Hopp til innhold

Klæbo mista 100 treningstimar: – Kanskje ei gåve at eg blei sjuk

Sommaren har stort sett gått til andre ting enn trening for Johannes Høsflot Klæbo, som merkar at alderen begynner å tynge han.

Klæbo

TURBULENT SOMMER: Johannes Høsflot Klæbo er eit godt stykke unna toppforma, men stiller til start i dei tre siste renna i Toppidrettsveka.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Sjukdom og skadar har prega mykje av det siste året for Johannes Høsflot Klæbo.

27-åringen vann 16 verdscuprenn førre sesong, men blei likevel berre nummer to samanlagd etter at sjukdom prega sesongstarten og han måtte stå over Tour de Ski etter å ha fått influensa.

I sommar har ein olbogeskade og ein ny sjukdomsperiode komme i vegen for langrennsstjerna. Ein «dårleg sommar», seier Klæbo til NRK, om forkjølinga som sat godt i kroppen i tre veker.

– Det har vore mykje drit siste året med alt mogleg av greier. Eg begynner å bli eldre eg òg. Eg er ikkje 20 år lenger. Da eg var 20, så var det ingenting som beit. Nå er ein snart 28 år, og nå bit alt, seier Klæbo, som fyller 28 år i oktober.

– Ein må berre vere enda meir kynisk og enda meir smart i val ein tar med tanke på restitusjon. Eg trur det er det som er nøkkelen, seier han vidare.

– Kva er den største forskjellen på 20 år og 28 år?

– Eg merkar at kroppen treng litt meir tid på restitusjon. Samtidig så kjenner eg jo at eg framleis er ung til sinns. Eg håpar det skal hjelpe meg litt på vegen. Eg håpar ikkje det sluttar heilt ennå.

NRK-ekspertene raser etter dette: – Skaper livsfarlige situasjoner

Mista rundt 100 timar

Men trass i problema, er han ikkje berre negativ til sjukdomsperioden, som kom like etter olbogeskaden.

– Da eg fekk den olbogeskaden rett før der, så var det kanskje ei gåve at eg blei sjuk. Da fekk eg tatt det med ro. Den olbogen fekk lækje seg sjølv. Sånn sett så kan det berre vere positivt, seier Klæbo, som også snakka med TV 2 om den trøblete sommaren tidlegare denne veka.

Han opnar òg opp om kor mange treningstimar som gjekk fløyten i løpet av sommaren.

– Eg tippar kanskje 100 timar. Litt i underkant av det. Mellom 80 og 100 timar, seier han.

Det er ikkje timar han har tenkt til å «ta igjen», men som dermed berre gjer at han kjem inn i sesongen med rundt 100 timar mindre i banken.

– Bekymrar det deg?

– Nei, det gjer det ikkje. Det gjer eigentleg ikkje det. Det er lenge til februar, seier Klæbo, som drar til USA på høgdeopphald på søndag.

Tar inspirasjon frå Thingnes Bø

Klæbo stod over langløpet onsdag i Toppidrettsveka, men skal i aksjon torsdag, fredag og laurdag. Både fredag og laurdag skal det konkurrerast i Granåsen, der det er VM om vel eit halvår.

Han omtaler sjølv si eiga form som «dårleg», men tar inspirasjon frå ein annan Johannes. Skiskyttaren Johannes Thingnes Bø er kjent for å ha relativt moderate treningsmengder på sommaren, og snakka nyleg til NRK om at familielivet har vore hovudprioriteten dei siste månadene.

Dei møttest tidlegare i sommar under Tour de France, og Klæbo prøver å hente inspirasjon frå skiskyttaren.

– Eg treng litt meir av hans rolege, lite stressande liv, trur eg. Eg trur han tenker mykje på skiskyting, men eg trur ikkje han trenar så mykje. Det er forskjellen, seier han med eit smil.

PS! Du kan sjå alle renna frå Toppidrettsveka på NRK.

Siste nytt

  • Ruud-fall på ATP-rankingen

    Casper Ruud må se seg passert av Taylor Fritz på den ferske ATP-rankingen. Jannik Sinner har for alvor befestet sin posisjon som verdensener, mens Novak Djokovic nå er nummer fire.

    Serberens tidlige exit i US Open gjorde at han tapte hele 1900 poeng. Dermed er han passert av både Alexander Zverev (2.-plass) og Carlos Alcaraz, som forblir verdenstreer. Djokovic har ikke vært utenfor topp tre på rankingen siden januar 2023. Serberen har vært verdensener i til sammen 428 uker i karrieren. Det er rekord og klart flere enn annenmann Roger Federer (310).

    Øverst på den ferske rankingen troner Sinner i ensom majestet. 23-åringen står bokført med vanvittige 11,180 poeng. Det er et hav foran tyske Zverevs 7075 poeng.

    (NTB)

    U.S. Open Tennis
    Foto: Eduardo Munoz Alvarez / AP
  • EM-vinnerne knuste Sveits med ti mann i 70 minutter

    De spanske EM-heltene kom seg tilbake på seierssporet da de vant 4-1 borte over Sveits i nasjonsligaen søndag kveld.

    Seieren kom på tross av at de måtte klare seg med ti mann i over 70 minutter etter at Atletico Madrid-stopper Robin Le Normand ble utvist etter 20 minutter.

    Før det hadde riktignok Joselu og Fabián Ruiz sikret en 2-0-ledelse for sommerens EM-vinnere.

    Zeki Amdouni skapte spenning i kampen da han reduserte for Sveits fire minutter før pause, men det fikk lite å si da Ruiz og Ferrán Torres scoret to mål på tre minutter på tampen av oppgjøret.

    Spanjolene kom fra en skuffende 0-0-kamp borte mot Serbia torsdag. 12. oktober spiller de sin neste kamp hjemme mot Danmark, før også Serbia kommer på besøk tre dager senere.

    Spania vant sommerens fotball-EM i Tyskland, der de slo England 2-1 i finalen. (NTB)

    Spanias landslag i fotball
    Foto: FABRICE COFFRINI / AFP
  • Ronaldo reddet Portugal med sitt 901. mål i karrieren

    Cristiano Ronaldo scoret mål nummer 901 i karrieren og ble den store helten da han sikret 2-1-seier for Portugal ver Skottland i nasjonsligaen søndag.

    Scott McTominay scoret for Skottand og sendte gjestene i ledelsen etter bare syv minutter, mens Bruno Fernandes utlignet for Portugal etter pause. Ronaldo avgjorde kampen med to minutter igjen.

    Scoringen er Ronaldos 132. scoring for det portugisiske landslaget.

    Nations League - League A - Group 1 - Portugal v Scotland
    Foto: Pedro Nunes / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal