Jakob og Filip Ingebrigtsen har bestemt seg for å delta i EM-terrengløp i Lisboa. Det bekreftar Noregs friidrettsforbund til NRK. Brørne hadde eigentleg ikkje tenkt til å delta, men avbryt nå høgdeopphaldet i Flagstaff for å kjempe om gullet på søndag.
Den norske keeperen Mathias Dyngeland melder overgang fra Sogndal til svenske Elfsborg. Han har skrevet under på en kontrakt som strekker seg ut 2023. 24-åringen har vært Sogndals førstekeeper siden han debuterte i Eliteserien i 2014.
Det internasjonale skiskyttarforbundet, IBU, vil vente litt med å avgjerd kva reaksjonar dei vil innføre overfor Russland etter Wadas-avgjerd om utestenging.
– IBU granskar Wada-vedtaket i høve til skiskyting og skal foreslå prosedyrar og retningslinjer som IBU kan implementere når og om Wadas utestenging blir gjeldande, skriv IBUs kommunikasjonssjef Christian Winkler til NRK.
– Vi ventar også at Wada kjem med nærmare retningslinjer for internasjonale særforbund når det gjeld prosessar for å diskutere om russiske utøvarar kan få konkurrere, og eventuelt under kva slags vilkår, legg Winkler til.