- Les:
Jan Jönsson har innteke Gran Canaria, og torsdag leia han si første AaFK-trening.
Godt førsteinntrykk
Kent Bergersen fekk ikkje hovudtrenarjobben han nok håpte på, men «Kenta» ser ikkje ut til å ta veldig på veg av å vere Jönsson sin assistent.
Under treninga torsdag leia Bergersen første del av treninga, før svensken kom inn og overtok mot slutten av treningsøkta.
Jönsson sjølv likte godt det han fekk sjå.
– Førsteinntrykket er godt, seier han til Sunnmørsposten.
– Eg er glad for å sjå at det er ein glad gjeng som står fram og tek ansvar.
- Les også:
- Les også:
Nesten fulltalig
Meldingane NRK får frå Gran Canaria er at AaFK-laget er både friske og opplagt.
Stallen er fulltalig, med unntak av Jason Morrison som etter planen landar laurdag.
Under økta rettleia Jönsson, og ønskja spelarane velkommen.
– Eg ønskjer å informere spelarane om korleis eg tenkjer at vi skal gjere ting, slik at vi har ein grunntanke som vi har ei felles forståing for, seier Jönsson.
– Det verkar som om han har ein veldig offensiv filosofi. Det ser spennande ut, meinte midtbanespelar Fredrik Carlsen til Sunnmørsposten etter første økt med ny trenar.
- Les også: