NRK Meny
Normal

Johaug: – Alt tyder på norsk siger no

Therese Johaug leverte ein botnsolid klassisk 5-kilometer, og må no hente inn 23,8 sekund på leiande Astrid Uhrenholdt Jacobsen opp «monsterbakken».

Intervju med Therese Johaug etter dagens seier på fem kilometer.

– Sjølvsagt håper eg på å gå først over målstreken, men eg veit at Astrid er i god form. Vi veit aldri kva som kan skje, men eg har aldri vore så nære som no, seier Therese Johaug etter sigeren laurdag.

Johaug

Therese Johaug gjekk eit svært godt klassisk langrenn laurdag ettermiddag.

Foto: ALESSANDRO GAROFALO / Reuters

Banka alle

Over 5000 meter laurdag var Johaug suveren i italienske Toblach. Ho enda 14,9 sekund framfor neste på lista.

– No ville eg få ut det eg var god for, og følte eg hadde nokre renn der det ikkje hadde vore maks. Eg visste at dette var ein viktig dag for samandraget, og hadde eg kome bakpå i dag kunne det blitt vanskeleg. No er alt ope, meiner Johaug.

– Det blei ein tøff dag, ein skikkeleg fightedag. Fysisk var det ikkje ein knalldag, men fy søren eg vil - og det tel mykje. Eg er fornøgd med viljen og har gode ski, men det er litt stussleg vêr, seier Uhrenholdt Jacobsen.

Oslo-jenta leiar framleis i samandraget, og jobba seg inn til ein sterk andreplass laurdag. Like bak følgde tre finske jenter i Anne Kyllönen, Kerttu Niskanen og Krista Lähteenmäki. Heidi Weng gjekk inn til sjetteplass, 22,9 sekund bak.

Uhrenholdt Jacobsen og Johaug

På 15 kilometer fristil fredag var Astrid Uhrenholdt Jacobsen best. Laurdag var det Therese Johaug som var kvassast.

Foto: ALESSANDRO GAROFALO / Reuters

– Men vi skal gå først

Før siste etappe, opp «monsterbakken» i Val di Fiemme, er Johaug storfavoritt. Dei siste åra har ho vore svært sterk på den avsluttande etappen.

– Fokuset mitt er på å kome meg opp bakken, så får vi sjå kven som dreg det lengste strået. Men alt tyder på at det blir norsk siger no, så det skal vi vere fornøgd med, smiler Johaug, før ho kjapt legg til:

– Men vi skal gå først, vi skal ikkje ta noko på forskot.

Ingen norsk løpar har tidlegare vunne Tour de Ski. Før den avsluttande etappen er moglegheitene for siger gode i både dame- og herreklassen - der Martin Johnsrud Sundby går ut før Petter Northug.

Saka held fram under videoen.

Intervju med Astrid Uhrenholdt Jacobsen som kom på andreplass på dagens fem kilometer. Oslo-jenta leder Tour de Ski med 23,8 sekunder før det siste rennet i "monsterbakken".

Både grur og gler seg

Astrid Uhrenholdt Jacobsen veit at det fort blir tøft å halde unna for Johaug.

– 23,8 sekund er ikkje så mykje det. Men eg får æra av å gå ut først i morgon, og det er stort for ei Oslo-jente som meg.

– Eg reknar med at eg får besøk av Therese opp bakken. Vi prata om det i dag tidleg, då vi var ute og jogga, at no skal vi søren meg få ei norsk jente først opp til toppen. Det trur eg vi skal klare, seier Uhrenholdt Jacobsen til NRK.

Sjølv er ho fornøgd med å gå mange gode, jamne skiløp for tida. At det går bra på både klassisk og i fristil er òg tryggande før OL.

– På éin måte har eg overraska meg sjølv litt, men eg har venta på det også. Det er veldig gøy, slår ho fast.

– Gler eller grur du deg mest før morgondagen?

– Eg vil nok grue meg litt, men eg kjem til å gle meg til å kome i mål og bli ferdig også. Det er ei tveegga etappe. Det gjer vondt som få ting å gå opp, og så er det ei stor lette når ein kjem og veit at ein ikkje berre har fullført slalåmbakken, men faktisk ein ganske lang og tøff fysisk prøvelse, avsluttar Tour de Ski-leiaren.

Det er altså Tour de Ski-leiaren som hadde pakka for ei tidleg heimreise. No skal ho kjempe seg opp alpinbakken i kamp mot lagvenninne Therese Johaug.

Therese Johaug vant dagens fem kilometer i Tour de Ski. Johaug gikk rennet 14,9 sekunder raskere enn nærmeste konkurrent som var Astrid Uhrenholdt Jacobsen. Se innspurten her.

Therese Johaug var suveren over fem kilometer laurdag ettermiddag. No ventar den svært bratte avsluttande etappen.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel