– På papiret er eg ein av favorittane i to av renna her, så sjansen er jo der, seier ein sikker Jansrud på spørsmål om han kan vinne alle fartsrenn i Kitzbühel.
I tankane har nordmannen mellom anna den første og hittil einaste utfortreninga i den mektige Streif-løypa denne veka.
For to dagar sidan kom Jansrud susande ned isete og enormt bratte terreng i ellevill fart. Tida: Halvsekundet betre enn andremann.
På ærverdige Hotel Tiefenbrunner i alpelandsbyen Kitzbühel møter fartsfantomet frå Vinstra opp med senka skuldre og innrømmer at han mentalt sett aldri har vore meir robust før ei Kitzbühel-helg.
I Austerrike skal OL-vinnaren med fire verdscuptriumfar denne sesongen skremme konkurrentane ein siste gang før VM i USA i februar.
Dette kan Jansrud håve inn
Suksess i sagnomsuste Kitzbühel gir ikkje bare evig legendestatus i alpintsirkuset. Store pengesummar renn også inn på konto til den sterkaste utøvaren.
Til no har Jansrud køyrt inn i overkant av 1,6 millionar kroner i prispengar i verdscupen. Med dobbelttriumf denne helga kan legge på vel ein million kroner til.
Å vinne super-G-rennet gir nær ein halv million kroner i prispengar. Triumf i utforen gir i overkant av 600.000 kr. I tillegg kjem store store bonusar frå sponsorane.
– Det er bra at ein får godt betalt for å drive med ein sport der ein risikerer mykje for å vinne, seier Jansrud, som fortel at han enno ikkje har sjekka kor mange kroner han har køyrt inn denne sesongen.
Bygger skrekk-hopp igjen
Denne helga risikerer utøvarane meir enn i andre renn. Utfor-løypa i Kitzbühel går for å vere den tøffaste og farlegaste i alpintsirkuset.
– I år er det større fart og lengre hopp enn før. På første trening flaug eg nesten 70 meter. Det blir så stort at det går på helsa laus, seier Jansrud.
Også skrekk-hoppet som sendte VM-vinnar Daniel Albrecht i koma er tilbake for første gang på seks år.
I 2009 var sveitsiske Albrecht nær ved å miste livet då han mista kontrollen på siste hopp før mål. Utforkøyraren låg livlaus igjen i målområdet etter eit svev på rundt 70 meter med utgangshastigheit på nær 140 kilometer i timen. Etter tre veker våkna han opp igjen frå koma.
No skal hoppet riktig nok vere meir skånsomt preparert for verdas beste alpinistar.
Men enno er bakken farleg for dei som kjempar om ære og pengar heilt i toppen.
– Favorittane køyrer full gass. Om det er ti utøvarar som kjempar om sigeren blir tre av dei frakta med helikopter til sjukehus, medan tre av dei får maksimal utteljing. Det krev vilje til å risikere om ein skal slå dei som treff hundre prosent.
– Eg kjem til å risikere masse, men må vere litt taktisk oppi det heile. Det er kort veg mellom å bli henta i helikopter og vinne rennet. Eg vil helst vere den som ikkje blir henta i helikopter, seier Jansrud.
Vil helst vinne utforen
29-åringen leier både utfor- og super-G-cupen samanlagt og er vinnarkandidat i begge disipliner før helga i Kitzbühel. Fredag kan han kopiere landsmann Aksel Lund Svindal, som i fjor blei den første nordmannen til å vinne eit super-G renn i Kitzbühel.
Men ingenting er større enn å kopiere Atle Skårdal og bli den andre nordmannen til å vinne utforen.
– Det er det største rennet vi kan vinne i løpet av ein verdscupsesong. Kjetil Andre Aamodt hadde vore brutalt ueinig med meg dersom eg skulle rangere triumfar. Alle triumfar er store, men Kitzbühel-utforen er høgdepunktet for veldig mange. Alle vil vinne. Derfor heng den høgt for for meg også, seier Jansrud, som jagar ny bestenotering på utfortrening torsdag.
Prispengar ved triumf:
- I super-G: 443 000 kr
- I utfor: 620 000 kr
- I kombinasjonen: 443 000 kr
PS: Det amerikanske fartsikonet Bode Miller (37) er på veg tilbake frå skade for å kjempe om VM-medaljar på heimebane. På første utfortrening i Kitzbühel var han heile fem (!) sekund bak Kjetil Jansrud.