– Therese har ikkje vorte bede om å seie noko som helst frå skileiinga. Ho uttalar seg på eige initiativ og har sine sjølvstendige meiningar, seier Johaug-manager Jørn Ernst til NRK.
Det er i eit intervju med russiske sport24 at Jelena Välbe kjem med dei oppsiktsvekkjande utsegnene. Saka vart først omtalt av Dagbladet i Noreg.
– Alle har eitt eige synspunkt, ei meining, og har rett til å uttale seg. Men når ein ser at nordmannen (Therese Johaug) klemmer Natalja Neprjajeva etter målgang, og så på kvelden gir eit intervju der ho fortel at ho ikkje ønskjer å sjå russarar konkurrere ... Det tyder på at ein leiar har oppmoda til å seie det.
Slik forklarer Johaug klemmen
Det var i eit intervju med NRK i Lahti at Johaug gjorde det klart at ho og andre norske langrennsløparar ønska at russarane skulle halde seg unna verdscupen i Drammen og Holmenkollen.
– Eg føler med utøvarane, men samstundes er det ikkje rett at dei skal få gå. Idretten står høgt i Russland, det veit vi. Og det Russland gjer no er heilt forferdeleg når du ser TV-bileta, sa Johaug til NRK.
Jørn Ernst meiner at det er heilt naturleg at Johaug gav Neprjajeva ein klem i målområdet etter sekundstriden i Lahti, der Johaug vann føre russaren.
– Nettopp at ho klemde Neprjajeva, betyr at dette ikkje er noko personleg mot ho eller andre russiske utøvarar, men ei generell haldning og meining om den forferdelege situasjonen som er i Ukraina, seier Ernst.
Røste ut mot Välbe
Jelena Välbe meiner samstundes at ho veit kven som står bak den påståtte stormen mot dei russiske utøvarane. Skipresidenten peikar på den norske kollegaen sin, Erik Røste.
– Det er tydeleg at i Noreg vart heile stormen mot oss starta av eit medlem i FIS-styret. Frå hans side var dette feil og feilaktig. Han oppmoda idrettsutøvarar til å nekte å konkurrere med russarane, seier Välbe med eit tydeleg stikk til Røste som sit i FIS-styret.
Avtroppande skipresident Erik Røste er ikkje spesielt imponert over påstanden til sin russiske kollega. Han meiner at Välbe fordreiar historia.
– Dette handlar om at Russland har gått til invasjon av Ukraina og påfører det ukrainske folket ufattelege lidingar og store øydeleggingar. Det Russland no gjer er eit brot på folkeretten som vi ikkje har opplevd sidan andre verdskrig. Dette er heilt ekstraordinært og krev då ekstraordinære tiltak, seier han og held fram:
– Ei samla internasjonal idrettsrørsle har derfor bestemt at russiske utøvarar ikkje skal få delta i internasjonale konkurransar. At norske utøvarar som alle andre reagerer kraftig på det som skjer, er derfor heilt naturleg, og sjølvsagt ikkje eit resultat av at nokon har pålagt dei å meine noko.