Siste nytt

  • Odd tilbake på tredjeplass

    Odd slo Stabæk 2-0 og tok tredjeplassen på tabellen tilbake, med like mange poeng som Molde.

    Begge måla kom etter samarbeid mellom Elbasan Rashani og Espen Ruud. Rashani scora etter 27 minutt, Ruud etter 77.

     Stabæk – Odd
    Foto: Vidar Ruud / NTB
  • Ødegaard startar for Real

    Martin Ødegaard får sin første start for Real Madrid i kveld, når laget møter Real Sociedad borte.

    Det er arenaen som var hans heimebane i førre sesong, då han var utlånt til nettopp Sociedad.

    Kampen startar kolkka 21.00.

    Martin Ødegaard
    Foto: Heiko Junge / NTB
  • Mållaust i Sandefjord

    Verken Sandefjord eller Strømsgodset makta å score i kveldens eliteserie-møte. Første omgang var nærmast utan sjansar, men etter pause var Godset nærmast scoring då Johan Hove trefte tverrliggaren.

    Sandefjord-Strømsgodset
    Foto: Terje Bendiksby / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal