NRK Meny
Normal

Jakob (15) slo 35 år gammal verdsrekord

Jakob Ingebrigtsen sprang inn til 3.45,50 på 1500 meteren under IFAM stemnet i Oordegem i Belgia. Det er ny uoffisiell verdsrekord for 15-åringar.

Jakob Ingebrigtsen

PERS PÅ TRE SEKUND: Tida til Jakob Ingebrigtsen var tre nesten tre sekund betre enn han sprang i fjor.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Tida er vanvitig. Dette er truleg eitt av dei beste resultata i norsk ungdomsidrett nokon sinne, NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal.

Den gamle rekorden var på 3.46,3 og vart sett av Jean Verster heilt tilbake i 1981, ifølgje age-records som har oversikt over ungdomsrekordar frå 5-19-åringar frå 48 land.

Lista er uoffisiell og inneheldt berre tider sett av utøvarar frå land der ein er 100 prosent sikker på at fødselsdatoen stemmer. På det internasjonale friidrettsforbundet sine sider (IAAF) står kenyanske Gideon Mageka med rekorden for 15-åringar, på tida 3.37,36.

Jakob Ingebrigtsen, som fyller 16 år i september, var med tida si berre fem sekund ifrå å ta EM-kravet på 1500 meter for senior, som er 3.40,50.

Hans tidlegare rekord var på 3.48,37 frå i fjor, noko som er det raskaste ein 14-åring nokon gong har sprunge på 1500 meter. Kravet for å ta seg til junior-VM var på 3.48, noko han klarte med god margin.

– Det som imponerer meg mest er at Jakob tar så stor jafs på sine rekordar. Tida er nesten tre sekund betre enn han sprang førre sesong, og det viser bra utvikling, seier Rodal.

Laster Twitter-innhold

Tidlegare har brørne Henrik, Filip og Jakob Ingebrigtsen sagt at draumen er at alle tre skal stå på startstreken i EM i sommar.

EM går av stabelen i Amsterdam frå 6.–10. juli

Storebror 83 hundredelar frå OL-kravet

Henrik og Filip Ingebrigtsen sprang sin 1500 meter seinare i laurdag kveld, og eldstebror Henrik sette ny sesong beste på tida 3.36,33. Det var nok til å vinna heatet, men han har framleis 83 hundredelar att før han har klart OL-kravet på 3.35,50.

– Det er solid at han vinn og gjer det med god margin. Sjølv om han enno ikkje har levert tider som matchar toppnivået sitt, så har han vist fleire solide avslutningar på løpa sine, seier Rodal om Henriks løp.

Filip vart nummer tre i heatet, sekundet bak Henrik.

Les også: Ingebrigtsen-brødrene med sterk sesongdebut

Ingebrigtsen
Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Siste nytt

  • Rooney gir seg på landslaget

    Wayne Rooney seier at han ikkje lenger vil spele for det engelske landslaget, melder FA.

    Han takka nei i dag etter å ha fått innkalling til troppen som skal møte Malta og Slovakia i VM-kvalifisering.

    Rooney er historisk toppscorar med 53 mål på 119 landskampar sidan debuten mot Makedonia i 2003.

    Wayne Rooney
    Foto: Anthony McArdle/www.evertonfc.com

Sendeplan

Kl. Program Kanal
EM ryttersport: Dressurridning og sprangridning
EM Ryttersport