Tysdag denne veka reiste dei to venninnene på ei tre veker lang treningssamling i Aspen, Colorado.
– Så lenge ordninga er lovleg så har vi ikkje noko imot dette, seier landslagstrenar Roar Hjelmeset til NRK.
– Vi ønskjer at Therese har det best mogleg der borte. Dersom Ingvild kan hjelpe Therese i hennar treningsarbeid så må det vere noko som er positivt, seier Hjelmeset vidare, som understrekar at samlinga er i privat regi, og ikkje ein del av landslaget sitt opplegg.
- LES OGSÅ: Johaug: – Det var tøft og det ble tårer
Trent med fleire
Therese Johaug ventar framleis på den endelege dommen frå Idrettens voldgiftsrett (CAS) etter at FIS anka den opprinnelege straffa på 13 månader etter den positive testen på det forbudte stoffet clostebol.
Johaug er i utgangspunktet utestengt fram til 18. november. Og har ikkje lov til å trene eller konkurrere på landslaget fram til då.
Likevel har 29-åringen trent saman med både Marit Bjørgen - og no Ingvild Flugstad Østberg i karantene-perioden.
– Fleire av landslagsløparane har trent saman med Therese i privat regi, både i Norge og andre plassar tidlegare. Dei er to venninner som ønskjer å reise på ein tur, så det må vere greit, meiner Roar Hjelmeset.
Johaug og Flugstad Østberg har feriert og trent saman fleire somrar på rad, blant anna i italienske Seiser Alm. Denne gangen vel dei eit litt lengre reisemål.
Med på turen er også Johaugs bror, Karstein, som la ut dette biletet frå Aspen på Instagram.
Ingen motivasjonsproblem
Aspen er eit verdas mest kjente vintersportstader. Men langrennskia blir likevel bytta ut med rulleski, sidan sommarsnøen manglar i fjella i Colorado.
Treninga i USA vil hovedsakleg bestå av rulleski, løp og styrketrening, ifølge Hjelmeset, i tillegg til litt ferie.
– Ingvild har gjort mykje bra på trening den siste tida. Ho håpar at ho kan få eit bra opphald. Og at ho kan kombinere ein tur til Aspen med litt andre opplevingar, og ikkje berre trening, seier Hjelmeset.
– Kva inntrykk har du av formen til Therese Johaug?
– Eg har ikkje så store ønskjer om å seie så mykje om Therese. Ho gjer nok jobben som skal til. Det er vi hundre prosent sikre på. Og så er vi glade når ho kjem tilbake på landslaget. Og at vi kan følgje med på det ho skal gjere framover, og sjå kva slags form ho er i, seier Hjelmeset.
Ingvild Flugstad Østberg var så skuffa under fjorårssengen at ho ei stund vurderte å legge opp.
– Det ho gjer på trening ber iallefall ikkje preg av at ho har dårleg motivasjon, seier Roar Hjelmeset.