Hopp til innhold

Kaiser blei fotballstjerne utan å spele. Møt fotballens største bløffmakar

Dette er den utrulege historia om den største bløffmakaren fotballen nokosinne har sett.

Carlos Kaiser

BLØFFMAKAR: Carlos Kaiser (t.v.) makta å få proffkontrakt med den eine klubben etter den andre. Men han var også ein meister i å unngå å spele ein einaste kamp. Her saman med to andre av fotballens festløver, Renato og Renato Gaúcho.

Foto: Handout, Kaiser: The Greatest Footballer Never to Play Football

Du har kanskje diskutert i vennekretsen om kven som er den verste fotballspelaren i historia?

Neste gong du kjem opp i den diskusjonen, kan du argumentere for brasilianske Carlos Kaiser. Du er rimeleg sikker på at ingen overgår deg.

Han er kjend som fotballens finaste bløffmakar.

I meir enn 20 år gjekk han frå klubb til klubb som profesjonell fotballspelar. Han spela aldri ein einaste kamp for nokon av dei. Likevel fekk han stadig nye kontrakter.

Han hadde proffkontrakt med nesten 20 klubbar i sin karriere. Utan å spele eit einaste minutt.

– Ikkje eingong Jesus tilfredsstilte alle

Kaiser heitte eigentleg Carlos Henrique Raposo, kom frå ein fattig familie og var fødd i Rio 2. april 1963. Av kroppsbygnad kunne han minne litt om den tyske legenden Franz «Der Kaiser» Beckenbauer. Derfor fekk han kallenamnet Kaiser som gut. Og det tok han som offisielt etternamn også.

Kaisers store draum var nemleg å leve som ein fotballspelar i stjerneklassen.

Problemet var at han verken kunne eller ville spele fotball.

– Eg ville vere saman med andre toppspelarar, men eg ønskte rett og slett ikkje å spele fotball. Ikkje eingong Jesus tilfredsstilte alle. Kvifor skulle eg det? sa Kaiser ifølgje boka «The Greatest Footballer Never to Have Played Football», som kom ut i sommar. Utdrag frå Rob Smyths bok er gjengitt i The Guardian.

Lilkevel makta han i løpet av to tiår å få proffkontrakt med ulike klubbar i Mexico, Brasil og Frankrike. Det omfatta mellom anna alle dei fire store i Rio: Flamengo, Fluminense, Botafogo og Vasco da Gama.

– Livet er å selje seg sjølv, sa Kaiser.

Enormt nettverk

Med sine talegåver og svært omgjengelege og sosiale stil makta han å byggje opp eit stort nettverk, som han utnytta fullt ut.

Nettverket omfatta eit utal spelarar og leiarar i toppklassen, og ikkje minst journalistar. I ei tid før internett og smarttelefonar der fakta kan hentast fram med eit par tastetrykk, greidde han i sensasjonelt stor grad å føre alle bak lyset med påstandar om toppscorartitlar og meisterskap både her og der.

Bebeto

LEGENDE: Bebeto var ein av dei som gjekk inn i Carlos Kaisers nettverk. - Let du han snakke, var du fanga, seier den brasilianske legenden

Foto: PATRICK KOVARIK / AFP

Han fekk journalistar til å tru på det han fortalde, og til å skrive store skryteartiklar om hans påståtte merittar og mange trofé. Lenge før begrepet «fake news» var allemannseige.

– Kaiser var så tillitvekkande og så god til å prate at om du let han opne munnen, sjarmerte han deg i senk. Du klarte ikkje å unngå det. Du var fanga, sa den brasilianske stjernespelaren Bebeto.

Bebeto var ein del av Kaisers imponerande vennekrets som også omfatta namn som Carlos Alberto, Romario, Edmundo, Ricardo Rocha og Renato Gaúcho.

Manglande kamptrening, strekk og hamstring

Kaisers arbeidsmetode var oftast denne:

Han snakka seg til korttidskontrakter med klubbane. Når han var på plass i sin nye klubb, sa han at han ikkje hadde spela på ei stund og mangla kamptrening. Eller at han fekk ein strekk på den første treninga.

Når han hadde trena ei stund, klaga han over ein hamstringsskade. Med 70- og 80-talets medisinske teknologi var det ikkje så lett å avsløre.

Carlos Kaiser spela rett nok kampar som gutespelar, for Botafogo og Flamengo, fram til han var 16 år. Han hadde verken kvalitetar eller ønskje om å spele på høgt nivå. Men han var showmann på treningane, og blei svært populær over alt.

«Tilbod om meksikansk statsborgarskap»

Det fanga interessa til ein talentspeidar frå den meksikanske storklubben Puebla. Der fekk han tilbod om proffkontrakt, og den mest bisarre fotballkarrieren i historia var i gang.

Kontrakten blei avslutta etter nokre månader. «Skadane» blei for mange. Han var aldri klar for kamp.

– Eg likte ikkje Mexico, sa han i eit intervju med FourFourTwo. – Eg likte ikkje maten. Og eg likte ikkje å spele fotball.

Men Carlos Kaiser hadde fått smaken på livet: God inntekt, masse sosial omgang med fans, stjernespelarar og journalistar – og fri tilgang til byens nattklubbar.

Han bygde opp eit veldig godt rykte om seg sjølv og sine oppdikta merittar. Mellom anna fekk han ei avis til å skrive at han hadde fått tilbod om meksikansk statsborgarskap etter tida i Puebla. Slik at han skulle kunne spele landslagsfotball for Mexico når han blei frisk igjen...

Men han blei aldri meksikanar. Han returnerte til Brasil og blei endå betre til det han var god til: Å bløffe seg til proffkontrakter.

Populær i spelargruppa

Carlos Alberto

CARLOS ALBERTO: Han fekk ikkje plass på luksushotella. Alt var fullt. Men Carlos Kaiser fiksa nyttårsferie for den tidlegare Brasil-gullvinnaren

Foto: Ap

Sosiale antenner hadde han så det heldt, og i garderoben var han alltid midtpunktet. Han fóra journalistane med skrøner om alle trofea han hadde vunne. Og blei trudd.

Spelarane og trenarane forstod sjølvsagt raskt at Carlos Kaiser ikkje var i nærleiken av ein plass på laget. Men han var ein sosial og svært populær humørspreiar, så dei sa ingenting. Dei ville gjerne ha han med i gjengen.

– Han skapte masse moro og god stemning. Han fortalde historier som kunne gje kvar einaste spelar draumar. Det var derfor alle likte han så godt, seier Alexandre Torres, landslagsspelar og son av Brasil-legenden Carlos Alberto.

Men ute på trenigsfeltet var han ubrukeleg.

– Ein dag måtte vi berre be han forlate bana, elles trur eg han hadde omkome av treninga vår, seier Bebeto.

Falske telefonsamtaler

Kaiser var også utrusta med eit godt språkøyre.

Derfor kunne han ta fram mobiltelefonen sin, i ei tid då mobiltelefon var noko dyrt og eksklusivt, og «faka» samtaler på engelsk eller andre språk – vel vitande om at nesten ingen i fotballmiljøet kunne anna enn sitt portugisiske morsmål.

– Det var ein samtale med ein annan toppklubb, forklarte han ofte etter samtalen. – Eg fekk eit veldig godt tilbod, men takka nei. Eg trivst så godt her eg er.

Akkurat det gjekk som det måtte gå til slutt: Ein av klubblegane kunne engelsk, og Kaiser blei avslørt ein dag legen var innan høyrevidde. Då måtte han forlate Botafogo. Sjølvsagt utan å ha spela ein einaste kamp.

Men han reiste ikkje langt, berre til andre sida av Rio og til Flamengo. Der var han også «kamprusten og skadd» i eit halvår, til han fekk fyken.

Frå 1979 til langt ut på 90-talet levde han godt på korttidskontrakter etter mønsteret om manglande kamptrening og hamstringsskade.

Og om det skulle bli trekt i tvil, hadde han eit nytt kort i ermet: Kronisk tanninfeksjon. Det er ein slags infeksjon som kan gi sterke smerter mange stader i kroppen. Ein kompis som var tannlege hadde gitt han den nødvendige dokumentasjonen på det.

Pressa av «Brasils farlegaste mann»

Carlos Kaiser i Bangu

NESTEN AVSLØRT: - Bangu, eg elskar deg, er Kaiser sitert på i dette avisoppslaget. Men det var i klubben Bangu det nesten gjekk gale.

Carlos Kaiser slapp unna speletid i heile karrieren. Men under eit opphald i klubben Bangu var katastrofen likevel nær:

Kaisers uvanlege evne til å byggje nettverk hadde også skapt begeistring hos klubbeigar Castor de Andrade – ein mann som hadde blitt søkkrik på ulovleg gambling, og som det var livsfarleg å kome på kant med. Han blei seinare dømd for pengeutpressing, og var alment kjend som den farlegaste mannen i Brasil, ifølgje boka om Kaiser.

Andrade kravde at hans nye yndling skulle bli teken ut i kamptroppen, og trenaren våga ikkje å seie han imot.

– Men det er ingen fare, du skal berre sitje på benken, forsikra trenaren.

Der sat han også til eit godt stykke ute i kampen.

Men etter ei stund i andre omgang sende Andrade beskjed til lagleiinga på benken: Carlos Kaiser skulle ut på bana.

No var gode råd svært dyre. Kaiser blei send ut for å varme opp.

På oppvarminga oppfatta han at nokre av tilskodarane kom med stygge tilrop til spelarane. Laget låg under 0-2, og fansen reagerte med misnøye.

Provoserte seg til raudt kort – slapp å spele

Kaiser gjekk rett bort og slo ned ein av tilskodarane som ropa høgast.

Resultatet var raudt kort og rett i garderoben før han var komen inn på bana. Kaiser hadde klart det igjen.

Men historia sluttar ikkje her. Etter kampen banka han på døra til klubbeigaren og var angrande syndar.

– Eg beklagar det som skjedde, sa han.

– Nokon påstod at far min er ein tjuv og ein kjeltring. Slikt toler eg ikkje, og eg greidde ikkje å styre meg, sa syndaren.

Det seiest at han også makta å presse fram eit par tårer.

– Men no er det berre ei veke att av kontrakten likevel, så eg kjem ikkje til å tilføre klubben meir skam, la Kaiser til med bøygd nakke.

Castro de Andrade tykte synd på Kaiser, og forlenga kontrakten med eit halvt år. Med solid lønnstillegg.

Carlos Kaiser

EUROPA: Han fekk også kontrakt på Korsika ein sesong. Utan å spele, sjølvsagt.

Sparka vekk alle ballane

I 1986 ville han prøve seg i Europa, og hamna i Korsika-klubben Gazélec Ajaccio der ein kamerat spela.

Første dagen han møtte på trening, hadde store mengder tilskodarar møtt fram for å sjå klubbens nye store signering.

Kaiser blei skremd. Men han fann ei løysing der og:

For å unngå å bli avslørt, pælma Kaiser alle ballane opp til fansen på tribunen, samstundes som han kyssa klubb-logoen på trøya. Dermed var han inne i varmen.

Og ute på bana kunne ikkje spelarane gjere anna enn løpsøvingar. For alle ballane var borte.

Utsvevande natteliv utan pengar

Carlos Kaiser

PARTYLØVE: Carlos Kaisers draum var å leve jetsetlivet som stjernespelar utan å spele. Det klarte han.

Foto: Trunk Films

Sosialt levde Kaiser hardt. Han var ofte på byen. Han var alt frå party-fiksar til gigolo. Og han brukte sin status som stjernespelar til å skaffe seg mengder av kvinner.

– Sex er min einaste hobby, sa Kaiser.

Men først og fremst var han fotballens største bløffmakar.

Han kunne gå på byen utan pengar, vel vitande om at han med sitt namn og si evne til å snakke seg gjennom det meste, ville sleppe å betale for noko.

– Om eg måtte ta ei jente ut til middag på den beste restauranten i Brasil, klarte eg det utan pengar, skrytte Carlos Kaiser.

Som sjølv-etablert VIP kunne han spandere villig vekk likevel. Som til dømes på Carlos Alberto, Brasils kaptein på det legendariske VM-laget frå 1970.

Alberto ville feire nyttår i luksus-feriebyen Búzios. Men han hadde gitt opp fordi alt var fullt.

Då var det Carlos Kaiser tilbaud hjelp.

– Kva for eit hotell vil du bu på? spurde Kaiser.

Han fekk namnet på eitt, og i løpet av ti minutt kom han tilbake med reservasjonen. Carlos Alberto budde der i fem dagar.

Tok VIP-plassen frå kameraten

Renato Gaucho

NATTKLUBB-KRØLL: Renato Gaúcho hadde VIP-plass på nattklubben. Men den hadde Kaiser tatt, og Gaucho slapp ikkje inn

Foto: JEFFERSON BERNARDES / Afp

Historiene om Kaisers nokså utsvevande natteliv er mange. Han likna på den brasilianske stjerna Renato Gaúcho, og bløffa seg inn på ein nattklubb ved å utgi seg for å vere Gaúcho.

Litt etterpå kom den ekte Renato Gaúcho og ville inn. Han blei stoppa i døra. Det forstod han lite av, fordi han hadde eit VIP-område der inne.

– Ikkje prøv deg. Renato er inne allereie, sa dørvakta.

– Eg visste at Renato ofte var seint ute. Derfor kunne eg kome inn før han, sa Kaiser.

Det var Gaúcho som slo fast at Kaiser var «den største fotballspelaren som aldri har spela fotball».

Dokumentarfilm

Først i 2011 fortalde Carlos Kaiser heile historia om sin bløffmakar-karriere. Ikkje fordi han ville, men fordi han meinte han måtte.

– Ein tv-stasjon hadde fått vite så mykje om meg av venene mine at eg ikkje hadde noko val, sa han.

– Eg laug og eg lurte folk. Men eg hjelpte også mange.

Kaisers historie er så spesiell at eit britisk selskap i 2015 kjøpte rettane til å lage ein dokumentar om bløffmakaren – «The Kaiser». Der fortel stjerner som Carlos Alberto, Zico, Junior og Bebeto om sine møte med Carlos Kaiser. Filmen hadde premiere i USA i sommar.

Og etterpå? Han angrar ingenting.

– Eg er ikkje lei meg for noko. Klubbane har alltid lurt mange spelarar, seier Carlos Kaiser.

I dag jobbar han som personleg trenar. For kvinner, sjølvsagt.

Kilder: The Guardian, Globo, FourFourTwo, Wikipedia, The Sportsman.

Siste nytt

  • Marerittstart for Hovland

    Viktor Hovland kom tre slag under etter tre spilte hull mot amerikaneren Matt Kuchar i matchplayturneringen i Austin.

    Viktor Hovland fikk en svært dårlig start. Han tapte det første hullet med fem slag mot motstanderens fire på par-fire-hullet. På det neste hullet var spillerne nærmest identiske med utspillene sine, men nordmannen var rundt 15 meter lenger oppe på fairwayen. På greenen derimot brukte Kuchar bare ett slag, mens Hovland brukte to.

    På det tredje hullet havnet Hovland ute i roufen på utslaget sitt og havnet i en sandbunker på innslaget. Dermed ga han opp hullet ettersom motstanderen trengte to slag på å vinne hullet.

    Torsdag møter Hovland sørkoreaneren Kim Si-woon, mens amerikanske Chris Kirk er motstander fredag. (NTB)

    Players Championship Golf
    Foto: Eric Gay / AP
  • Reiten matchvinner i knallsterk borteseier mot Lyon

    Guro Reiten sikret et meget godt og sterkt utgangspunkt mot Lyon i Mesterligaen da hun sørget for at Chelsea vant 1-0 i Lyon.

    Med det har blåtrøyene gode muligheter til å ta seg til semifinalen i turneringen.

    Reiten satte ballen i nettmaskene like før halvtimen var spilt. Det skjedde på vakkert vis da hun curlet ballen i lengste hjørne med feil fot.

    Ada Hegerberg var på sin side endelig tilbake i troppen igjen etter et langt skadeopphold, men hun ble værende på benken hele kampen.

    Maren Mjelde kom inn på tampen av kampen og fikk i overkant av fem minutter på banen.

    Returoppgjøret spilles i London om åtte dager.

    Chelsea
    Foto: OLIVIER CHASSIGNOLE / AFP
  • Norsk drømmestart i G19-kvalifiseringen til EM

    Det norske G19-landslaget i fotball slo Romania 4-0 i åpningskampen i EM-kvalifiseringen i Frankrike.

    Isak Hansen-Aarøen, Erik Flataker og Andreas Rædergård Schjelderup (25) scoret målene før pause, mens innbytter Magnus Riisnæs fastsatte resultatet til 4-0 i det siste spilleminutt.

    Norge som ledes av Louis Pinenta møter Frankrike lørdag og Nord-Irland tirsdag. Det er kun gruppevinneren som går til EM-sluttspillet på Malta i juli. (NTB)

    Andreas Schjelderup
    Foto: Claus Fisker/Ritzau Scanpix / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste