– Det er berre tullprat. Eg er lei av å høyre folk meine det eine og det andre om det der, seier Stefan Johansen til NRK.
Celtic-spelaren siktar til kva samstemte fotballekspertar meinte om Martin Ødegaard etter 2-0 sigeren over Finland i går.
– Han er meir enn god nok
– Eg synest det er greitt at han får ro og fred kan spele på U21-landslaget der han kan hevde seg enda meir, meinte NRKs fotballekspert Karl Petter Løken.
– Det er betre for han å møte nokon av Europas beste U21-landslag, sa TV2-ekspert Jahn Ivar «Mini» Jakobsen.
Det er ikkje Norges midtbanesjef einig i.
– Ja, han har ikkje fått ut potensialet i kampar, men at han ikkje er god nok? Eg ser han på trening kvar einaste dag og han er meir enn god nok til å vere her. Viss folk ser på treningane, så har han herja der, fortel Johansen.
Sjølv syntest Ødegaard gårsdagens kamp var frustererande.
– Eg følte det var vanskeleg utpå der. Me sleit å få i gang spelet og da er det vanskeleg å involvere seg mykje, så det var litt frustrerande, sa Ødegaard til NRK etter kampen.
Stefan Johansen er uansett heilt sikker på at hans gamle lagkamerat frå Strømsgodset blir ei stjerne i framtida og at kampar med A-landslaget kan hjelpe han på vegen.
– Folk må kunne sjå at han er 17 år, og det er ikkje han som skal bere landslaget. Han er i ein av verdas beste klubbar, og han er på mange måtar den største profilen me har. Eg trur han lærer utruleg mykje av å vere med landslaget og få kampar. At han vil bli ei stor stjerne i framtida, er eg 100 prosent sikker på.
Meiner Ødegaard blir hausa opp
Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal deler oppfatninga til Johansen.
– Me hausar opp Martin Ødegaard. Han er 17 år og me trur han skal gjere ting som Messi gjer, seier Rekdal.
Johansen trur ekspertane gløymer at det ikkje er Ødegaard som skal styre landslaget framover.
– Me må me hugse på at han berre er 17 år. Da skal du vere ein del av eit lag og nyte fotballen, det er dei eldre som skal drive det fram, konstaterer Johansen.
Per Mathias Høgmo ville ikkje kommentere landslagsframtida til Ødegaard etter kampen.
– Eg vil ikkje gå inn på enkeltspelarar her og nå, og heller ikkje Martin. Me skal gjere ein grundig evaluering av det me har vore igjennom, sa Høgmo etter kampen.