Hopp til innhold

Overraska trenaren med offentleg utsegn – avslører «hemmeleg» framtidsplan

Johannes Thingnes Bø kjem med ei sjeldan innrømming i eit eksklusivt intervju med NRK. Skiskyttaresset er på offensiven og vil senke legende-rekord.

riUbbjcGYB4

TAR BLADET FRÅ MUNNEN: Johannes Thingnes Bø har store ambisjonar for dei neste to åra som skiskyttar.

Foto: NTB

For første gong sidan sesongslutt har Johannes Thingnes Bø sett seg ned i intervjustolen under Blinkfestivalen i Sandnes.

Berre fire skyteøkter sidan sesongslutt er fasit, men nå er 31-åringen klar for å gripe ny sesong – i kjent stil litt på hælane bak dei andre konkurrentane.

Han er òg klar for å snakke om framtidsplanane, og om korleis han vil toppe ein allereie eventyrleg skiskyttarkarriere.

Men vi startar med det siste først:

– Eg skal innrømme at det langsiktige målet er å ta igjen Ole Einar (Bjørndalen) i talet på verdscupsigrar, seier Thingnes Bø til NRK.

Han fortset:

– Det er eigentleg det som er det store målet for dei neste to åra.

FsB-KkAIzXQ

VIL KNUSE LEGENDA: Johannes Thingnes Bø og Ole Einar Bjørndalen under VM i Nove Mesto.

Foto: NTB

Thingnes Bø, som har vunne verdscupen totalt heile fem gonger, har altså ingen planar om å ligge på latsida heller i år.

I skrivande stund står han notert med 76 enkeltsigrar i verdscupen. Ole Einar Bjørndalen har 94.

Berre i fjor, da han vann verdscupen for tredje året på rad, sikra han seg 12 enkeltsigrar.

Med andre ord – held han det same nivået to sesongar til – vil han kunne senke rekorden til Bjørndalen med god margin.

Les også Fra utestengelse til sensasjonell VM-medalje: – Mitt største resultat i karrieren

Andrejs Rastorgujevs

– Ikkje uttalt det offentleg tidlegare

Frå før har Thingnes Bø allereie tangert sin «rival» i talet på VM-gull. Det skjedde òg under fjorårssesongen da han tok sitt 20. VM-gull på fellesstarten i Nove Mesto.

Ingen har fleire VM-gull i skiskyting på herresida enn den norske duoen.

– Det betyr mykje. Han er eit ordentleg idol, så å ha same tal som han er stort, sa Thingnes til NRK den gongen, om talet han aldri skulle oppnå.

Men nå ønsker han å bli større enn «idolet» sjølv. Ei utsegn som overraskar Egil Kristiansen.

– Han har nok ikkje uttalt det offentleg tidlegare, seier landslagstrenaren til NRK og held fram:

– Det skal bli interessant å sjå om han klarer det. Han har absolutt moglegheiter.

For før har det blitt meir prat mellom linjene, påpeikar Kristiansen, som samtidig meiner det er bra at Thingnes Bø set seg høge målsettingar.

KQgj2jdwlBA

GIR STØTTE: Egil Kristiansen meiner det er bra Johannes Thingnes Bø, som har vunne verdscupen heile fem gonger, set seg høge mål.

Foto: NTB

– Vi får sjå om han klarer det før han legg opp, seier han:

– Det er ei tøff målsetting.

– Veldig brå avslutning

Men skiskyttaresset, som blei tobarnspappa i fjor, har så langt inn i sommar styrt unna tanken om rekordar.

Verdscuptrofeet han vann i Canada har han verken sett, eller tenkt på, sidan han landa på Oslo lufthamn.

– Korleis har ein typisk kvardag sett ut for deg sidan sesongslutt?

– Det er ei veldig brå avslutning frå å leve veldig strikt, med tanke på mat, søvn, kvile, restitusjon og konkurransar. Hovudet er veldig sentrert på å gjere dei egoistiske tinga, til å slå heilt om, over natta, seier han.

F7BYtqQAWX8

LANGT BAK: Johannes Thingnes Bø under Blinkfestivalen i Sandnes, der han blei nummer elleve på supersprinten og var på vinnarlaget i mixstafetten.

Foto: NTB

– Det skjer automatisk at hovudet berre koplar over på det som skjer heime.

Familielivet har med andre ord vore førsteprioritet.

Det er òg godt kjent i skiskyttarmiljøet at Thingnes Bø har ein heilt unik eigenskap til å skru brytaren på når det verkeleg gjeld. Han klarer òg å skru han av, når det ikkje gjeld.

– Kor viktig er det for deg å få den tida med familien?

– Det trur eg er veldig viktig for alle som får sin eigen familie. Eg merkar at eg klarer å legge vekk skiskytinga, fordi eg ikkje har rom eller tid til å tenke på det. Men før eg fekk barn var eg inne i den bobla heile året.

Thingnes Bø påpeikar at han prioriterer annleis etter at han starta familie. Nå bryt han opp året i bolkar. Noko som både er positivt og sunt, meiner han.

– Eg ser jo absolutt at det kan vere ei belastning, men i ei viss grad må det gi deg meir enn det tar. Eg trur jo på ein måte at ein er enda flinkare til å utnytte tida etter at ein har blitt foreldre, seier han.

Les også Thingnes Bø passerte legenden: – Den verste gule trøya jeg har vunnet

– Har ofra det minste ein må

Thingnes Bø understrekar at han har funne balansen mellom toppidrettslivet og småbarnstilværet.

Noko resultatlistene ikkje motstridar.

Stryningen er ein lett-trent fyr som treng lite trening for å komme i form. Noko som gjer at han kan ta familielivet innover seg i større grad, meiner han.

Det er noko eg er veldig stolt av og glad for at eg kan. Den dagen eg legg opp kan eg sjå tilbake på karrieren å sjå at eg fekk til begge delar. Eg kjenner eg har ofra det minste ein må for å vere med på dette, utdjupar han.

Men førre veke starta sesongen for alvor med Blinkfestivalen i Sandnes, og Thingnes Bø fekk dei svara han forventa seg. Sjølv om trenaren var skeptisk i forkant.

EUEpjXesImY

TOBARNSFORELDRE: Johannes Thingnes Bø og kona Hedda Dæhli Bø tilbake i 2019. Saman er dei foreldre til sonen Gustav og dottera Sofie.

Foto: NTB

– Eg trur nok at han får seg eit sjokk, sa Kristiansen til NRK, før renna.

Men Thingnes Bø, har ifølge seg sjølv, full kontroll.

– Eg har kvilepuls på det som har blitt gjort, og det som skal gjerast.

– I mine auge er det da veldig dumt å begynne for tidleg. Da det er mange, mange, månader til snøen ligg, seier han.

Nå har dottera starta i barnehagen og «skiskyttarprinsen» får dermed fem dagar i veka med meir tid til trening på dagtid. Han skal vere med på stort sett alt av samlingar utover hausten.

– Eg ser veldig lyst på den hausten her. Eg har mykje energi og mykje motivasjon. Der folk kanskje er litt leie av å trene, så har eg så vidt begynt, på ein måte, seier ein Thingnes Bø på rekordjakt.

Siste nytt

  • Vålerengas siste hinder før mesterligaen trekkes – svensk lag er minen

    Vålerenga får i dag vite hvilket lag som må beseires over to kamper for at osloklubben for første gang skal få gruppespill i mesterligaen.

    Vålerenga vendte lørdag til 3-1-seier over rumenske Farul Constanta og tok seg videre fra første kvalifiseringsrunde. I avgjørende runde venter på papiret skarpere motstand, men det hjelper at Vålerenga er seedet i trekningen.

    Med sjette beste koeffisient av de 14 lagene slipper Vålerenga de antatt skarpeste motstanderne, som italienske Roma, men svenske Hammarby er en mine blant de useedede lagene når trekningen avvikles fra 13.00.

    Stockholmsklubben er med i Europa for første gang og har dermed svært lav koeffisient. Klubben har seks norske spillere i stallen, samtlige med kamper for Norges A-landslag på merittlista.

    Om Vålerenga unngår Hammarby, ser det lysere ut. De øvrige mulige motstanderne er Anderlecht (Belgia), Servette (Sveits), Mura (Slovenia), Osijek (Kroatia), Celtic (Skottland) og Galatasaray (Tyrkia).

    NM i fotball for kvinner, kvartfinale: Stabæk-Vålerenga (1-5)
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
  • Ruud-fall på ATP-rankingen

    Casper Ruud må se seg passert av Taylor Fritz på den ferske ATP-rankingen. Jannik Sinner har for alvor befestet sin posisjon som verdensener, mens Novak Djokovic nå er nummer fire.

    Serberens tidlige exit i US Open gjorde at han tapte hele 1900 poeng. Dermed er han passert av både Alexander Zverev (2.-plass) og Carlos Alcaraz, som forblir verdenstreer. Djokovic har ikke vært utenfor topp tre på rankingen siden januar 2023. Serberen har vært verdensener i til sammen 428 uker i karrieren. Det er rekord og klart flere enn annenmann Roger Federer (310).

    Øverst på den ferske rankingen troner Sinner i ensom majestet. 23-åringen står bokført med vanvittige 11,180 poeng. Det er et hav foran tyske Zverevs 7075 poeng.

    (NTB)

    U.S. Open Tennis
    Foto: Eduardo Munoz Alvarez / AP
  • EM-vinnerne knuste Sveits med ti mann i 70 minutter

    De spanske EM-heltene kom seg tilbake på seierssporet da de vant 4-1 borte over Sveits i nasjonsligaen søndag kveld.

    Seieren kom på tross av at de måtte klare seg med ti mann i over 70 minutter etter at Atletico Madrid-stopper Robin Le Normand ble utvist etter 20 minutter.

    Før det hadde riktignok Joselu og Fabián Ruiz sikret en 2-0-ledelse for sommerens EM-vinnere.

    Zeki Amdouni skapte spenning i kampen da han reduserte for Sveits fire minutter før pause, men det fikk lite å si da Ruiz og Ferrán Torres scoret to mål på tre minutter på tampen av oppgjøret.

    Spanjolene kom fra en skuffende 0-0-kamp borte mot Serbia torsdag. 12. oktober spiller de sin neste kamp hjemme mot Danmark, før også Serbia kommer på besøk tre dager senere.

    Spania vant sommerens fotball-EM i Tyskland, der de slo England 2-1 i finalen. (NTB)

    Spanias landslag i fotball
    Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal