NRK Meny
Normal

Øyre Slind: – Det er så uverkeleg, har eg juksa?

BEITOSTØLEN (NRK): Therese Johaug var suveren - men det alle snakka om på Beitostølen var oppdalsjenta Kari Øyre Slind som nok ein gong overraska.

På pallen med stjernene

PÅ PALLEN: Kari Øyre Slind trudde nesten ikkje på det ho såg da både Astrid Uhrenholdt Jacobsen og Heidi Weng gjekk inn bak ho på dagens 7,5 kilometer fri på Beitostølen.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Eg trur nesten det ikkje er sant. Det er så uverkeleg.

Kari Øyre Slind har akkurat gått inn til sitt livs løp for andre dag på rad. I går blei ho nummer tre i klassisk – i dag er det berre Therese Johaug som er betre enn ho i landet på 7,5 kilometer skøyting.

Johaug vann

SUVERENE JOHAUG: Therese Johaug tok igjen både Heidi Weng og Astrid Uhrenholdt Jacobsen ute i løypa. Til slutt var det Kari Øyre Slind som var nærmast.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Håpar på verdscup

– Det her skulle jo berre vere nokre treningsløp for meg. Så plutseleg får eg to palløp. Det er heilt vilt. Har eg juksa eller noko? ler Øyre Slind.

Men det er ingen stjerne ved namnet til Kari Øyre Slind og ingen snarvegar er tatt for den tidlegare juniorverdsmeistaren som har slitt med skader og sjukdom dei siste åra.

– Det står jo folk rundt heile løypa, så dei hadde vel sett det om eg hadde juksa, flirer Slind igjen.

– Det kan bli spennede framover for deg nå?

– Ja, det kan sjå slik ut. Eg høyrer folk snakkar om Kuusamo, men sjølv har eg ikkje tenkt så langt. Men sjølvsagt det kan jo bli jækla spennande med ei lita reise.

Intervju med Kari Øyre Slind. Reporter: Ida Nysæter Rasch.

Jacobsen: – Ho er ein råtass

Tidlegare har Øyre Slind berre gått verdscup på nasjonal kvote, men nå er nok 24-åringen som går for Team Veidekke Trøndelag heilt klart kvalifisert for internasjonale oppgåver i Kuusamo om to veker.

Sjølv skal ho iallfall sørgje for å ha på mobilen.

Kari Øyre Slind tok en tredjeplass i sesongåpningen på Beitostølen

JUBEL: Kari Øyre Slind jubla i sola i går for tredjeplass og enda meir i dag i snøvêret og andreplass.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Eg er ikkje så god på å ha med mobilen, med det skal eg eg sørgje for nå.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen som hamna nokre små sekund bak på tredjeplassen meiner Øyre Slind er ein råtass og er imponert over at ho aldri gjev seg. Heidi Weng er like imponert.

– Det skal eg ta med meg. Det er artig at Astrid ser på meg som ei som ikkje gjer seg.

Intervju med Heidi Weng og Therese Johaug. Reporter: Ida Nysæter Rasch

Siste nytt

  • Uavgjort i Leicester

    Leicester utlikna ti minutt før slutt og spela 1-1 mot West Bromwich i Premier League i kveld. Nacer Chadli gav WBA leiinga midt i andre omgang, og det var Riyad Mahrez som utlikna for heimelaget.

    Leicester er dermed framleis på tredje siste plass i ligaen.

    Riyad Mahrez
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters
  • Bakelants ute av intensiven

    Den belgiske sykkelprofilen Jan Bakelants, som brakk to ryggvirvler og sju ribbein i en stygg velt nylig, er på bedringens vei.

    Mandag ble 31-åringen flyttet ut av intensivavdelingen, tre dager etter at han gjennomgikk en ryggoperasjon.

    Han fikk skadene da han veltet stygt i en utforkjøring under Giro di Lombardia nylig.

    Jan Bakelants
    Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters
  • Malmö blei svensk meister

    Med 3-1 borte over Norrköping forsvarte Malmö FF seriegullet frå i fjor og sikra årets svenske meisterskap tre rundar før slutt.

    David Moberg Karlsen gav heimelaget tidleg leiing. Men Carlos Strandberg, Lasse Nielsen og Anders Christiansen scora for Malmö i andre omgang.

    Malmö-jubel
    Foto: Björn Lindgren/TT / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal