Kåfjord om Infantino: – Eg misunner han ikkje

Tidlegare fotballpresident, Sondre Kåfjord, meiner den nyvalde FIFA-presidenten har ei formidabel oppgåve framfor seg.

FBL-FIFA-CORRUPTION-VOTE

JUBLA: Gianni Infantino kunne jubla over å ha vunne valet som ny FIFA-president.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

– Eg trur han kjem til å få gjennomført endringane i reformplanen, men du verda for ei oppgåve han har. Det er mykje som skal snuast, og eg misunner han ikkje den oppgåva, seier Sondre Kåfjord om det som ventar den nyvalde FIFA-presidenten, Gianni Infantino.

Kåfjord kjenner Infantino godt og er glad han vart vald. Infantino gjekk sigrande ut av valet etter å ha fått 115 stemmer i den andre valrunden. Hovudutfordrar, sjeik Salman, fekk 88 stemmer.

Sunne verdiar

Med Infantino i sjefsstolen trur Kåfjord at Norge vil få meir innverknad på avgjerder i FIFA.

– Korleis vil du skildre Infantino som person?

– Han er ein fantastisk person. Utavdent, hyggeleg og ein god brubyggjar. Det er eigenskapar han kan trenge.

FIFA har vore prega av skandalar i lengre tid, og derfor har årets presidentval fått mykje merksemd. Kåfjord trur det ikkje det finst ting ved Infantino som kan skapa nye skandalar.

– Han har sunne verdiar og eg kan ikkje førestilla meg at det vil kome noko negativt på han. Ein skal aldri seie aldri, men det trur eg ikkje, seier Kåfjord.

Smil på hotellet

Avtroppande fotballpresident, Yngve Hallén, har heile vegen støtta Infantino og meint sveitsaren er rett mann til å ta over som FIFA-president.

Yngve Hallén

TRAVLE DAGAR: I går var Yngve Hallèn på FIFA-valet, idag opna han fotballtinget.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

– Eg måtte reise frå Zürich for å nå fotballtinget idag, men dei frå UEFA som eg trefte i lobbyen på hotellet smilte. Det skjer ikkje ofte etter endt FIFA-kongress, seier Hallén til NRK.

Før valet vart Infantino sett på som ein outsider i kampen mot sjeik Salman.

– Vi hadde trua på at han skulle vinne. Eg hadde trua då eg reiste ned og den vart styrka då eg kom fram. Det er kjekt å avslutta tida som fotballpresident med å stemme han fram som FIFA-president, seier Hallén til NRK.

Siste nytt

  • Økonomi-hjelp til handballfamiliar

    Norges Håndballforbund har sett av 5,25 millionar kroner til ei tilskotsordning som skal hjelpe spelarar og familiar som slit økonomisk under koronakrisa.

    – Hovudføremålet er at barn og unge som no lever i familiar som har fått ein annan økonomi, ikkje skal måtte slutte med idretten sin på grunn av lisenskostnaden, seier generalsekretær Erik Langerud til NTB.

    Tilskotsordninga skal vere eit bidrag til å forhindre eit potensielt fråfall. Ho opnar for at spelarar får dekt den lovpålagde lisensen for heile 2020/21-sesongen.

    Håndball
    Foto: Tor Erik Schrøder / NTB
  • Feira comeback med sigersmål

    Tampa Bay slo Dallas 5-2 i den tredje kampen i Stanley Cup-finalen, og leier 2-1 i kampar.

    Kaptein Steven Stamkos var tilbake etter eit halvt år ute med skade, og feira comebacket med å setje inn Tampa Bays andre mål.

    Neste kamp går fredag.

    Steven Stamkos
    Foto: Jason Franson / AP
  • Johansen spilte da Fulham avanserte

    Landslagskaptein Stefan Johansen var tilbake på Fulhams midtbane, da de vant 2-0 mot Sheffield Wednesday og sikret avansement i ligacupen.

    Johansen har slitt med spilletid for Fulham i Premier League, men spilte hele kampen mot Sheffield Wednesday.

    Britain Soccer League Cup
    Foto: Paul Childs / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal