– Det står verken «Kjetil» eller «Aksel» på skia bak meg her, seier Aksel Lund Svindal når NRK kjem på besøk inne hos skileverandør Head.
Verken Jansrud eller Lund Svindal har eigne, faste ski, men deler både skipark og servicemann.
Det kan potensielt føre til konflikt mellom kompisane som dominerer i alpinsirkuset.
– Om vi kjem i den situasjonen at begge vil køyre med same skipar er det den som er rangert høgast som får velge skipar først, seier Svindal.
– La oss seie at du vinn eit renn, er veldig fornøgd med skia og har lyst til å køyre neste renn med same par. Då kan lagkompisen din potensielt sett ta frå deg dei skia og seie at han vil køyre med dei i staden. Så enkelt er det, fortel Svindal med eit stort glis.
Jansrud: – Tar Aksels ski
Og kanskje har Kjetil Jansrud skumle planar dersom han skulle få sjansen til å stjele Svindals favorittski til vinteren.
– Frå no av tar eg Aksels ski, seier Jansrud spøkefullt.
BEST PÅ TRENING TORSDAG: Kjetil Jansrud.
Foto: Nathan Bilow / ApFjorårsvinnaren i super-G-cupen og utforcupen måtte sjå Svindal vinne to av to renn i Lake Louise førre helg.
– Neida, eg vil ikkje ta hans ski. Eg køyrer faktisk også med raskare ski, noko som seier litt om glieigenskapen eg hadde i Lake Louise.
– Men det hadde vore moro å vippe Aksel av pinnen ved å bytte ski utan at han fekk vite om det, seier Jansrud - også han med eit lurt glis før han legg til:
– Det betyr ingenting. Vi har så mange gode ski her.
Best på trening
Og spørsmålet er no om Jansrud i det heile tatt treng Lund Svindals ski til helga.
Torsdag kveld var nemleg Jansrud best på trening for andre dag på rad i utforløypa i Beaver Creek. Lund Svindal kom på fjerdeplass, 76 hundredelar bak Jansrud.