– Påtalenemnda konstaterer at Domsutvalet i det vesentlege har vore einig i nemndas vurderingar, og at ein reduksjon med en måneds utestenging ikkje har vesentleg betydning for handhevinga av dopingreglane, seier prosessfullmektig Niels R. Kiær i ei pressemelding.
– Dommen reiser ingen tvil om korleis dopingreglane skal forståast eller handhevast. Derfor har vi bestemt oss for å ikkje anke, utdjupar Kiær overfor NRK.
I førre veke blei Therese Johaug dømd til 13 månaders utestenging for stoffet clostebol, som ho hadde fått i seg gjennom bruk av ein krem til bruk mot sår på leppene.
Antidoping Norge hadde i utgangspunktet innstilt på utestenging i 14 månader, rekna frå 18. oktober i fjor.
I går sa ho sjølv at ho ikkje ville anke dommen.
– Dommen slår fast at idrettsutøvarar har ei strengd plikt til aktsemd, og at dette i endå større grad gjeld idrettsutøvarar, seier Kiær.
– Er de nøgde med dommen?
– Ja, i den forstand at domsutvalet har vore samde med oss i det vesentlegaste. Det er at nemnda også meiner at utøvaren har vesentleg plikt til aktsemd. Det er det viktigaste med dommen, seier Kiær.
Men både det internasjonale skiforbundet, WADA og IOC kan framleis kome til å anke dommen.