Hopp til innhold

Journalist brukte skjult identitet – avslørte lovbrot

Ein «turist», hjelparen «John», skjult kamera og ein Iphone. Med ukonvensjonelle metodar avdekkjer ein ny dokumentar elendige sanitær- og buforhold for dei som skal sørgje for tryggleiken i fotball-VM.

Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: Skittent spill.

AVSLØRINGAR: Bruken av skjult kamera avslørte skitne og tronge buforhold for tryggingsarbeidarane.

Foto: StudioFact / NRK

Under skalkeskjul av å vere turist reiste den franske journalisten Pierre-Stéphane Fort til Qatar for å filme bak kulissane – nokre månader før avspark i VM. Metodane han brukte førte til avsløringar av alvorlege brot på Qatars eigne lover.

Men i eit land utan pressefridom, måtte alt blir dokumentert i løyndom – og med minimalt med utstyr:

Eg hadde to kamera. Den eine var smarttelefonen min. Eg brukte den siste iPhonen som har godt kamera, og så eit skjult kamera som er på storleik med ein mynt. Eg hadde det med meg overalt, seier Fort til NRK.

Den franske journalisten Pierre-Stéphane Fort. Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: Skittent spill.

TETT PÅ: Fort filmar seg sjølv i bilen etter å ha komme til Qatar. Utanfor bilen er risikoen stor for å bli teken.

Foto: StudioFact

Sjølv om utstyret var simpelt, var bileta unike. Dei viste nemleg ei anna sanning enn det reklamane og regelverka til styresmaktene lover.

Men kva viss han vart avslørt?

– Over alt såg eg det same

I dokumentaren «Qatar-VM: skittent spel» handlar mykje om korleis Qatar fekk tildelt fotball-VM i utgangspunktet. Møte høgt oppe i systemet i Frankrike og spørsmål om korrupsjon blir gått nærare etter i saumane, men Fort undersøkte også forholda i landet på nært hald – og det er her dei ukonvensjonelle metodane vart tekne i bruk.

Med hjelp frå ein lokal fiksar, som i dokumentaren blir kalla for «John», besøkte han mellom anna fleire industriområde i Doha og kom seg på innsida av der fleire av migrantarbeidarane bur. Spesifikt tryggingsarbeidarar, som skal jobbe i Qatar under meisterskapen.

Filmklippa frå desse bustadene avslører alvorlege brot på lovverket.

Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: Skittent spill.

Dokumentaren viser fram elendige sanitærforhold for tryggingsarbeidarane.

Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: Skittent spill.

Kjøkkenfasilitetane er heller ikkje særleg appetittlege. 

Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: Skittent spill.

Arbeidarane er lova eige vaskeri, men klede og sko blir for hand vaska i bøtter.

Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: Skittent spill.

Det er både skittent og avgrensa moglegheiter på kjøkkena som blir filma.

Skjermdump fra Qatar-dokumentar.

Det er også trongt om plassen på soveromma.

Skjermdump fra Qatar-dokumentar.

I dokumentarar kan ein sjå kakerlakkar springe rundt både på golv og vegger.

Eg besøkte mellom 10 og 20 arbeidsleirar. Mange av dei. Over alt såg eg det same. Veldig dårlege leveforhold, fortel Fort.

For å få filma desse bileta, gav ut Fort seg mellom anna for å vere telemontør. Han kjøpte også det han kallar «migrantklede», noko han forklarer var for å ikkje sjå ut som ein tilfeldig turist.

Men journalisten filma i løyndom også der migrantarbeidarane har fritid. Ein filmsekvens frå ei strand som blir kalla «California», blir hevda å aldri ha vorte filma før. Her tek migrantarbeidarane ein stor sjanse ved å drikke alkohol, noko som er forbode i Qatar.

Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: Skittent spill.

RISIKO: Hjelparen «John» forklarer i dokumentaren at arbeidarane kjem til stranda «California» for å drikke alkohol og sosialisere seg.

Brytar med lova

Buforholda bryt også med qatarsk lovverk. Opptaka i dokumentaren er gjorde dei siste ni månadene.

Ifølgje qatarske styresmakter skal kvar person ha minst seks kvadratmeter på soverommet, og dei skal vere skilde ved hjelp av ein skiljevegg eller ei gardin for privatliv.

På nokre av romma Fort besøkte, budde det opp til seks personar på ti kvadratmeter:

Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: skittent spill
Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: skittent spill

Kjøkkenet skal ha eit kjølerom og moglegheita til å vaske hendene. Fleire av dei Fort var innom, hadde ingen av delane:

Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: skittent spill

Kjøkkenfasilitetene Fort filmar er enkle. 

Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: skittent spill

Desse kokeplatene blir hevda å delast mellom 200 personar i bueininga.

Styresmaktene reklamerer også med ein gymsal, innandørs aktivitetar som biljard, og store grønområde utandørs. Men i dei områda Fort reiste til, var områda svært forsøpla og utan ein grøn flekk å sjå:

Skjermdump fra Qatar-dokumentar
Skjermdump fra Qatar-dokumentar

Trudde han skulle bli arrestert

Opphaldet i Qatar resulterte i store mengder biletmateriale. For å sikre at det ikkje vart teke frå han dersom han vart teken, hadde han same rutine kvar kveld.

Eg tenkte kvar morgon at politiet ville komme og banke på døra og arrestere meg. Så kvar kveld etter filminga brukte eg ein god VPN og sende alt materialet til Paris, til pressebyrået mitt. Eg sov ikkje mykje, for det tok tid å sende filene. Etter overføringa sletta eg alt på mobilen. Så dersom politiet kom på morgonen, så ville dei ikkje finne filmane eller kunne identifisere dei eg filma, seier han.

Den franske journalisten Pierre-Stéphane Fort. Skjermdump fra dokumentaren Qatar-VM: Skittent spill

DOKUMENTASJON: Etter at han hadde sendt alt av innhald til Paris, sletta Fort alle bevis på mobilen.

Foto: StudioFact

Journalisten meiner han aldri hadde noko val når det gjaldt bruk av skjult kamera og oppdikta roller.

Eg var berre der som «turist». Eg sa ingenting til styresmaktene. Normalt må ein seie frå tre–fire veker i førevegen kvar ein skal filme, kven du skal møte og alt det. Hadde eg gjort det, ville eg ikkje hatt moglegheit til å ...

Han stoppar litt opp før han tek opp arrestasjonen av to NRK-journalistar som døme på kva som kunne skjedd dersom han filma ope.

Det er ingen pressefridom i Qatar, så den einaste måten å jobbe fritt på er å vere «undercover».

Dagen etter at dokumentaren gjekk på TV for første gong, kom Qatar med ytterlegare skjerpa reglar for filming i landet under VM, ifølgje The Guardian.

Dei valde å kriminalisere det. Dei gjer heller det, enn å forbetre forholda for arbeidarane der. Dei føretrekkjer å forby filminga, seier Fort til NRK.

Dei franske filmskaparane opplyser i dokumentaren at dei gjorde 15 forsøk på å få eit intervju med qatarske styresmakterutan å lykkast. NRK har også prøvd å få ein kommentar frå styresmaktene, men har førebels ikkje fått svar.

  • Sjå dokumentaren «Qatar-VM: skittent spel» i NRK TV:

Siste nytt

  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB
  • Glimt møter Lillestrøm i cupens 2. runde

    Onsdag kveld ble oppgjørene i 3. runde i cupen trukket. Tittelforsvarer Molde gjester Hødd.

    Molde er regjerende norgesmestere etter at de slo Bodø/Glimt 1-0 i fjorårets finale. Årets utgave avgjøres 7. desember på Ullevaal stadion.

    Allerede 1. mai skal neste runde spilles. Disse lagene møtes (eliteseriekamper uthevet):

    Sogndal – KFUM Oslo, Lysekloster – Kjelsås, Bodø/Glimt – Lillestrøm, Eik Tønsberg/Fredrikstad – Rosenborg, Råde – Hønefoss/Sarpsborg 08, Strømsgodset – Kristiansund, Hødd – Molde, Tromsdalen – Viking, Egersund – HamKam, Sandnes Ulf – Odd, Alta – Stabæk, Arendal – Bryne, Eidsvold Turn – Åsane, Ranheim – Raufoss, Levanger – Brann, Oppsal/Vålerenga – Tromsø.

    Alle oppgjørene i 2. runde er imidlertid ikke spilt enda. Torsdag spilles Fredrikstad – Eik Tønsberg, Sarpsborg – Hønefoss og Oppsal – Vålerenga.

    Det har vært flere cupbomber allerede i årets turnering. I første runde røk eliteserielagene Haugesund og Sandefjord ut for henholdsvis Torvastad og Fløy. Resten av eliteserielagene berget seg imidlertid videre fra 2. runde. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Lillestrøm - Bodø/Glimt (0-5)
    Foto: Javad Parsa / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal