- Dagens Super-G-renn er utsett til onsdag pga. dårleg vêr!
– Om dei som har sett Asterix og Obelix-filmane ser for seg Obelix - ikkje korleis han ser ut, men kor sterk han er - så er det ganske nært Aleksander, seier Kjetil Jansrud.
22 år gamle Kilde er truleg mest kjent for å ha tryna stygt i verdscupen i Val Gardena i desember.
Og for å ha køyrt gjennom porten i utforløypa to gangar på kort tid. Først i Kitzbühel i fjor, så i OL ein månad seinare.
For Kjetil Jansrud og Aksel Lund Svindal er han kjent som lagets sterkaste.
– Det er ikkje vits i å måle krefter med Aleksander. Han er tøff å konkurrere mot på fysiske testar, i alle fall for meg som er halvt invalid, seier Jansrud lattermildt.
– Kor mykje tar du i benk og knebøy, Aleksander?
– Eg tar vel 210 kilo i knebøy. I benkpress tar rundt 110-120 kilo. Der er eg heilt middels, seier VM-debutanten.
– Ekstrem arbeidsmoral
Men sjølv om Kilde naturleg nok er ganske beskjeden om sin eigen styrke, er Jansrud imponert.
– Det vi på alpintlandslaget løftar skremmer ikkje vettet av nokon. At Aleksander tar 25-30 hang ups og djupe knebøy med store vekter er bra det, men når vi kun trener styrke frå mai til midten av juli blir det ganske imponerande.
– Dei fleste andre når ikkje det nivået han har. Det seier noko om arbeidsmoralen hans. Aleks er ung, men treng ikkje å stresse med å bli sterkare og kan bare konsentrere seg om å bli raskare på ski.
– Dei sterkaste er ofte dei raskaste
Juniorverdsmeister Kilde har nettopp blitt rennklar etter Val Gardena-skaden, som Jansrud trur mindre sterke alpinistar ville slitt meir med å komme tilbake etter.
– For mange andre ville det heilt garantert betydd store kneskader.
I dag køyrer muskelmannen Kilde i VM-løypa i Beaver Creek.
– Eg har ikkje sett meg så store mål. Eg har veldig lyst til å få ein topp 10-plassering i Super-G. Målet er å gjøre det eg har klart å gjøre på trening dei siste dagane, seier Kilde.
Men om 22-åringen etter kvart får fart på skia kan han forvente større resultat, meiner Kildes lagkamerat.
– Dei som ikkje er så sterke kan også køyre raskt på ski, men statistikken fortel at dei ikke køyrer så fort over tid. Ein kan kanskje ha eit bra enkeltresultat, men statistisk sett er dei raskaste også dei sterkaste fysisk. Styrke og fart har ein openbar samanheng, seier Jansrud.