Johaug stiller i NM i terrengløp – håper på Grøvdal-duell

Therese Johaug stadfestar ovanfor NRK at ho vil delta i NM i terrengløp i Oslo i oktober.

Therese Johaug

IMPONERTE: Therese Johaug vant 10.000-meteren i NM i starten av august.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Eg fekk høyre at NM var i Frognerparken, og då er det ganske kort veg ned frå der eg bur. Eg skal uansett ha ei hardøkt. Å få ein springekonkurranse er jo då optimalt for meg, seier Johaug.

Og ho legg ikkje skjul på at ho stiller opp for å vinne, og mest av alt ønskjer ho seg ein duell med Karoline Bjerkeli Grøvdal.

Det vakte stor oppsikt då skistjerna i starten av august sprang inn og tok NM-gull på 10.000 meter.

Den gongen stilte ikkje Grøvdal til start.

– Det hadde vore kjempeartig om ho hadde gjort det. Om Karoline skal springe, så har eg ikkje sjanse. Det seier seg sjølv, men det hadde vore moro og målt seg opp mot dei beste i Norge.

Opnar for EM i Paris

Å prioritere EM i terrengløp i desember, slik Didrik Tønseth har hatt lyst til, er derimot uaktuelt.

Ho har derimot tidlegare opna for å delta i EM i friidrett i Paris neste år, og VM-dronninga på ski frå i vinter vedgår at det er ein tanke som har modna enda meir.

– Terrengløpet tar eg som ei god trening til sesongen startar, og så får vi ta ei evaluering om man kjenner seg i form til neste år, og om ein har lyst springe friidrett i Paris i staden for.

– Om eg skal springe der, så har eg berre eit mål, og det er å få best mogeleg tid og springe så raskt som mogeleg. Eg veit eg ikkje har sjanse internasjonalt, men det hadde vore moro å prøve seg.

Nærmar seg OL-kravet

Då Johaug vann 10.000- meteren under NM på Hamar sprang ho inn på tida 32.20,19, noko som er den femte beste tida på distansen i Norge nokosinne. Det var også den 15. beste tida i Europa på det tidspunktet.

Det er ei tid 31-åringen frå Dalsbygda meiner det er håp om å forbetre.

NM i friidrett, Hamar 2019

BETRE TID: Johaug meiner det er håp om å forbetre tida frå NM med 30 til 40 sekund.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Om eg klarar å få nokon fleire økter på bana, enn ingen som eg hadde til NM, og eg kan springe i eit felt og ha eit litt betre løpsopplegg enn dei første rundane i NM, så kanskje eg klarer å perse med ein 30 til 40 sekund.

Sjølv om ho då nærmar seg OL-kravet på distansen, er det derimot heilt uaktuelt for Johaug å sikte seg inn mot eit sommar-OL i Tokyo neste år.

– Nei, det skal eg ikkje. Eg trur først og fremst eg skal ha fokus på OL i Beijing for min del. Sidan eg ikkje deltok i OL for to år sidan, så vil eg nok gjere alt for å vere best mogeleg førebudd til det OL.

Siste nytt

  • Minnesota Wild tapte på straffeslag

    Mats Zuccarellos Minnesota Wild ble først fullstendig overkjørt av gjestene Anaheim Ducks, men reiste seg på slutten. Likevel tapte de kampen 2-3 på straffe. Mats Zuccarello var 20 minutter og 23 sekunder på isen.

    Mats Zuccarello
    Foto: Tom Olmscheid / AP
  • Gigstad Fauske ut, Breistøl inn

    Helene Gigstad Fauske skiftes ut av den norske VM-troppen i håndball. Inn kommer Kristine Breistøl før møtet med Tyskland onsdag. Det er siste kamp i hovedrunden. Breistøl var en av tre VM-reserver som reiste til Japan for vel tre uker siden.

    Kristine Breistøl
    Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix
  • Ancelotti fikk sparken etter seier

    Napoli kom seg videre i mesterligaen med 4-0 over Genk tirsdag. Etter kampen fikk trener Carlo Ancelotti sparken. Italienske medier meldte allerede før kampen at klubbledelsen hadde bestemt seg for å bytte ut Ancelotti med Gennaro Gattuso.

    SKUFFET:
    Foto: Alberto Pizzoli / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal