NRK Meny
Normal

Johaug: – Veldig viktig at Marit held fram

Therese Johaug har visst ei stund at Marit Bjørgen skal halde fram langrennskarrieren. Og det er ho svært glad for.

Therese Johaug (t.v.) og Marit Bjørgen

Therese Johaug og Marit Bjørgen er knallharde konkurrentar og gode venninner. - Eg er veldig glad for at Marit tek ein sesong til, seier Therese

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Eg har visst det ei stund no, så det kom ikkje som noko sjokk i kveld. Og eg er veldig glad på hennar vegne, seier Therese Johaug til NRK.

Etter ei stund i tenkeboksen sa Bjørgen i kveld at ho tek ein sesong til . Johaug helsar dette med enorm glede.

– Marit har gitt meg utruleg mykje, og eg er veldig glad for at ho fortset. Ho betyr mykje for meg, for laget og for norsk langrenn. Det er veldig viktig at ho held fram, seier Johaug.

Dei to var sist sesong dei to beste i verda, og er både harde konkurrentar og gode vener.

– Vi har snakka mykje saman. Eg har visst om at ho fortset ei stund no. Eg hugsar ikkje akkurat kor lenge eg har visst om det, men eg er i alle fall veldig glad, seier Therese Johaug.

Bjørgen og Johaug etter 3-mila i Holmenkollen

- Fortsett, fortsett, sa Therese Johaug på direkte-intervju etter tre-mila i Holmenkollen i mars. No har ho fått ønskjet oppfylt

– Ikkje overraskande

Torgeir Bjørn

- Gledeleg, men ikkje overraskande, seier Torgeir Bjørn

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Det er ei gledeleg avgjerd for alle oss som er interesserte i langrenn, seier NRKs ekspertkommentator Torgeir Bjørn når han får høyre at Marit Bjørgen skal halde fram.

– Men overraskande er det ikkje. Eg var nok meir i tvil tidleg på vinteren då ho endeleg vann Tour de Ski. Då var det teikn som tydde på at ho skulle slutte. Men alle signala Marit har sendt mot slutten av sesongen har tyde på at ho ville halde fram karrieren, seier Bjørn.

– Kva betyr det at Marit no held fram på landslaget?

– Ho er nærmast ein kaptein på laget og har opparbeidd seg ein enorm rutine, med både oppturar og nedturar bak seg. Det er utruleg viktig for dei unge på laget at ho no tek i alle fal ein sesong til, seier Torgeir Bjørn.

Siste nytt

  • Ny Kamara-scoring i USA

    Ola Kamara chippet inn utligningen etter en fantastisk pasning fra Zlatan Ibrahimovic da Los Angeles Galaxy snudde 1–0 til 1–3 mot Philadelphia Union. Hans åttende scoring denne sesongen. Zlatan og Michaël Ciani sto for de andre Galaxy-målene.

    SOCCER-USA-LAG-DCU/
    Foto: Kirby Lee / Reuters
  • Ingebrigtsen tok EM-kravet

    Filip Ingebrigtsen løp på 13.30,48 på 5000 meter under et stevne i belgiske Heusden lørdag kveld. Det er innenfor EM-kravet på distansen. 25-åringen kom rett fra fredagens stevne i Monaco, hvor han satte ny norgesrekord på 1500 meter.

    Filip Ingebrigtsen
    Foto: Jasper Jacobs / AFP
  • Koreas første fellesgull på 27 år

    Bordtennisduoen bestående av sørkoreanske Jang Woo-jin og nordkoreanske Cha Hyo Sim gikk helt til topps i en bordtennisturnering avholdt i Daejon. Ikke siden 1991 har et felles koreansk lag tatt gull i en idrett, også da i bordtennis. I april ble det holdt et toppmøte mellom landene hvor de lovet å øke sitt samarbeid innen sport.

    Foto: Hong Hae-in / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Tour de France 15.etappe og friidrett Diamond League, London
Friidrett: Diamond League fra London
Tour de France 15.etappe og friidrett Diamond League, London
X Games Minneapolis
OL-profiler: Marcus Kleveland
X Games: Skateboard, street