NRK Meny
Normal

Jansrud sikra super-G-kula med heimetriumf

Alpintstjerna har vunne fire av dei åtte siste Kvitfjell-renna han har deltatt i. – Heilt vanvittig, seier ekspert Kjetil André Aamodt.

Komm.: Andreas Toft og Marius Arnesen.

TRIUMFERTE: For tredje gang vann Kjetil Jansrud eit super-G-renn på heimebane i Kvitfjell.

29 år etter at Kjetil Jansrud såg dagslys for aller første gang sikra han si første krystallkule i alpintsirkuset.

Best av alt: Samanlagtsigeren super-G-cupen blei sikra med triumf på heimebane i Kvitfjell søndag.

Laurdag ramla han på resultatlista under utforrennet i samme bakke. Med godt resultat kunne han sikre totalsiger i utforcupen, men feila.

– Det var ekstra tungt i går. Eg køyrer framfor heimefansen her. Dei forventar ikkje at eg skal vinne, men dei ønskar å sjå at det skjer. Derfor var det ekstra moro å levere i dag, seier Jansrud.

– Eg har jo eit ønske om at Kvitfjell skal vere min bakke. I dag var den det, legg nordmannen til.

Kopierte Lund Svindal - tangerte Aamodt

For fjerde gang på rad gjekk samanlagtsigeren i super-G-cupen til ein nordmann. Dei tre siste sesongane har Aksel Lund Svindal kjempa til seg kula.

Søndag kopierte Jansrud lagkameraten med sin tredje super-G-siger denne sesongen.

Alpintstjerna vann også sitt tredje super-G-renn på heimebane i Kvitfjell.

– Eg skal kose meg med dette. Det er heilt nydeleg, seier Jansrud.

– No har eg også like mange verdscupsigrar som han her, seier Jansrud og henvender seg til alpintlegenda Kjetil André Aamodt.

Jansrud har seks verdscuptriumfar denne sesongen. Det same klarte Aamodt i 1992/93-sesongen.

Då Jansrud opplyste om dette kontra Aamodt med meir interessant fakta:

Jansrud har vunne fire av dei åtte siste Kvitfjell-renna han har deltatt i.

– I alpintsamanheng er det heilt vanvittig, seier Aamodt.

Det var i Kvitfjell 29-åringen tok sin første verdscupsiger. Den kom i 2012.

Kan bli frårøva utfor-kula

No gjenstår det bare å sikre samanlagtsiger i utforcupen. Der leier han med fattige 20 poeng på austerrikske Hannes Reichelt, som køyrte ut i super-G-rennet søndag.

Reichelt vann Kvitfjell-utforen laurdag og viste at han er i storform før det heile skal avgjerast.

Sesongfinalen går i franske Méribel om to veker.

Dei ti siste vinnarane av super-G-cupen:

2015: Kjetil Jansrud, Norge

Hannes Reichelt

UTFOR-UTFORDRAR: Hannes Reichelt.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

2014: Aksel Lund Svindal, Norge

2013: Aksel Lund Svindal, Norge

2012: Aksel Lund Svindal, Norge

2011: Didier Cuche, Sveits

2010: Erik Guay, Canada

2009: Aksel Lund Svindal, Norge

2008: Hannes Reichelt, Østerrike

2007: Bode Miller, USA

2006: Aksel Lund Svindal, Norge

2005: Bode Miller, USA

PS: Laksefiskar Bjørnar Neteland blei nest beste nordmann i Kvitfjell. Alpint-talentet hamna på 28.-plass.

Siste nytt

  • Bendtner: – Klar til Brann-kampen

    Det ble ingen pinsefotball på Nicklas Bendtner, men Rosenborgs danske stjernespiss skriver på Instagram at han er tilbake til søndagens toppkamp mot Brann. – Vi jobber hardt. Tilbake mot Brann, skriver Bendtner til et Instagram-bilde.

    Bendtner
    Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix
  • Kvinnekombinert inn på VM-programmet

    Kombinert for kvinner blir for første gang VM-øvelse i Oberstdorf i 2021, sammen med lagkonkurranse i hopp for kvinner. Det ble klart på FIS-kongressen i greske Costa Navarino fredag.

  • – Ronaldo tilbudt å betale 140 mill.

    Cristiano Ronaldo skal ifølge avisen El Mundo ha foreslått å betale de over 140 mill. kronene (14,7 mill. euro) han er skyldig i skatt til spanske myndigheter. Ronaldo er beskyldt for å ha unndratt skatt gjennom å bruke skatteparadiser i utlandet i årene 2011 til 2014.

    Spain Soccer La Liga
    Foto: Emilio Morenatti / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal