– Eg trur Jakob overraskar seg sjølv. Eg har ikkje ord. Det er drygt. Han trykkjer på noko voldsomt. Det er så fort at eg har nesten ikkje ord, seier Gjert Ingebrigtsen til NRK.
Tida blei 13.35,84, ei rekordforbetring på nesten 14 sekund.
– Det er veldig fort. Det er solid seniornivå, og han viser kvifor han er VM-kandidat som 16-åring. Det han gjer er ekstremt etter alle målestokkar, seier Gjert Ingebrigtsen om sonen Jakob.
Det er Jakob Ingebrigtsens første NM-gull.
– NM-gull er vel og bra. Men det som ligg bak prestasjonen – å setje meisterskapsrekord i den alderen han er – det er stort.
Brødreduellen som blei borte
Det var stilt forventningar til brødreduellen mellom Jakob og Filip. Men ein sjukdomsplaga Filip måtte bryte ein runde før mål.
Dermed kunne Jakob dra frå sin hardaste konkurrent Sondre Nordstad Moen og ta ein klar siger. Jakob slo til snaue to rundar før mål, og Moen makta ikkje å følgje. Han blei slått med over fire sekund.
– Dette er mitt første NM-gull, og blir eitt av mange. Eg har hatt ein ekstremt bra sesong utan sjukdom og skader. Alt har gått på skinner, og dette heng høgt, seier ein andpusten Jakob Ingebrigtsen til NRK.
– Eg visste det kom til å bli tungt. Det var berre å henge på Filip. Det var herleg, seier Jakob.
Ikkje mindre enn 41 mann stilte til start på 5000-meteren i Sandnes.
Måtte bryte sin første 5000
For Filip var det den aller første 5000-meteren i konkurranse, og dermed naturleg nok også første gang han og Jakob møttest på denne distansen. Men Filip greidde ikkje å fullføre.
– Det var gøy å sjå Jakob vinne. Vi skulle ha gull på 5000. Det var bra at Jakob tok det, han ser sprek ut. Det er bra vi er fleire som kan, seier Filip Ingebrigtsen til NRK.
Han er litt usikker på om han burde ha starta.
– Hovudet vil meir enn kroppen, eg skulle kanskje ikkje sprunge i dag eller i går. Det seier stopp når det seier stopp, seier Filip.
– Men korleis duellen kjem til å bli? Det har vi ikkje tenkt på, seier pappa Gjert Ingebrigtsen til NRK like før start.
– Spring mot kvarandre kva einaste dag
– Vi tok ei avgjerd på vegen opp om at dei begge skulle springe, seier Gjert.
«Opp» betyr på veg frå Zürich, der dei begge deltok i går.
– Men dei spring mot kvarandre kvar einaste dag, så styrkeforholdet er nok kjent.
– Men resultat er ferskvare. Du er så god som du er akkurat der og då.