Hopp til innhold

Johaug annonserte karriereslutt – no måpar eksperten over forvandlinga

Sekunderingsklokka fekk feilmelding av den store avstanden Johaug skapte i sporet under tremila i NM. No meiner ekspert at ho aldri har vore betre, og Johaug veit kvifor.

Split Johaug

BETRE TEKNIKK: Ekspert Fredrik Aukland meiner Therese Johaug har forbetra den klassiske stilen etter at ho sa skulle legge opp. Han trekk fram renna i Ruka (t.h) i 2021 og NM i Harstad førre helg som to døme på skilnaden.

Foto: Terje Pedersen, Torstein Bø / NTB

NRK-ekspert Fredrik Aukland meiner Therese Johaug aldri har vist seg frå ei betre side enn etter at ho annonserte at ho skulle legge opp.

– Det vi såg av ho i NM, vitnar om at ho er betre enn ho nokon gong har vore. Ho verkar avslappa og går teknisk veldig godt på ski, seier Aukland til NRK.

Etter tremila i Harstad vann Johaug med tre minuttar og 50 sekund til nummer to på lista, Margrethe Bergane, og den tida trur eksperten resulterte av to ting.

Johaug har fleire skirenn igjen denne sesongen. Laurdag skulle ho stilt til start i det NRK-sende Ski Classics-rennet Reistadløpet, men skistjerna meldte forfall i siste liten på grunn av ein ankelskade.

Store skilnadar

Aukland er overraska over det tekniske nivået langrennsdronninga har vist i dei siste konkurransane. Ein teknikk han ikkje har sett Johaug bruke før.

– Ho har bokstavleg talt senka skuldrene. Det speglar seg i måten ho går teknisk på ski, med fleire rolege og kontrollerte rørsler, og det flyt veldig godt. Det har vore litt av utfordringa til Therese, at når ho blir stressa fell teknikken saman, seier Aukland.

Fredrik Aukland i mixed-sone

OVERRASKA: Fredrik Aukland.

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Han meiner at den inngangen, i lag med ein svært god fysisk form, har gjort at ho løyser dei tekniske oppgåvene på ein heilt annan måte enn før.

– Ho løyser dei kanskje betre enn nokon gong, seier han.

– Korleis ser du det?

– Skuldrene i diagonalgong er lågare. Ho tek seg tid til å stå på skia før ho sparkar ifrå, slik at heile kroppstyngda blir flytta frå ski til ski. Det gjer at timinga for alle rørslene blir riktig. All kraft blir sett i gong samtidig, og ikkje sløsa vekk med at det blir rørsler opp og ned, men i fartsretninga, forklarer han entusiastisk.

Han konkluderer med at annonseringa av pensjonering er årsaka til den gode teknikken.

– Det er nok ein kombinasjon av mental tilstand kombinert med at ho er i veldig god fysisk form. Ho får ikkje den formduppen som mange andre får. Ho er så godt trent at ho kan halde god form ut heile sesongen, seier han.

Då langrennsdronninga får høyre om Aukland sine utsegn, får det ho til å tenkje.

Ei anna kjensle

Johaug stemmer i at ho har fått ein anna ro i kroppen etter at ho annonserte at ho skulle legge opp, og at den avslappa tilnærminga har bidrege til den gode, tekniske gåinga.

– Eg føler det er litt slik. Det er noko med det at då ein seier at ein skal gi seg, så kan ein lære å senke skuldrene litt òg. Det kostar meg ingenting å reise rundt og gå skirenn. Eg gler meg til kvart renn som kjem, for eg veit at dei blir det siste. Det er viktig å nyte òg, seier ho.

Therese Johaug jubler etter at hun gikk inn til seier på 30 km fri teknikk for kvinner under NM på ski

JUBEL: Therese Johaug etter nok ein seier, denne gongen under NM i Harstad.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Men før start verkar du framleis like skjerpa og innbiten som før?

– Ja, det er klart. Ein har jo innarbeida seg runtiner opp gjennom mange år. Ein veit kva ein går til og veit kva ein skal gjere. Ein må prøve å ta vare på dei rutinane, seier ho vidare.

Johaug er ikkje einig i at tida ned til nummer to på tremila, vitnar om at ho aldri har vore betre enn ho er no.

