Paralympics i Tokyo varte frå 24. august til 5. september. Noreg stilte med 15 utøvarar.
I førre Paralympics, i Rio i 2016, tok Noreg åtte medaljar. Tre av dei var av gull.
– Vår målsetting i Tokyo er å gjere det betre enn i Rio, sa Cato Zahl Pedersen, sjefen for den norske paratroppen.
Birgit Skarstein innfridde favorittstempelet, og sikra norsk Paralympics-gull i roing. Det var den første medaljen hennar i Paralympics.
Også sprintaren Salum Ageze Kashafali inn fridde gullhåpet. Han sette også verdsrekord på 100 meter.
I tillegg har vi fått medalje i bordtennis då Aida Husic Dahlen spelte seg til ein bronsemedalje. Ho vart slått i semifinalen då kinesiske Mao Jingdian vart for sterk.
Totalt skal det konkurrerast i 22 ulike idrettar. Det skal kårast heile 540 paralympiske meistrar, fordi kvar øving er delt inn i fleire klasser ut frå kva handikap utøvarane har.
Rundt 4400 utøvarar deltek.