NRK Meny
Normal

- Var den siste som høyrte startsignala

Norske Jaysuma Saidy Ndure klagar på at han ikkje fekk høyre startsignala bak startblokka etter semifinale-exit på 100 meter. – Skandale om VM-arrangøren ikkje har det i orden, seier eks-sprinter John Ertzgaard.

Ndure

Jaysuma Saidy Ndure (nærast i biletet) stara dårleg og leverte ein svak semifinale på 100 meter.

Ndure

Ein skuffa Jays med heat-vinnar Usain Bolt etter semifinalen.

Foto: Cornelius Poppe / SCANPIX

John Ertzgaard

John Ertzgaard.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX
Alt måtte stemme fra start til mål om Ndure, som har sesongbeste på 9.99, skulle ta seg til finalen.

Men i konkurranse med Usain Bolt og Christophe Lameitre blei heatet for sterkt for nordmannen, som kom inn til tida 10.21.

– Gjekk ikkje som planlagd

Vinnaren, Usain Bolt, kom i mål på tida 10.05. Christophe Lemaitre følgde like bak med 10.11.

– Det gjekk ikkje som planlagd. Eg fekk ein dårleg start og måtte jobbe bakfrå, seier Ndure.

Nordmannen blei til slutt nummer fem.

– Rart at arrangøren ikkje har speaker bak kvar blokk

Jays hadde den dårlegaste reaksjonstida ut frå startblokka. Frå startposisjon i bane åtte hevdar nordmannen at det var vanskeleg å høyre startsignala fordi det ikkje var høgtalarar bak kvar startblokk.

– I bane åtte høyrte eg dårleg. Vanlegvis reagerer eg fort, men i dag gjorde eg ikkje det. Vi har ingen høgtalar bak startblokkene, og dermed var eg den siste som fekk høyre startsignala. Det er litt rart, seier Ndure.

Ertzgaard: – Skandale om det stemmer

Eks-sprinter John Ertzgaard, trur Jays kunne vore nær ein finale om han hadde hatt vanleg reaksjonstid.

– Normalt ligg Jays mykje lågare enn 0.210 sekund som han starta med her. Dette var dårleg. Om han hadde hatt vanleg Jays-reaksjonstid ut frå start ville han vore nede mot 10.14 i mål, seier Ertzgaard.

På tida 10.14 kom Daniel Bailey i mål under første heat. Det var akkurat nok til finaleplass for sprintaren frå Antigua og Barbuda.Ertzgaard tek Jays seriøst på skuldingane om at arrangøren ikkje har høgtalarar kvar bak startblokk, men reknar med at slike element er på plass under 100-metrane under VM.

– Om VM-arrangøren ikkje har høgtalaranlegg bak kvar startblokk er det rett og slett ein skandale, seier Ertzgaard.

Til samanlikning hadde Daniel Bailey i bane åtte på første heat 0.153 sekund i reaksjonstid ut frå start. Churandy Martina hadde 0.174 i åttande bane under tredje heat.

  • SJÅ NDURES SEMIFINALE:
Video Jays kom ikke til finalen på 100 m

Jays kom ikkje til finalen på 100 m

– Kom for å gjere jobben - klarte det ikkje

No må han fokusere på 200 meteren etter nedturen.

– Dette var eit bra heat. Eg kom bare for å gjere jobben, det klarte eg ikkje, seier Ndure etter 100 meteren.

Siste nytt

  • Vinduet stengt i Italia

    Etter klokken 20 i kveld kan ikke Serie A-klubbene hente flere spillere denne sommeren. På en rolig siste dag ble det klart at Arsenal-duoen David Ospina og Joel Campbell går til henholdsvis Napoli og Frosinone, Simone Zaza fra Valencia til Torino, mens Diego Laxalt (Genoa) og Samu Castillejo (Villareal) ble presentert som Milan-spillere.

    Klubblegenden Claudio Marchisio er løst fra kontrakten etter 25 år i Juventus.

    Premier League - Arsenal vs Stoke City
    Foto: Hannah Mckay / Reuters
  • Liverpool-stopper klar for Cagliari

    Den tidligere Vålerenga-forsvareren Ragnar Klavan forlater Liverpool til fordel for Serie A-klubben Cagliari. Det bekreftet engelskmennene fredag kveld. Italienerne betaler angivelig drøyt 20 millioner kroner for Klavan.

    Man United Liverpool Soccer
    Foto: Tony Ding / AP
  • Weng slått av 20-åring

    Det ble norsk seier i begge sprintklassene da langrennsløperne fullførte del tre av Toppidrettsveka fredag.

    Vind-løper Mathilde Myhrvold vant A-finalen blant kvinnene foran slovenske Katja Visnar. Heidi Weng knep tredjeplassen.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Toppidrettsveka: Langløp
Toppidrettsveka
NM-veka: NM-kveld