Jerv-straffe senka Lillestrøm
Etter fem strake tap slo Jerv tilbake med 1–0 over topplaget Lillestrøm heime i Grimstad søndag. Aral Simsir scora målet på straffe etter 65 minutt.
Lillestrøm pressa enormt mot slutten, og svidde eit par eventyrlege utlikningssjansar. Dermed mista dei sjansen til å gå forbi Bodø/Glimt og opp i ryggen på Molde i toppen av tabellen.
Jerv tok sin fjerde siger for sesongen, alle med 1-0. Men trass den overraskande sigeren mot LSK er sørlendingane framleis på klar nedrykksplass.
Lillestrøm-spelarane var ikkje nøgde med dommar Kai Erik Steens avgjerd etter at Iman Mafi blei tildelt straffesparket. Eskil Edh var i duell med Mafi, og LSK-spelarane meinte han fall for lett.
Steen står for straffesparket han tildelte Jerv.
– Jerv-spelaren blir dratt ned/bakover i skuldre/overkropp av LSK-spelar, skriv Steen i ein SMS til VG.