Woxholth har tidlegare markert seg som kritisk til den omstridte samarbeidsavtalen.
Søndag tek sjakkongressen stilling avtalen som gir sjakkforbundet millioninntekter frå spelselskapet Kindred dei neste fem åra, mot å drive lobbyverksemd for å endre spelpolitikken i Noreg.
Carlsen oppretta klubben Offerspill fem dagar før påmeldingsfristen til sjakkongressen gjekk ut. Klubben skal gå inn for Kindred-avtalen under voteringa på kongressen i Larvik 7. juli.
Carlsen betalte kontingent for dei første 1000 medlemene som melde seg inn.
– Etter mitt syn har ikkje Offerspills delegatar stemmerett på kongressen, slik advokatfirmaet Kvale hevdar. Det vil vere i strid med grunnleggande rettskjelder i foreiningsretten, og kan bli prøvd for retten etterpå. Det kan bli dømt som sakshandsamingsfeil, og vil i så fall gjere vedtak ugyldige. Det inkluderer også ein avtale med Kindred, meiner Woxholth.
Woxholth var sjølv ikkje til stades på pressekonferansen. Det var initiativtakar Mosjøen sjakklubb som la fram den juridiske vurderinga.
– Uhilda vurdering
Woxholth seier at han ikkje har tilknyting til norsk sjakk.
– Derfor kan eg gi ei uhilda vurdering, skriv han.
Han er skeptisk til at advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiik, som er Carlsens sponsor, kan vere uhilda. Firmaet er eitt av dei som har vurdert det slik at avtalen er lovleg.
– Eg meiner at dei juridiske vurderingane både frå det firmaet og frå advokatfirmaet Kvale er jurdisk uhaldbare både i den grunngjevinga og konklusjon, skriv Woxholth.
Han meiner også at omgrepet upolitisk må vurderast vidare enn partipolitikk, og at det derfor kolliderer med NSFs lovparagraf om at organisasjonen skal vere upolitisk.
I VG i dag stiller Offerspills styremedlem Joachim Birger Nilsen spørsmål om Woxholth er objektiv. Woxholth har på Facebook fleire gonger uttrykt seg negativt til Kindred-avtalen.
NRK har vore i kontakt med sjakkpresident Morten Madsen for ein kommentar, men han hadde enno ikkje fått sett seg inn i Woxholths vurdering.
Debatt og splid
Avtaleforslaget som Kindred har lagt fram for Noregs Sjakkforbund (NSF) blei kjent då sakspapira til sjakkongressen blei sende ut 7. juni, og skapte frå første stund debatt og splid i forbundet.
Forslaget inneber at NSF skal aktivt gå inn for å påverke politikarane til å tillate utanlandske spelselskap å operere i Noreg gjennom ei lisensordning, i staden for einerettsmodellen som eksisterer i dag. For dette skal Kindred betale 50 millionar kroner over fem år.
Debatten blei kraftig forsterka 25. juni, med oppstarten av Offerspill sjakklubb, som Magnus Carlsen står bak. Offerspill går inn for avtalen, og Carlsen betaler kontingenten for dei 1000 første medlemene.
Klubben er den suverent største i NSF, og kan ha opptil 41 utsendingar på kongressen. Det vil seie rundt 15 prosent av røystene.
Derfor kan det bli avgjerande for utfallet på kongressen om Offerspill-delegatane får røysterett eller ikkje.
Juristar seier ja
To juridiske utgreiingar – ei frå hos Advokatfirmaet Kvale for NSF og ei frå Simonsen Vogt Wiig advokatfirma for Magnus Carlsen – har konkludert med at både avtalen og opprettinga av Offerspill er lovlege, og at delegatane derfrå har røysterett.
– Våre konklusjonar er ikkje behefta med særleg tvil, skriv Kvale.
Det er desse vuderingane Woxholth meiner er uhaldbare.
NSFs reglementsutval har slått fast at avtaleteksten ikkje strir mot forbundets regelverk.
Lotteritilsynet skeptisk
Lotteritilsynet har åtvara forbundet mot eit samarbeid med Kindred, som dei meiner driv ulovleg i Noreg i dag. Men dei stemplar ikkje sjølve avtalen som ulovleg, og seier at dei vil vurdere praktiseringa av ein eventuell avtale i lys av marknadsføringslova.
Sjakkongressen skal seie ja eller nei til avtalen 7. juli.