Jansrud møtte norsk presse med godt humør etter sjukehusbesøket i Vail natt til fredag norsk tid.
Tidlegare på dagen kunne 29-åringen puste letta ut. Skulderskaden han pådro seg då han køyrte i ein port under super-G-rennet torsdag var ikkje så alvorleg som frykta.
– Det var deilig å få det bekrefta, sjølv om eg kjente at smertene avtok på veg til sjukehuset, seier Jansrud.
Spent før viktig test
Det vil likevel ta nokre dagar før verdas beste utforkøyrar er heilt kvitt plagene i venstre skulder.
No står gullkandidaten overfor ei ny utfordring før utforrennet laurdag.
Ikkje bare må han bite i seg smertene på trening dagen før dagen. Med vond skulder må han også takle det første partiet i løypa, som startar bratt men held fram ganske flatt.
Hadde han han vore heilt frisk kunne han ha staka med full kraft for å oppnå fart i det første partiet, men no kan det hende at han må ta det meir med ro.
På trening i dag skal han teste korleis han ligg an.
– Det blir spennande å sjå om eg kan stake på toppen eller ikkje. Om eg kan provosere skuldera eller ikkje. Ifølge legen vår er det ikkje mogleg å stake på seg ei verre skade, så eg får heller tole å ha det vondt, seier Jansrud.
– Kva betyr stakinga i starten?
– Det kan fort bety tapte tidelar. Det er ikkje moro å legge igjen dei etter tre sekund av rennet, seier Jansrud.
– Forskjellen på første og fjerdeplass
Om han ikkje kan stake får han eit handicap, fortel NRKs alpintekspert Kjetil André Aamodt.
– Starten, der du skal stake ut, er heldigvis bratt med ein gang. Men etter kvart flatar det ut. Der hender det at køyrarane skøyter og stakar. Om Kjetil (Jansrud) ikkje kan stake må han bare setje seg i hockey. Så der kan han tape tidelar.
– I ein så marginal idrett kan eit par tidelar vere forskjellen på første og fjerdeplass, seier Aamodt.
Aamodt trur ikkje skulderskaden vil ha noko å seie i resten av løypa.
– Det er aldri ein fordel å ha vondt, men det er fullt mogleg å stå på ski når ein har vondt i skuldera. Spesielt når ein er i konkurransemodus under VM, seier han.
Vil ikkje kvile skuldera
Og nettopp derfor blir det viktig for 29-åringen å prioritere utforgjennomkøyring framfor kvile dagen før rennet han er kandidat til å vinne. 29-åringen må bli vand med å køyre sjølv om det gjør vondt.
– Eg treng ikkje å gjøre det, men eg ønskar å prøve for å kjenne korleis det er å køyre med skulderskaden. Ingen set utfor det fjellet om dei har for vondt til å stå på ski. Eg trur det skal gå bra. Eg får bare akseptere å ha det litt vondt, seier Jansrud.