NRK Meny

Johaug reiser ikkje til Italia

Therese Johaug har gitt beskjed om at ho likevel ikkje blir med landslaget til høgdeopphaldet i Val Senales i Italia i neste veke.

- Ho treng fred, og det er derfor best for henne å trene heime. Derfor reiser ho ikkje til Val Senales med landslaget.

– Therese har hatt ei tung tid, seier hennar advokat Christian Hjort til NRK.

Therese Johaug
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Siste nytt

  • Han kan smile for siste plassen

    FC København slo AGF 4-1 og tok Danmarks siste plass i kvalifiseringa til europaligaen neste sesong.

    Ståle Solbakkens klubb redda dermed årets sesong frå nærmast katastrofe, og kan framleis skryte av å ha vore i europa-kvalifisering kvart år sidan 2001.

    Ståle Solbakken
    Foto: Anders Kjærbye / NTB scanpix
  • Chris Froome vann og leiar

    Chris Froome stakk åtte mil før mål og vann dagens fjelletappe i Giro d'Italia med tre minutts margin. Han overtok også leiartrøya frå Simon Yates som kollapsa totalt.

    Froome leier no med 40 sekund på Tom Dumoulin som no er nr 2.

    Rittet blir avslutta søndag.

    Chris Froome
    Foto: LUK BENIES / AFP
  • Ruud møter Jordan Thompson

    Casper Ruud skal møte australske Jordan Thompson (24) i første runde i Roland Garros-turneringa i tennis. Thompson er rangert som nummer 85 i verda. Kampen går måndag eller tysdag.

    Casper Ruud
    Foto: Vincent Thian / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal