NRK Meny
Normal

Jespersen mot vraking: – Ville ikkje følt meg bra om eg blei tatt ut

Fire mann står i faresonen for å bli vraka til verdas beste landslag. Chris Jespersen har alt gjeve opp håpet om ny landslagskontrakt.

Jespersen i Falun

BLIR VRAKA: Ingenting er avklart ennå, men landslagsplassen til Chris Jespersen heng i ein svært tynn tråd.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Eg har prestert for dårleg og er heilt einig om eg blir vraka. Eg hadde ikkje følt meg bra om eg hadde blitt tatt ut etter ein slik sesong.

Chris Jespersen har mista teljinga over kor lenge han har vore borte frå trening. 32-åringen har berre gått eitt verdscuprenn i år etter å ha fått oppkøyringa og vinteren øydelagt av sjukdom.

Harde diskusjonar

– Om det hadde vore for fem år sidan hadde eg nok fått behalde plassen, men nå som laget har levert så sterkt bør eg ikkje få fortsette.

Da årets sesong blei avslutta i Canada var sju norske herreløparar på topp ti-lista i samanlagtcupen. Ein slik statistikk har det norske herrelaget ikkje vore i nærleiken av sidan 2007 da seks norske var topp ti.

Dermed er dette landslagstuttaket eit av dei vanskelagste i sportssjef Vidar Løfshus regjeringstid.

– Det blir svært krevjande og det blir nok stor usemje internt i leiargruppa. Det er det alltid om dei siste plassane.

Fem mann peikar seg ut som bankers på laget, mens Jespersen, Pål Golberg, Simen Andreas Sveen og Tomas Northug frå sprintlaget, har hatt svakast resultat.

– Dei fire må vente i spenning eit par veker til, seier Løfshus som legg til det ikkje er bestemt kor mange løparar elitelaga vil bestå av.

NRK-ekspert Fredrik Aukland er einig.

– Enkelte kan også ha godt av eit miljøskifte utanfor landslaget, mens andre som har fått færre sjansar vil fortene fornya plass.

– Meir motivert enn nokosinne

Pål Golberg har berre ein 9.plass som best i verdscupen i år og 25-åringen med tre verdscupsigrar er førebudd på at han kan bli vraka.

– Tanken har slått meg, men eg føler eg har dei beste korta på handa av oss fire. Eg håpar på ny ein sjanse og er meir motivert enn nokon gong, seier Golberg som mista to månader med trening i oppkøyringa.

Skuffa Golberg

SKUFFANDE: Pål Golberg har vunne verdscuprenn både på distanse og i sprint dei to siste sesongane. I år er 9.plassen frå sprinten i Lahti det beste resultatet.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Både han og Jespersen er uansett utfall av landslagsuttaket, sikre på at dei skal fortsette satsinga.

Sveen på Lillehammer

SVAK SESONG: Simen Andreas Sveen har hatt to svake sesongar og er den som ligg dårlegast an for å behalde plassen.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Nå er fokuset å finne seg eit nytt lag og eg gler meg verkeleg til å ta fatt på treningsjobben igjen. Eg er ein langrennsgeek og vil fortsette så lenge eg kan forsørge familien med skigåinga.

Men Jespersen med fortid på det private langløpslaget Team United Bakeries, er usikker på om han satsar langløp eller verdscup.

– Eg kjem til å trene mot langløp, men eg vil gå dei renna der eg kan kjempe om sigeren. OL i Pyeoengchang er uansett som det største målet.

Siste nytt

  • Pirrone vant junior-gull i VM

    Elena Pirrone fra Italia vant kvinnenes fellesstart for junior i sykkel-VM fredag. Danske Cecilie Norsgaard Jørgensen sikret VM-sølvet, mens Letizia Paternoster fra Italia tok bronsen. De norske jentene greide ikke å hevde seg i fellesstarten.

    Thale Bjerke var den som hang best med, men hun mistet kjedet med rundt 25 kilometer igjen. Hun endte på 31.-plass med 4.12 minutter opp til vinneren.

    Elena Pirrone
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM-kveld
VM-kveld sykkel-VM
VM-kveld