– Det er jo tremil som er mi aller beste øving, og den distansen eg har vunne mest i internasjonalt òg. Når det blir såpass lang løpstid som det blei, så blir jo avstanden stor, seier ho.

Johaug har nokre skirenn igjen denne sesongen. Laurdag skulle ho stilt til start i Ski Classics-rennet Reistadløpet, men det NRK-sende rennet går utan ein ankelskadd Johaug.

Les også: Krüger og Holund knust av sønnen til fysioen: – Ingenting gleder meg mer

Sportsnyheter

Premier League - Liverpool v Crystal Palace

Klopp ut mot stjernesigneringen: – Ikke sånn han bør oppføre seg

Darwin Núñez (23) fikk en skrekkdebut hjemme på Anfield: Storsigneringen mistet hodet og skallet ned danske Joachim Andersen da Crystal Palace fikk med seg ett poeng. Nå venter en alvorsprat med Jürgen Klopp.

Situasjonen gjorde NRK-Post redd: – Man skal være heldig om ingen løper på deg

Jakob Ingebrigtsen hadde få problemer med å ta seg videre på 1500-meterforsøket i EM, men det kunne fort blitt svært dramatisk.

Siste nytt

  • Collina oppfordrer VM-dommerne til å ikke bruke teknologi

    Både VAR og halvautomatisk offside-system er tilgjengelig under fotball-VM i Qatar. Likevel ønsker Fifas dommersjef, Pierluigi Collina, at det ikke skal brukes.

    – Vårt mål er å forberede dommerne best mulig for å unngå å bruke teknologi, men teknologien er der for å redusere mulighetene for menneskelige feil som kan påvirke utfallet av en kamp, sa Collina.

    Italieneren har advart VM-dommerne om å bruke teknologien de har tilgjengelig under mesterskapet. Dommersjefen ønsker at det kun skal benyttes som en siste utvei.

    – Selv den beste dommeren kan gjøre en feil; de er mennesker de også, og det vet vi, fortsatte han.

    VAR vil være tilgjengelig i turneringen sammen med et semi-automatisert offside-system, som sender et signal direkte til dommerne i VAR-bussen om det skulle være offside. (NTB)

    SOCCER-WORLDCUP/REFEREES
    Foto: TATYANA MAKEYEVA / Reuters
  • Smitte i den norske troppen – Ertzgaard ute av EM

    EM-uttatte Lakeri Ertzgaard har testet positivt for korona og mister dermed mesterskapet i München.

    Friidrettsforbundets lege, Ove Talsnes, sier de har hatt strenge smittevernregler under hele EM, men at det er tilnærmet umulig å gardere seg 100 prosent.

    Ertzgaard var tatt ut til det norske laget på 4x400 meter stafett. Hun løp også førsteetappen av stafetten under VM i Eugene, der også Linn Oppegaard, Elisabeth Slettum og Amalie Iuel løp.

    – Vi opprettholder det strenge regimet og poengterer viktigheten av håndhygiene, munnbind og avstand i alle situasjoner, sier Talsnes i pressemeldingen.

    Verdensmesterskapet i friidrett 2022
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Thomsen på 9.-plass i EM-finalen i kule

    Marcus Thomsen (24) fikk det ikke til å stemme i mandagens kulefinale i friidretts-EM i München. Han ble nummer ni etter et lengstestøt på 19,91 meter.

    Vossingen kom seg aldri over 20 meter. Han åpnet med 19,36 før hans beste resultat kom i andre omgang, mens det ble et dødt forsøk i den tredje.

    Thomsen måtte ha fått til bedre enn 20,01 for å bli blant de åtte som fikk være med videre i finalens tre siste omganger.

    Tidligere på dagen havnet han på 8.-plass med 20,32 som bestenotering i kvalifiseringen.

    Forrige måned ble Thomsen nummer ti i VM-finalen. Der var hans lengste støt på 20,66 meter. Han har 20,89 som sesongbeste og en personlig rekord på 21,09. (NTB)

    EM friidrett 2022 i München
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 52 klipp
Sport
Spiller nå
Her stagediver Vetle Sjåstad Christiansen etter den fjerde Blink-seieren 00:55
Neste