Det er særleg ståandeskytinga til Kvelvane som får NRK sine ekspertar til å sperre opp auga.
– Ståandeskyting har jo alltid vore Marte Olsbu Røiseland sin signatur frå ho var junior. Ho var heilt eksepsjonell på å skyte raskt og bra. Julie har òg eit stort potensial og eit enormt talent og det blir veldig spennande å følgje henne vidare, seier NRK sin kommentator Ola Lunde om skiskyttartalentet.
Det er fyrste sesong 17-åringen frå Voss skyt ståandeskyting i konkurranse, og det har enda i ein klar samanlagtsiger i Noregscupen i hennar aldersklasse.
– Eg kjenner meg veldig trygg. I starten av sesongen var eg mykje betre på ståande enn liggjande. Eg har tørrtrena kvar dag, og har vorte veldig god på begge delar kjenner eg, seier ein sjølvsikker 17-åring til NRK.
– Eg er veldig, veldig imponert!
I senior-debuten i NM i Alta viste vossingen kva ho var god for.
På sprinten fylte ho 9 av 10 blinkar og enda på 28.-plass av 98 startande, like bak kjende eliteutøvarar.
På stafetten gjekk Kvelvane andre etappe for andrelaget til Hordaland. Her skøyt ho to fulle hus (med ekstraskot) og var nummer tre ut frå siste skyting. Laget hamna til slutt på tiandeplass.
– Det var litt vanskeleg, iallfall på ståande. Likevel kjende eg at eg klarte å vere i mi eiga boble og få ned dei skota eg trong, fortel Kvelvane om stafettinnsatsen.
NRK sin ekspertkommentator Synnøve Solemdal brukar store ord for å beskrive innsatsen til junioren frå Voss.
– Eg er veldig, veldig imponert! Det er jo første året Julie skyt ståande i konkurranse. Det å stå på siste ståande med eit par bom, for så å ta dei ned på ekstraskot – det er veldig imponerande. Dei ho skyt mot har skote ståande i konkurranse i minst ti år.
Kvelvane innrømmer at ho kjende på nervane før konkurransen, men at ho klarte å behalde roa:
– Eg var litt nervøs då eg stod på startstreken, men eg hadde gjort gode førebuingar og eg visste kva eg skulle gjere gjennom heile løpet. Eg prøvde berre å hugse på dei og gjere sånn som eg pleier eigentleg.
– Det syntest eg var ein veldig bra debut. Ho var jo berre to sekund bak Ragnhild Femsteinevik i mål på sprinten. Det er tydeleg at ho har trena mykje på ståande skyting og at ho trenar rett, meiner Lunde.
Vil bli like god som Thingnes Bø
Junioren har òg klare mål for framtida.
– Eg drøymer jo om OL og bli like god som Johannes (Thingnes Bø), smiler vossingen som går på Norges Toppidrettsgymnas på Geilo.
– Korleis skal du få til det?
– Trening gjennom fleire år. Ikkje minst ved å trene rett og halde seg frisk slik at ein får god kontinuitet i treninga, svarer den målretta skiskyttaren.
Solemdal nikkar. Ho veit kva som skal til for å nå toppen.
– Det er som Julie seier. Om ein gjer dei rette vala over mange år, er det absolutt mogleg, seier den tidlegare skiskyttaren.
Lunde trur òg alt er mogleg, men minner om at mange store talent aldri fekk suksess i vaksen alder:
– Alt er absolutt mogleg, men det er ein lang veg å gå frå der ho er no som kjempegod i 17-årsklassen til å nå opp på det øvste nivået. Det er mange talent som ikkje har nådd opp. Julie har utruleg mange gode kvalitetar, så om ho gjer ting rett, har god helse og dei rette folka rundt seg kan ho bli veldig god.
Lunde meiner det viktigaste er å lytte til kroppen.
– Det handlar om å vere flink og ikkje bli for ivrig så ein går på ein smell, konstaterer han.