Hopp til innhold

Johaug om Bjørgen-forventningar: – Eg synest synd på henne

Sjølv om ho berre har gått eitt einaste skirenn det siste året, er forventningane skrudde i vêret i samband med Marit Bjørgens langløpssatsing. Men Therese Johaug meiner venninna har ein jobb å gjere for å hevde seg.

u78kvh3FbRg

SNAKKET OM SATSINGA: Marit Bjørgen (venstre) her saman med Therese Johaug etter Tryvann Opp i Oslo torsdag kveld.

Foto: Annika Byrde / NTB

– Alle veit at ho kan hamle opp med dei beste når ho er i form. Men ho må trene kontinuerleg gjennom hausten og få dei spesialøktene, gå nokre fleire skirenn til vinteren slik at kroppen blir herda nok til å tole det ho skal gjennom.

– Det er ikkje berre berre for Marit Bjørgen å vinne, sjølv om ho heiter det ho heiter og har prestert det ho har gjort. Dét er historie og ho stiller med blanke ark når vinteren går. Men eg veit ho kan lykkast, seier Johaug.

– Det har ikkje Marit trena opp nok

uAKD9TupO9s

KJEMPA SEG OPP: Marit Bjørgen, her under konkurransen på torsdag.

Foto: Annika Byrde / NTB

Bjørgen stilte sprekt opp under rulleskirennet Tryvann Opp for en drøy uke siden.

Litt prega av ei forkjøling i forkant, men ho ville ikkje bruke det som noka unnskyldning for at ho gjekk over målstreken litt over tre minutt bak Johaug, og nesten to minutt bak Team Koteng/Eidissen-løpar Astrid Øyre Slind.

– Ein får fort svar når ein går mot dei beste, seier Bjørgen om konkurransen for eigen del.

41-åringen har i lang tid vore klar på at ho held seg til 10-15 treningstimar i veka. Vesentleg mindre enn då ho var landslagsløpar. Men i sommar fekk ho ikkje trena som ho hadde planlagt. Familien hadde førsteprioritet. Det vart meir ferie enn tenkt.

NRK-ekspert Torgeir Bjørn meiner Bjørgens utgangspunkt etter ein lang karriere er veldig bra. Men han er til liks med Johaug klar på at det må gjerast ein jobb i forkant.

– Det å gå langløp krev spesielle ferdigheiter og kompetanse. Det har ikkje Marit trena opp nok enno. Det er spesialistar ho møte, så Marit må få meir av den treninga og nok tid til å kvile slik at ho absorberer treninga. Først då kan ho vinne Vasaloppet.

_C7_bmx7qRs

NRK-EKSPERT: Torgeir Bjørn, her avbilda på eit arrangement tidlegare i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Motiverer heile damesirkuset

Forventningane er store i langløpsmiljøet. Team Lager157 er blant dei hardtsatsende laga som stiller til start til vinteren.

I stallen har dei tidlegare landslagsløpar for Sverige, Hanna Falk, men også fem gonger vinn av sammenlagtcupen i Ski Classics, Britta Johansson Norgren. I tillegg er norske Thea Krokan Murud den tredje solide langløperen dei har på damesida.

Sportssjef Anton Järnberg meiner Bjørgens deltaking har gjort noko med dei andre damene.

– Det motiverer heile damesirkuset. Ho gjer dei andre betre med å delta. Det gjer det jo berre vanskelegare for henne sjølv, seier han smilande til NRK.

– Synest synd på henne

eN0Jyt9SCS4

I STORFORM: Therese Johaug, her i bakkane opp mot Tryvannstårnet i eit rulleskirenn torsdag kveld.

Foto: Annika Byrde / NTB

Therese Johaug er òg oppteken av kva Bjørgen-etternamnet gjer med forventningane til lagvenninna.

– Det er nesten ei ulempe òg. Eg synest synd på henne. Alle trur ho skal vinne det eine og det andre. Men det er mange andre som trenar og utviklar seg. Det skal leggjast ned ein solid jobb først.

Hovudpersonen sjølv skal etter planen gå fem løp frå januar til april.

– Eg synest eg har hatt mange gode økter i haust og kjenner eg har lagt ned ein god jobb. Men skal ein kjempe om pallen til vinteren så ein verkeleg gjere jobben, seier Bjørgen, og svarer slik om forventningane:

– Det er eit høgt nivå, eg kjem nok ikkje til å dominere her, men målet mitt er å kjempe om pallen.

Siste nytt

  • Dimitrov feide Alcaraz ut av Miami Open

    Grigor Dimitrov sto for kvartfinalenes overraskelse da han slo førsteseedede Carlos Alcaraz i strake sett i Miami Open.

    Den 11.-seedede bulgareren vant 6-2, 6-4 og satte opp et semifinalemøte med den solide tyskeren Alexander Zverev.

    I den andre semifinalen skal Daniil Medvedev og Jannik Sinner opp mot hverandre.

    (NTB)

    YNP63FKdBtg
    Foto: AFP
  • Wrexham skylder kjendiseierne over hundre millioner

    League Two-klubben Wrexham, som eies av skuespillerne Ryan Reynolds og Rob McElhenney, skylder eierne rundt 9 millioner pund, opplyser klubben. Det tilsvarer drøyt 120 millioner kroner.

    Klubben holder til i Wales og ble kjøpt av skuespillerduoen i 2021. Siden fulgte en sportslig opptur, og laget blir fulgt i den Emmy-vinnende dokumentarserien «Welcome to Wrexham».

    Laget tapte semifinalen i opprykkskvalifiseringen i sesongen 2021/22, men rykket opp til League Two året etter. I skrivende stund ligger Wrexham på tredjeplass, med gode muligheter for å nå minst kvalifisering til League One, tredje nivå i engelsk fotball.

    Torsdag la klubben fram regnskapet for budsjettåret som sluttet i juni 2023. Der går det fram at klubbens omsetning har økt med 75 prosent til rundt 10,5 millioner pund fra 6 millioner pund, men at underskuddet samtidig vokste fra 2,9 millioner til 5,1 millioner pund.

    – Klubben er ikke under noe umiddelbart press for å tilbakebetale lånene på bekostning av framgangen vi ønsker å oppnå, skriver klubben.

    Videre opplyses det at det vil hentes inn ytterligere midler for å støtte opp om framtidige prosjekter.

    (NTB)

    QxUVtmMA_7A
    Foto: AP
  • Tøff start for norske golfere

    Golfprofilen Kristoffer Ventura fikk et tungt comeback på PGA-touren og ligger på 113.-plass etter første runde av Houston Open.

    Etter én ferdigspilt runde i Houston ligger han tre slag over par og ni slag bak Taylor Moore og Wilson Furr, som deler førsteplassen.

    Det gikk ikke bedre for Celine Borge i LPGA-turneringen i Arizona. Borge gikk sin åpningsrunde ett slag over par.

    Det gir en foreløpig 123.-plass, nesten 60 plasser bak den forventede cuten.

    (NTB)

    it7lekDvsTU
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal