg aldri sagt det.
Kristiansunds trenar Christian Michelsen fekk ikkje med seg kva som blei sagt, men tok han raskt av bana då han blei klar over det.
Visste det ikkje i pausen
VISSTE DET IKKJE: Kristiansunds trenar Christian Michelsen tok Kastrati av bana straks han fekk vite om det som hadde vore sagt under kampen
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB– Du lar han starte andreomgangen, men tar han raskt av. Kvifor?
– Fordi eg får vite kva som har skjedd, seier Michelsen.
– Eg forstår når eg kjem ut til andre omgang at det truleg har vore noko over grensa, men eg trur jo ikkje på det før eg får høyre det. Da blir eg litt sett ut, lei meg og det er ein litt trist KBK-trener som står her i dag på vegner av heile gjengen, seier
Kastrati kom ikkje sølv til intervjusona.
– Han skal få lov til å puste litt no og la det søkke inn, og så ja … Det er veldig vanskeleg for meg å stå her no, alt blir feil, seier Michelsen.
– Kva er vegen vidare for KBK og Kastrati?
– Eg ber om respekt for at dette må vi få løyse internt. Eg viser til pressemeldinga der det står tydeleg kva verdiar og haldningar vi har som klubb, og den står vi hundre prosent bak, seier KBK-trenaren..
Vil få konsekvensar for Kastrati
Kristiansund BK sende rett etter kampen ut ei pressemelding, der dei tek sterk avstand frå Kastratis utsegn. Det kjem også til å få konsekvensar for spelaren.
«Flamur Kastratis uttalelser i forbindelse med kampen mot Vålerenga IF strider mot hele vårt verdigrunnlag og alt KBK står for. Vi har gått i front for å markere nettopp at vår garderobe er for alle. Uttalelser som dette tar vi sterk avstand fra. Det kommer vi til å gi klar beskjed om fra klubbens ledelse. Dette vil helt klart få konsekvenser for spilleren, og klubbens ledelse kommer til å følge opp dette umiddelbart», skriv klubben i pressemeldinga.
ORDVEKSLING MED KONSEKVENSAR: Flamur Kastratis omstridde ord mot Vålerenga-trenar Dag-Eilev Fagermo får truleg følgjer for KBK-spelaren
Foto: Fredrik Hagen / NTBKastrati måtte tole kraftig pipekonsert frå dei 200 på tribunen då han kom på bana til 2. omgang, og han blei bytta ut etter ein times spel.
– Da eg forstod kva eg hadde sagt, gjekk det kaldt nedover ryggen min. Eg kjem frå eit tøft miljø og akkurat det uttrykket er noko som har blitt sagt tusenvis av gonger, seier han til VG.
– Eg er eit førebilete og vett at det er mange som slit med sin seksualitet eller legning. At eg har gjort det verre for dei, det har eg eigentleg ikkje ord for.
– Eg håper at ved å fortelje sanninga, at eg har vore skammeleg ignorant, at eg blir tilgitt. Ikkje av NFF eller KBK, men dei eg har gjort det vanskelegare for. Eg har vore ein outsider heile livet og det siste eg vil er å hetse nokon.
– Eg skal ta min straff, seier Kastrati.
Han fortel vidare til VG at han forstår om han ikkje blir trudd.
– Eg visste verkeleg ikkje kva eg sa. Til heile det norske folk og alle eg har såra: Unnskyld av heile mitt hjarte, seier Kastrati.
Kampen enda 1–1. Vidar Örn Kjartansson gav Vålerenga leiinga omtrent samstundes som Kastrati blei teken av bana, men Bendik Bye utlikna på eit praktfullt skot sju minutt før full tid.