NRK Meny
Normal

Jansrud med ryggsmerter før Kitzbühel-utforen

KITZBÜHEL (NRK): Førehandsfavoritt Kjetil Jansrud droppar arrangørens program for å bli klar til sesongens største utforrenn.

Jansrud of Norway

LANG DAG: Kjetil Jansruds rygg er dårleg før Kitzbühel-utforen.

Foto: LEONHARD FOEGER / Reuters

Ein lang og skuffande dag med to konkurransar enda med ryggtrøbbel for alpintstjerna.

– Ryggen har fått seg ein trøkk. Det er ikkje optimalt. Akkurat no er det litt sårt. Det har jo vore ein ekstremt lang dag i dag, seier Jansrud.

Kvelden før utforrennet i Kitzbühel blir alle deltakarane samla til nummertrekning i alpelandsbyen framfor tusenvis av fans. Det blir utan fartsstjerne Kjetil Jansrud.

– Diverre får eg ikkje blitt med på nummertrekninga. Eg får heller passe på at eg får køyrt utforen i morgon.

– Tull

Jansruds lange dag starta med ein skuffande Super-G. Nordmannen var spådd i toppen, men enda som nummer sju.

Jansrud

STARTA TIDLEG: Kjetil Jansrud enda på ein skuffande sjuandeplass i Super-G før han dro i slalåmbakken for å hastetrene til nytt renn.

Foto: SAMUEL KUBANI / Afp

Like etter rennet dro han i slalåmbakken for å hastetrene til det siste rennet i superkombinasjonen.

Seint på ettermiddagen blei Jansrud til slutt nummer ni etter «overtidsøkta» i slalåmkonkurransen. Resten av kvelden går med til å få ryggen så bra som mogleg til Hahnenkamm-utforen laurdag.

– No har vi brukt mykje av dagen på noko mange sikkert meiner er tull, seier Jansrud og siktar til slalåmen, som han nesten ikkje har trent på etter at han blei meir reindyrka fartskøyrar.

– Kva tenker du om utforrennet no?

– Tenker ikkje meir over det enn eg har gjort andre dagar. Det er ein god sjanse i morgon. Eg må bare starte på nytt, seier Jansrud, som er bekymra over at han ikkje skal få nok søvn.

– Det blir ein sein kveld. Men eg håper eg skal vere utkvilt og klar til i morgon.

Fleire av Jansruds største utforkonkurrentar fekk ein mykje kortare arbeidsdag enn den norske 29-åringen. Både Hannes Reichelt og Christof Innerhofer droppa slalåmen og fekk med det meir kvile før sesongens mest spektakulære utfor.

Skuffa Jansrud: – Føler eg får dårleg betalt

OL-vinnaren er frustrert over resultata han har levert i det siste.

– Det er litt kjipt akkurat no. Eg føler eg får dårleg betalt om dagen med tanke på den innsatsen eg legg ned. Eg må bare få litt mentalt pusterom før eg går til start.

– Oppsummer dagen med eitt ord..

– Lang...., avsluttar 29-åringen.

Siste nytt

  • Nedturen fortsetter for Everton

    Everton sliter både i mesterligaen og i europaligaen. Torsdag gikk laget på et stygt 1-5-tap hjemme for italienske Atalanta. Det var Evertons fjerde tap. Laget har sanket bare ett poeng i turneringen. Det kom i 2-2-kampen mot Apollon Limassol.

    Britain Soccer Europa League
    Foto: Peter Byrne / AP
  • Finaleplassen røk for Ulsrud

    Torsdagens semifinale endte med norsk 3-8-tap for Sverige for Thomas Ulsrud og hans curlingmannskap i EM. Tidligere på dagen hadde Ulsrud & co. sikret seg en plass i OL ved å bli blant de fire beste. Nå blir det spill om bronsen mot Sveits fredag.

    Thomas Ulsrud
    Foto: Jon Eeg / NTB scanpix
  • Torsdagens utfortrening også avlyst

    Torsdagens planlagte gjennomkjøring av utforløypa i Lake Louise måtte avlyses. Arrangøren vil spare på traseen til helgens øvelser. Også onsdag ble utfortreningen avlyst fordi snøen som falt tidligere i uken hadde gjort traseen for bløt.

    jansrud
    Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
V-cup langrenn: Klassisk sprint
Vinterstudio
Vinterstudio
V-cup langrenn: Klassisk sprint, kvinner og menn
V-cup langrenn: Klassisk sprint
V-cup kombinert: Hopp
V-cup kombinert: Hopp
V-cup kombinert: Hopp
V-cup kombinert: Langrenn
V-cup kombinert: 5 km langrenn
V-cup kombinert: 5 km langrenn