Hopp til innhold

Skaka Tyskland – så gjekk desse bileta viralt

Japan overraska mange då dei tok ein historisk siger over Tyskland i opningskampen deira i VM, men det er noko heilt anna japanarane får merksemd for i ettertid.

Japan

RYDDAR: Japans supporterar rydda tribunane på Khalifa International Stadium etter sjokksigeren over Tyskland.

Foto: Annegret Hilse / Reuters / Eugene Hoshiko / AP Photos / NTB

– Desse bileta skildrar det japanske folket, seier Petter Lindgren, forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt og Japan-ekspert, til NRK.

Då dommaren bles av kampen mellom Tyskland og Japan, tok supporterane ein pause i feiringa for å rydde tribunen for søppel – både deira eige og andres.

Tilsvarande skjedde etter opningskampen mellom vertsnasjon Qatar og Ecuador, då dei bestemde seg for å bli igjen og rydde. No går bilete og videoar av japanske supporterar viralt på sosiale medium.

– Japan er eit imponerande ryddig land, og dei er vant til å rydde opp etter seg. Det ligg i ryggmergen deira, seier Lindgren.

WCup Germany Japan Soccer

EIGNE POSAR: Den japanske fansen delte ut søppelsekker for å rydde opp søppel før og etter kamp.

Foto: Eugene Hoshiko / AP

– Dei har respekt

VM i Qatar er ikkje den første meisterskapen der japanarane får merksemd for å rydde. Under VM i Russland for fire år sidan tok Japans supporterar seg god tid til å rydde tribunen etter at landet deira vart slått ut i 16.-delsfinalen.

Ifølgje Lindgren er japanarane svært oppteke av å vere gode ambassadørar for landet sitt. Han trur det er ein av grunnane til at det er så viktig for dei å rydde etter seg.

– Det handlar sjølvsagt også om kultur og respekt. Dei har respekt for stader dei besøkjer, og viser det gjennom å rydde etter seg. Å bidra kollektivt ligg så naturleg for dei, for i Japan er det eit kollektivt ansvar å halde gatene reine, seier Lindgren.

Han held fram:

– Ingen fortel dei at dei skal rydde, det er noko dei berre gjer. Eg vil tru det er snodig for dei å sjå korleis andre nasjonar oppfører seg i det offentlege når det gjeld forsøpling.

Les også Tyskland med sjokktap: – Falt fullstendig sammen

FIFA World Cup Qatar 2022 - Group E - Germany v Japan

Hyller spelarane

Det er ikkje berre supporterane som får skryt for gode haldningar. Fifa la ut eit bilete av garderoben til Japan etter kampslutt på den offisielle Twitter-kontoen sin.

Tweeten har fått over 69.000 likes og har vorte retweeten snaue 23.000 gonger.

– Etter ein historisk siger mot Tyskland på VMs fjerde dag, rydda Japan-fansen opp søppelet sitt, medan det japanske landslaget forlét garderoben på Khalifa International Stadium plettfri. Takk skal de ha, skriv Fifa på Twitter.

Garderoben til Japan etter seieren over Tyskland

SKRYT: Fifa skrytte av dei japanske spelarane for å ha etterlat seg ein ryddig garderobe.

Foto: Skjermdump fra Twitter.com/@FIFAcom

Det amerikanske TV-programmet ESPN FC la ut biletet av garderoben til Japan på si Facebookside, og i skrivande stund har innlegget fått 28.000 likarklikk.

Mange tyr til kommentarfeltet for å hylle japanarane.

– At spelarane ryddar garderoben og brettar kleda før dei dreg overraskar meg ikkje. Det er så naturleg for dei uavhengig om du er supporter eller spelar, seier Lindgren.

Siste nytt

  • Berg sikret skytterne nok en OL-plass

    16-åringen Synnøve Berg imponerte med 3.-plass i finalen i OL-kvalifiseringen i 10 meter luftrifle og sikret dermed Norge kvoteplass i Paris-lekene i sommer.

    Berg var blant fire finalister i kvalifiseringen i Rio de Janeiro som kunne sikre en av to kvoteplasser, ettersom de øvrige fire finalistene – blant dem Jeanette Hegg Duestad – allerede hadde kvoteplass i boks.

    Det ble en spennende finale der Berg slo Duestad og gikk videre til runden som ville sikre henne minst 3.-plass. Hun sto da igjen mot den franske duoen Oceanne Müller og Manon Herbulot.

    Berg ble slått ut før siste runde, men 3.-plassen holdt ettersom Müller også hadde sikret kvoteplass tidligere. Müller vant foran Herbulot med 250,4 mot 249,4 poeng. Duestad ble nummer fire. (NTB)

    vIZOGv1o5NQ
    Foto: NTB
  • Foss fortsatt i ledelsen i Tour of the Alps

    Tobias Foss kom inn sammen med hovedfeltet på den andre etappen i Tour of the Alps tirsdag.

    Nordmannen vant åpningsetappen i rittet mandag og beholder ledelsen i sammendraget etter tirsdagens etappe.

    Den italienske veteranen Alessandro De Marchi vant etappen solo, mens også Patrick Gamper og Simon Pellaud kom inn før feltet.

    Foss ble nummer 13 på etappen, med Torstein Træen like bak på 23. plass.

    Rittet avsluttes fredag.

    Tobias Foss
    Foto: NTB
  • Jonas Vingegaard utskrevet fra sykehus etter skrekkvelten i Baskerland

    Sykkelstjernen Jonas Vingegaard er ute av sykehuset etter den stygge krasjen i Baskerland rundt for tolv dager siden.

    Vingegaards lag Visma opplyser om nyheten på X.

    Vingegaard takker i samme melding for all støtten han har fått siden velten.

    Dansken havnet på sykehus med omfattende skader for halvannen uke siden. i tillegg til kragebeinsbrudd og flere ribbeinsbrudd fikk Vingegaard også påvist punktert lunge og en betennelse i lungevevet.

    27 år gamle Vingegaard har vunnet Tour de France de to siste årene. Nå ser det ut til at den kommende perioden vil handle om å rekke årets utgave av Touren. (NTB)

    Jonas Vingegaard
    Foto: Team Visma-Lease a Bike/X

Sendeplan

Kl. Program Kanal