Johannessen nærmer seg OL

Golfaren Kristian Krogh Johannessen nærmar seg ein OL-plass, etter at Wu Ashun ikkje klarte cuten i siste kvalifiseringsturnering.

Wu enda på 70.-plass etter dag to, og får dermed ikkje vere med vidare i turneringa. Viktor Hovland har tidlegare sikra seg ein OL-plass i golf for Noreg.

Krogh Johannessen
Foto: Morten Stenberg / NRK

Sportsnyheter

Sommer-OL i Tokyo 2021

Sølvvinneren rennes ned av meldinger – Rodal måtte felle en tåre

TOKYO/OSLO (NRK): Sleggekaster Eivind Henriksens OL-sølv rørte mange. Én av dem var friidrettslegenden Vebjørn Rodal.

Siste nytt

  • Rugby-VM utsett til neste år

    VM i rugby er utsett i eitt år som følgje av at både Australia og New Zealand har trekt seg. Dei vil ikkje reise til England på grunn av pandemien.

    Det er dei engelske arrangørane som melder dette i dag. Dei tek ikkje sjanse på å gjennomføre eit VM utan dei to rugby-stormaktene. Australia er regjerande verdsmeister.

    VM skulle etter planen vore arrangert i England i oktober-november i år, med 16 deltakande nasjonar.

    VM-finale i rugby 2017
    Foto: Steve Holland / Reuters
  • Krasja i kameramann - best likevel

    Australske Kieran Wolley kom litt ut av kurs og braste rett inn i ein kameramann i rullebrettkvalifiseringa i OL.

    Kameramannen fekk Wolley overraskande i fanget, men greidde å halde roen, og fekk filma det heile på veldig nært hald, skriv Daily Star. Han viste tommel opp til Wolley like etter kollisjonen, skriv Huffington Post.

    Ingen av partane kom til skade.

    Trass kollisjonen fekk Wolley omgangens høgaste poengsum. 82,69 poeng sende han til finalen som nummer to i si kvalifiseringsgruppe. Der blei han nummer fem, med lågare poengsum enn då han kolliderte med fotografen.

    Gullet gjekk til hans landsmann Keegan Palmer.

    Det er første gongen rullebrett står på OL-programmet. I førre veke blei det konkurrert i greina street skateboard. Denne gongen var det i park skateboard.

    Kieran Wolley og kameramann
    Foto: Lisi Niesner / Reuters
  • Australia rysta USA-stjernene

    USA sleit lenge med Australia i semifinalen i basket, men kom sterkt mot slutten og vann så klart som 97-78. Kevin Durant blei toppscorar med 23 poeng.

    Australia opna sterkt og leia ein perode med 15 poeng. Etter første kvarter stod det 24-18 til Australia. Ved halvtid hadde USA redusert forspranget til 45-42.

    Men andre del av kampen blei ein amerikansk maktdemonstrasjon. Spesielt i tredje kvarter, der dei vann med 32-10, og avgjorde kampen.

    Finalemotstandar blir enten Frankrike eller Slovenia, som spelar sin semifinale seinare i dag.

    USA har teke basketgullet i seks av dei siste sju olympiske leikane. Berre i Athen i 2004 snubla dei.

    Totalt har USA teke gullet i 15 av dei 19 olympiske basketballturneringane som er avvikla. Berre Argentina (2004) og dei no oppløyste nasjonane Sovjetunionen (1988 og 1972) og Jugoslavia (1980) har brote sigersrekkja.

    Kevin Durant
    Foto: Sergio Perez / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal