Hopp til innhold

Fekk høyre frå NRK at dronninga var død

Det var sorgtilstandar under Diamond League-finalen i Zürich. Løparen Josh Kerr fekk vite om dronninga sin bortgang i pressesona etter løpet.

REAGERER: Josh Kerr fekk vite av NRK at dronning Elizabeth II har gått bort, like etter at han sprang sin siste 1500-meter for sesongen.

Skotske Josh Kerr sprang 1500 meter-finalen, som Jakob Ingebrigtsen vann. Det løpet gjekk berre ein halv time etter at nyheita om dronning Elizabeth II sin bortgang.

I pressesona etter løpet fekk Kerr beskjeden av NRK, og han reagerte umiddelbart.

– Du gav meg nyheita no. Det er veldig trist. Eg sender min kondolanse til familien. For ein rollemodell. Dette er tøffe nyheiter å ta inn til seg no. Eg visste ikkje om det, seier Kerr til NRK.

– Trur du reaksjonen din er ein vanleg reaksjon i Storbritannia?

– Med tungsinn, ja, det er det. Men ho levde eit fantastisk liv og inspirerte veldig mange menneske. Eg er veldig takksam for ho, seier han.

Worlds Athletics

NUMMER SEKS: Josh Kerr blei nummer seks i Diamond League-finalen på 1500 meter.

Foto: Ashley Landis / AP

– Episk rolle

Dronning Elizabeth viste ei tydeleg interesse for britisk sport gjennom hennar 70 år som øvste leiar for det britiske monarkiet.

Ho har delteke på fleire sportsarrangement i både innland og utland, dela ut ei rekkje medaljar, og hatt ein ekstra lidenskap for riding.

I 2012 spelte ho ei stor rolle i gjennomføringa av London-OL i 2012.

Sebastian Coe, leiar for det internasjonale friidrettsforbundet, har sitt største minne av dronning Elizabeth frå dei leikane.

– Ho spelte ei episk rolle i opningsseremonien, ved å gå med på å gjere James Bond-filminga. Det sette standarden som dei mest uventa augneblinkane i alle opningsseremoniar, og eg trur den beste opningsseremonien gjennom tidene, seier Coe til NRK.

Dronning Elizabeth og James Bond

LEGENDARISK: Dronning Elizabeth i lag med James Bond-skodespelar Daniel Craig.

Foto: - / AFP

Fekk beskjeden på tribunen

Coe tok imot beskjeden då han sat saman med britiske friidrettsfans under arrangementet i Zürich torsdag.

– Vi var alle triste, vi var mållause. Ingen av oss kan hugse ei tid i våre liv då dronninga ikkje var med oss. Ho var alltid til stade. Kontinuiteten og vennskapen ho delte med Storbritannia, og med så mange land over heile verda, vil bli sakna, seier han vidare.

World Athletics Championships Oregon22 - Day Ten

I SORG: Sebastian Coe.

Foto: Steph Chambers / AFP

– Kva vil du hugse mest av dronninga?

– Hennar liv er samanfatta med eit eksemplarisk engasjement for offentleg teneste og plikt. Eg kan ikkje kome på ein annan person som har bidrege så mykje, og gitt så mykje over ein lang periode. Og hennar generelle interesse og varme for menneske. Det er noko eg alltid vil hugse, seier Coe.

Han trur det vil vere ei sorgfull atmosfære når han omsider returnerer til England. Fredag kom beskjeden om at britiske myndigheiter erklærer nasjonal landesorg.

– Men eg trur også at folk vil reflektere varmt over bidraget hennar. Eg håpar familien kjenner igjen det bidraget Hennar Majestet gav, i den strøymande sorga og tungsinnet dei føler, seier han.

Les også Jakob Ingebrigtsen fikk «overraskelse» like før finalen: – Fikk beskjed på startstreken

Jakob Ingebrigtsen jubler med Diamond League-trofeet.

Fleire profilar i sorg

Australske Stewart McSweyn, som òg sprang 1500-meter-finalen, var prega av nyheita som kom torsdag kveld.

– Eg fann det akkurat ut. Det er veldig trist. Dronninga betyr mykje for oss, og ho har gjort ein fantastisk jobb. Ho var kjær, ikkje berre i England, men i Australia og i alle andre nasjonar.

World Athletics Championships Oregon22 - Day Three

BETYDDE MYKJE: Australske Stewart McSweyn hadde nære band til dronninga.

Foto: HANNAH PETERS / AFP

– Det er trist å få beskjeden, men for ei arv ho legg bak seg. Jobben ho har gjort i så mange år er ganske utruleg å vere vitne til, seier McSweyn til NRK.

Fotballegenda David Beckham har møtt dronninga ved fleire anledningar. Han skriv dette på sin Instagram-profil torsdag:

– For ein uttømmande kjærleik og respekt vi såg gjennom hennar liv i teneste. Så knust vi føler oss i dag, viser kor mykje ho har betydd for menneske i dette landet, og rundt om i verda. Heilt til hennar siste dagar styrte ho landet med verdigheit og nåde, skriv han mellom anna.

Les også Hele Premier League-runden er utsatt

Erling Braut Haaland

Siste nytt

  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP
  • Kolstad tok første stikk i semifinalen mot Drammen

    Kolstad gikk hardt ut på vei mot 32-26-seier over Drammen i lagenes første semifinalekamp i håndballsluttspillet.

    Seriemesteren ledet med fem mål i egen hall før DHK noterte sitt første. Bortsett fra en kort periode tidlig i 2.-omgangen ble duellen aldri spennende og Kolstad vant med seks mål.

    Semifinalen spilles i best av tre oppgjør. Kolstad kan avgjøre serien med borteseier mandag.

    Den andre semifinalen er mellom Elverum og ØIF Arendal.

    Kolstad er regjerende sluttspillmester. Inntil fjorårets finaletap hadde Elverum vunnet turneringen ni ganger på rad. (NTB)

    REMA1000-ligaen: Kolstad-Elverum 29–28.
    Foto: Ole Martin Wold / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal