Hopp til innhold

Vålerenga har løyst keeper-krisa

Otto Fredrikson er klar som Vålerengas kortsiktige løysing på keeper-problemet. Men Rune Almenning Jarstein skal framleis vere interessant som ei meir langsiktig løysing.

Otto Fredrikson likte dårlig å bli satt på benken mot VIF

LØYSINGA: Tidlegare LSK-keeper Otto Fredrikson ser ut til å vere Vålerengas redningsmann i mål.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Med fyrstekeeper Michael Langer ute i opptil seks veker og reserven Lars Hirschfeld på landslagsoppdrag herska det i dag keeper-krise på Valle. Knappe to veker før overgangsvindauget opnar måtte det kome i land ei kortsiktig løysing før bortemøtet mot Odd søndag.

Og i ettermiddag bekreftar klubben på sine eigne heimesider at den løysinga er i Kongsvinger og ber namnet Otto Fredrikson. Den tidlegare Lillestrøm-spelaren kom til 2.divisjonsklubben i vinter og kjem no på lån til Vålerenga.

Utelukkar ikkje Vålerenga

Men som ei langsiktig løysing kan framleis den tidlegare landslagkeeparen Rune Almenning Jarstein som har slitt benken i Hertha Berlin, vere ein moglegheit.

– Eg har eigentleg ingen kommentar til akkurat det. Men eg legg ikkje skjul på at eg ynskjer meg meir spilletid og ein ny klubb, seier Jarstein til NRK.

Han er no på veg tilbake til Berlin etter å ha vore heime i Noreg i ei drøy veke. Keeperen er tydeleg på at han ynskjer å fortsette karrieren i ein utanlandsk klubb, men svarar fylgjande på kva han tenkjer om ein eventuell låneavtale med Vålerenga.

– Eg har ikkje høyrt noko frå Vålerenga. Me får berre sjå kva som skjer framover, men det er klart eg har lyst til å spele, seier keeperen.

Det skal då vere snakk om finske Fredrikson som spelte i Lillestrøm frå 2006 til 2010.

Kan få dispensasjon

Kjetil Rekdal bekreftar også tidlegare i dag ovanfor NRK at Lars Hirschfeld er på landslagsoppdrag. Dermed er det høgst usikkert kven som står i mål i bortekampen mot Odd søndag.

– Me må vente på å få avklart situasjonen rundt Langer. Me jobbar akkurat no med å få ein tilbakemelding på korleis skadesituasjonen er.

Den tyske avisa BZ Berlin skriver at Rune Almenning Jarstein no er aktuell for ein overgang til Oslo-klubben. Slik NRK forstår det kan jakta på den tidlegare landslagskeeparen blir intensivert i løpet av kort tid.

Ser de på moglegheiten for å hente Jarstein no?

– Han er ein god keeper. Eg veit at Hertha har lyst til å sleppe han ut, det er alt eg kan seie om den saka.

Etter det NRK erfarer skal ikkje Jarstein vere aktuell no. Fredrikson vil kome på lån og vere ei kortsiktig løysing.

Det norske overgangsvindauget opnar i utgangspunktet 15.juli, men Vålerenga kan få dispensasjon for dette viss keepersituasjonen er så vanskeleg som den ser ut som no.

Siste nytt

  • Dimitrov feide Alcaraz ut av Miami Open

    Grigor Dimitrov sto for kvartfinalenes overraskelse da han slo førsteseedede Carlos Alcaraz i strake sett i Miami Open.

    Den 11.-seedede bulgareren vant 6-2, 6-4 og satte opp et semifinalemøte med den solide tyskeren Alexander Zverev.

    I den andre semifinalen skal Daniil Medvedev og Jannik Sinner opp mot hverandre.

    (NTB)

    YNP63FKdBtg
    Foto: AFP
  • Wrexham skylder kjendiseierne over hundre millioner

    League Two-klubben Wrexham, som eies av skuespillerne Ryan Reynolds og Rob McElhenney, skylder eierne rundt 9 millioner pund, opplyser klubben. Det tilsvarer drøyt 120 millioner kroner.

    Klubben holder til i Wales og ble kjøpt av skuespillerduoen i 2021. Siden fulgte en sportslig opptur, og laget blir fulgt i den Emmy-vinnende dokumentarserien «Welcome to Wrexham».

    Laget tapte semifinalen i opprykkskvalifiseringen i sesongen 2021/22, men rykket opp til League Two året etter. I skrivende stund ligger Wrexham på tredjeplass, med gode muligheter for å nå minst kvalifisering til League One, tredje nivå i engelsk fotball.

    Torsdag la klubben fram regnskapet for budsjettåret som sluttet i juni 2023. Der går det fram at klubbens omsetning har økt med 75 prosent til rundt 10,5 millioner pund fra 6 millioner pund, men at underskuddet samtidig vokste fra 2,9 millioner til 5,1 millioner pund.

    – Klubben er ikke under noe umiddelbart press for å tilbakebetale lånene på bekostning av framgangen vi ønsker å oppnå, skriver klubben.

    Videre opplyses det at det vil hentes inn ytterligere midler for å støtte opp om framtidige prosjekter.

    (NTB)

    QxUVtmMA_7A
    Foto: AP
  • Tøff start for norske golfere

    Golfprofilen Kristoffer Ventura fikk et tungt comeback på PGA-touren og ligger på 113.-plass etter første runde av Houston Open.

    Etter én ferdigspilt runde i Houston ligger han tre slag over par og ni slag bak Taylor Moore og Wilson Furr, som deler førsteplassen.

    Det gikk ikke bedre for Celine Borge i LPGA-turneringen i Arizona. Borge gikk sin åpningsrunde ett slag over par.

    Det gir en foreløpig 123.-plass, nesten 60 plasser bak den forventede cuten.

    (NTB)

    it7lekDvsTU
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal