Rune Almenning Jarstein fekk endeleg sjansen på landslaget etter ein sterk sesong i den tyske Bundesligaen. I privatkampen mot Estland i påska stod han solid men blei heller ikkje sett på dei største utfordringane.
Stor keepertabbe
I dag var han tilbake i den tøffe kvardagen i ein av Europas tøffaste seriar. På bortebane mot Borussia Mönchengladbach var landslagskeeperen langt ifrå å halde buret reint.
Jarstein måtte til slutt fem ballar ut av nettet etter at Thorgan Hazard fyrst ga heimelaget leiinga etter 14 minutt etter ein frykteleg tabbe av Jarstein. Nordmannen somla med ballen i beina og spelte den rett til ein Gladbach-spiller som enkelt sendte veslebror Hazard aleine med keeper.
Og etter 1-0 etter fyrste omgang rant det verkeleg inn etter pause. Håvard Nordtveits lag køyrte heilt over Hertha Berlin som også hadde landslagskaptein Per Ciljan Skjelbred på banen gjennom heile kampen. Hahn, Herrmann, Hazard igjen og Traore scora på rad og rekke, og til slutt hadde Jarstein henta ut fem ballar frå nettet.
Alle dei tre nordmennane spelte heile kampen for sin klubb og sigeren gjer at Gladbach på fjerdeplass kutta ned forspranget til tredjeplasserte Hertha. Jarstein og Skjelbreds lag har 48 poeng, mens Nordtveits Gladbach fylgjer berre tre poeng bak.