– Eg har gått på så mange smellar nå at eg må begynne å lære snart. Det er kritikkverdig om eg skal gå på ein sånn igjen.
Jørgen Graabak seier det i ein halvvegs fleipete, men samtidig alvorleg tone. I dag kan han sitte i sola utanfor Olympiatoppen med ei god kjensle etter dagens fyrste økt med eksplosiv spensttrening. I fjor var situasjonen ein ganske annan.
– Det er utruleg deilig å vere med frå starten av, det er noko heilt anna enn i fjor.
Den mest stabile sesongen
25-åringen sleit da med virus og skader og kunne sjå langt etter å trene med landslagskompisane. Fire månader etter at dei starta treninga, kunne Graabak bli med for fullt i september. Likevel blei det trøndarens mest stabile sesong med fjerdeplass samanlagt i verdscupen, tre verdscupsigrar og 15 av 18 renn innanfor topp sju.
– Det seier jo mykje om kapasiteten. Sjølv om oppkøyringa var utfordrande blei sesongen veldig god. Eg må kunne ta med meg noko smart frå den, smiler han.
Det mest smarte er kanskje også det som var mest vondt. For ein som har sitt daglege virke i treningsklede, er det tøft å ikkje kunne trene skikkeleg frå februar til september. Men kanskje var det det OL-helten frå Sotsji trengte.
– For kroppen min var det kanskje sunt å få eit skikkeleg avbrekk med fokus på andre ting enn berre idretten. Eg gjekk på ein skikkeleg bråstopp og det var nok eit signal om at det hadde vore mykje i fleire år. Det er mange i dagens samfunn som er utsett for sånne smellar og når du driv med toppidrett er du ekstra sårbar.
Vil redusere treningsmengdene
Denne sommaren blir det mindre tid på sofaen, men samtidig må han passe på å ikkje bli for ivrig når treningssesongen i år startar fire månader tidlegare.
– Det er jo ein viss fare for at eg brenn meg igjen og blir for ivrig. Eg trur ikkje suksessoppskrifta er å ligge enda eit år på sofaen, eg må nok finne meg i å trene meir enn i fjor. Samtidig trur eg ikkje det er nokon dum tanke å redusere treningsmengdene. Det viktigaste blir å kome inn i hausten med bra guts.
Det er eit av triksa den lange treningsfrie perioden har lært han.
– Eg vil ikkje avsløre alt, men eg skal prøve å køyre nokon lure triks eg lærte i fjor. I fjor var berre eit steg på vegen, prosjektet mitt landar i VM i Lahti.