– Det er litt kjedeleg at det ikkje er på plass. Så alt i alt eit skuffande resultat og lang avstand opp til dei beste, seier 33-åringen til NRK.
For det er ingen tvil om at utforsesongen har vore skuffande for OL-meisteren frå Vinstra. Beste plassering så langt i år er ein 13.-plass frå Lake Louis.
Det var i slutten av november.
Sidan har Jansrud berre falle nedover på resultatlistene. Laurdag køyrde han inn til ein skuffande 22.-plass i Wengen.
– Det er ikkje bra nok. Når du blir sliten skal du berre dra med deg farten. No bremsa det, og ironisk nok, så kostar det enda meir krefter. Det er litt kjedeleg at det ikkje er på plass, seier Jansrud.
Slit i nedre del av løypa
For det er nettopp i siste del av løypa nordmannen har tapt dei viktige hundredelane. På dei fysiske testane har resultatet vore betre i år enn tidlegare, då Jansrud ofte var best i den nedre delen av løypa.
– Det er veldig frustrerande. Meg eg klarar ikkje å endre på det og det begynner og bli kort tid til VM.
– Eg hadde håpa det skulle gå eit renn. No har det gått fire, snart fem, utan at eg har fått endra på det.
Og det som frustrerer Jansrud mest er at han ikkje har fasiten på kva som skal til for å rette opp problema han slit med. Etter første 50 sekund har Jansrud nemleg nest beste tid i Wengen.
– Eg må få det til å stemme mot slutten av løypa når eg byrjar å bli sliten.
Nærmar seg VM
Med mindre enn tre veker til startskotet for VM i Åre er det grunn til bekymring for alpinisten.
– Det er eit eller anna han må prøve å finne ut av, seier NRK sin alpinekspert Marius Arnesen.
Han meiner uansett at det skal vere tid til å finne ut av dette føre VM og at løypa i Åre passar Jansrud betre.
– Alt heng saman med alt. Det kan handle om sjølvtillit og stole på seg sjølv og utstyret. Forhåpentlegvis kan ein del gode mellomtider gi nokon svar.
Neste helg er det nytt utfor i Kitzbühel i Austerrike. Ei løype Jansrud har betre minner ifrå enn i den lange bakken i Wengen.
– No er det eit lukka kapitel for i år. Men det er jo kjedeleg å dra herifrå utan nokon store resultat.