Det tradisjonsrike Skarverennet på 37 kilometer frå Finse til Ustaoset gjekk under svært krevjande værforhold og bydde på motvind, regn, tåke og trått føre.
Det tok likevel ikkje lange tida før Johaug viste musklar og sa takk for følget. Men det var ikkje berre sin lagvenninne, Ingvild Flugstad Østberg og Astrid Uhrenholdt Jacobsen, knuste.
Ho fekk 31 beste tid av alle og slo Petter Northug med rundt fem minutt. To sekund bak Northug følte skiskyttaren Vetle Sjåstad Christiansen.
Dette var den abdiserte skikongen sitt siste renn.
Kom i privatfly
Simen Hegstad Krüger vann herreklassen på tida 1.51.18. Han slo Thomas Bucher-Johannessen med eit sekund i eit spurtoppgjer. Martin Johnsrud Sundby kom inn som 11. mann, 2.15 bak vinnaren. Vebjørn Turtveit tok 3.-plassen i herreklassen.
Northug fekk 39.-plass i herreklassen og var rundt eit kvarter i mål bak vinnaren Krüger. Ifølgje sin eigen Instagram kom Northug til Skarverennet i privatfly.
Therese kom i mål på tida 2.01.55 som var 10 minutt og 27 sekund bak vinnartida i herreklassen.
I mål var differansen ned til toar i kvinneklassen, Kari Øyre Slind, åtte minutt og 31 sekund.
Mare Mæhlum Johansen tok 3.-plassen i kvinneklassen.