Hopp til innhold

Vil aldri tilgi for den knuste OL-draumen: – Mangel på respekt for menneske

I eit langt Facebook-innlegg fyrer Jacob Boutera laus mot Norges Friidrettsforbund og Olympiatoppen.

Jacob Boutera

SKUFFA: Jacob Boutera er ikkje tatt ut til dei olympiske leikane sjølv om han er kvalifisert på ranking.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Det har gått nokre dagar sidan Jacob Bouteras OL-draum blei knust, og heilt sidan uttaket kom har han vore kritisk mot Olympiatoppen (OLT).

Søndag rettar han også sterk kritikk mot Norges Friidrettsforbund (NFIF).

– Apropos skuffelse, er eg også skuffa over at ingen i NFIF har ønskt å hjelpe meg i denne prosessen for å få til ein dialog med Olympiatoppen, skriv Boutera i eit langt Facebook-innlegg.

NRK har snakka med Boutera som har gitt løyve til å omtale innlegget.

Han har også publisert eit kjensleladd innlegg på Instagram.

– Eg vil aldri tilgi dei som ikkje sende meg til Paris, skriv han på Instagram.

Les heile Bouteras innlegg i botnen av saka.

Les også Landslagsløper nektes å konkurrere i OL – går hardt ut mot uttaket

Jacob Boutera

– Ein kamp eg aldri kunne vinne

– Fleire sentrale personar i NFIF har kontakta meg dei siste dagane og vist si støtte, men det er tydelegvis ingen vilje for å stå opp for sine eigne utøvarar som opplever urett, skriv Boutera og fortset:

– Derfor blei dette ein kamp eg måtte kjempe mot Olympiatoppen aleine, og dermed blei det også ein kamp eg aldri kunne vinne all den tid ingen frå Olympiatoppen ønskt å diskutere saka med meg.

– Vi har hatt mykje kontakt, og han står fritt til å seie kva han meiner om uttaket, fortel sportssjef i Norges Friidrettsforbund Erlend Slokvik til NRK.

I Facebook-innlegget skriv Boutera at han fekk ei melding frå Slokvik onsdag 3. juli om at OLT den dagen ville komme med det siste OL-uttaket – fem dagar før den opphavlege datoen.

– Denne meldinga overraska meg, og eg ringde derfor Slokvik for å få greie på kva som hadde skjedd, fortel Boutera.

– Det som har vore misvisande var at vi sette 8. juli som uttak, da det var datoen vi fekk frå Det internasjonale friidrettsforbundet (World Athletics) i haust, forklarer Slokvik og fortset:

– Seinare fekk vi info frå Olympiatoppen om at siste uttak i Noreg blei 3. juli. Da burde denne datoen vore endra på vår side. Alt dette har blitt formidla til Boutera denne veka.

EM friidrett 2024 i Roma

SPORTSSJEFEN: Erlend Slokvik og dei andre i Norges Friidrettsforbund har ikkje støtta og stått opp for Jacob Boutera godt nok, hevdar Boutera.

Foto: Lise Åserud / NTB

Sportssjefen understrekar at det er OLT som gjer det endelege uttaket til dei olympiske leikane, og baserer uttaket sitt på reell moglegheit for topp tolv-plassering.

Knallhardt ut mot OLT-sjefen

Hardast kritikk i Facebook-innlegget får Tore Øvrebø, toppidrettssjef i Olympiatoppen. Blant anna skriv Boutera:

– Tore Øvrebø har ikkje sagt mykje til media utanom å gjenta til det kjedsommelege at han ikkje kommenterer enkeltuttak, og at eg ikkje oppfyller kriteriet om dokumentert sannsyn for topp tolv.

Boutera reagerer spesielt på utsegner frå Øvrebø til NRK 4. juli, der han blant anna sa at «uttaka er resultat av ein omfattande dialog mellom Olympiatoppen og kvart enkelt særforbund».

I det same intervjuet 4. juli sa Øvrebø til NRK at «det vil vere utøvarar som er heilt i grenseland for å kunne ha noko utbytte av å delta i OL, slik vi forstår OL her i Noreg» før han fekk spørsmål om han trudde nokre utøvarar var skuffa.

– Om dei har blitt skuffa fordi dei synest dei burde vore med, men ikkje hadde hatt ein sjans til å hevde seg, meiner eg dei er skuffa på feil grunnlag. Om dei er skuffa fordi dei ikkje har fått til utviklinga dei har ønskt seg, så har eg veldig stor sympati for det, svarte Øverbø da.

– Dei to andre kommentarane frå Øvrebø til NRK same dag synest eg tydeleg viser ein grunnleggande mangel på respekt for utøvarar og menneske generelt, skriv Boutera.

Mediemøte 100 dager til OL

MASSIV KRITIKK: Toppidrettssjef i Olympiatoppen, Tore Øvrebø.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

NRK har vore i kontakt med Øvrebø etter Bouteras Facebook-innlegg.

OLT-sjefen har blant anna fått konkret spørsmål om korleis det kjennest at Boutera skriv at han synest han viser grunnleggande mangel på respekt for utøvarar og menneske.

– Eg har ved fleire høve vist til Olympiatoppens mandat og hovudkriterium for uttak til OL. Eg har også sagt at eg ikkje kommenterer enkeltuttak. Har ingenting å legge til utover dette, svarer Øvrebø til NRK.

Les også Gjert Ingebrigtsen tordner mot Olympiatoppen: – Det er en ekstrem maktarroganse

Gjert Ingebrigtsen

– Nedlatande

Boutera reagerer også på korleis Øvrebø har uttalt seg til media dei siste dagane, og trekker igjen fram Øvrebøs utsagn: «Om dei er skuffa fordi dei ikkje har fått til utviklinga dei har ønskt seg, så har eg veldig stor sympati for det».

I innlegget sitt skriv Boutera at:

I mine auge er dette ein ekstremt nedlatande måte å snakke om utøvarar som har jobba knallhardt, og faktisk oppnådd dei internasjonale kriteria for deltaking på den største scena av dei alle.

Vidare skriv Boutera at han meiner at OL handlar om meir enn medaljar og topp tolv-plasseringar.

Det handlar om å gi familien sin ein klem på tribunen og seie «vi greidde det», sjølv om ein skulle vere så uheldig å bli nummer 13 og gjere skam på ein heil idrettsnasjon og Tore Øvrebø.

Kan bety slutten

Boutera fortalde til NRK på torsdag at dette i verste fall kunne bety slutten på karrieren hans.

Les også Idrettsprofiler er rasende etter OL-vraking: – Jeg føler meg forrådt

Nilsson, Norris og Ngarambe føler seg urettferdig behandlet etter OL-vraking.

I fleire land er utøvarane svært oppgitt over uttakskriteria. Den svenske seglaren Emil Bengtson har fått pro bono-hjelp frå juristen Daniel Stattin.

Bengtson har starta ein rettsleg prosess mot den Svensken Olympiske Komite og tar nå saka inn for Den internasjonale valdgiftsretten for sport (Cas).

Sportsnyheter

bryhn-gråt

Gråtkvelt «Mesternes mester» om kreftsjuk far: – Eg skulle ønske at han var her

Ole-Kristian Bryhn vann «Mesternes mester» i år, og denne veka tok 35-åringen nok ein ny tittel. Det skjedde utan ein viktig støttespelar i publikum.

Jakob, Filip og Henrik Ingebrigtsen setter deg i den rette mesterskapstemningen når NRK og brødrene lanserer låt til OL.

Brødrene Ingebrigtsen debuterer som artister – slik har du aldri sett dem før

Jakob Asserson Ingebrigtsen (23) lar ikke mye forstyrre hviletiden i OL-oppladningen, men ett unntak har han gjort. Nå debuterer han som artist med brødrene Henrik og Filip.

Thomas Drage, utenlandsproff Gibraltar

Thomas (32) lever profflivet i bakgardsliga: – Stilte med ein fyr vi aldri hadde møtt

Det blir berre fleire og fleire av dei, nemleg norske utanlandsproffar. Ein av dei er Thomas Drage (32) som speler fotball framfor 50 tilskodarar i Gibraltar.

Siste nytt

  • Formsterk KFUM-spiss mister hjemmekampen mot serieleder Glimt

    KFUM Oslos spissprofil Johannes Hummelvoll Nuñez går glipp av lørdagens kamp mot Bodø/Glimt.

    27-åringen er på delt 4.-plass på toppscorerlisten i Eliteserien.

    Angrepsspilleren bekrefter selv overfor TV 2 at han må se hjemmekampen mot tabelleneren fra sidelinjen.

    – Det er helt jævlig. Verst mulig timing med tanke på formen jeg er i og med tanke på landslagsspill for Chile, sier Nuñez til kanalen.

    27-åringen ble historisk da han sist helg scoret i sin sjuende bortekamp på rad. Det nyopprykkede laget tok en sterk seier borte mot Molde. Nå må KFUM klare seg uten den formsterke spissen når et nytt topplag står for tur.

    – Det er trist å se på gutta trene når man er skadet, men jeg håper å være klar igjen mot Fredrikstad neste helg, forteller han videre.

    KFUM har fortsatt til gode å vinne på eget gress denne sesongen. 17 av de 21 poengene de har plukket har kommet på bortebane.

    (NTB)

    mehi27CQ3U8
    Foto: NTB
  • Bodø/Glimt forsterker stallen med den svenske kantspilleren Samuel Burakovsky

    Svenske Samuel Burakovsky har signert for Bodø/Glimt.

    Det bekrefter Aspmyra-klubben i sine kanaler torsdag.

    Angrepsspilleren Burakovsky kommer fra Landskrona på nivå to i Sverige, og melder umiddelbart overgang til Glimt.

    – Følelsen sier at dette vil være et utrolig steg, og jeg tror vi kan skape mange gode minner her. Følelsen er bare positiv, sier Burakovsky til glimt.no.

    Burakovsky har tidligere gått gradene i ungdomsakademiet til Malmö FF. Han er hentet som kantspiller til Bodø/Glimt.

    – Jeg er eksplosiv, og direkte i min spillestil. Jeg liker å utfordre og skape sjanser. Det er det som kjennetegner meg som spiller, sier nyervervelsen.

    Burakovsky har signert på en kontrakt som strekker seg ut 2028-sesongen.

    (NTB)

    Samuel Burakovsky
    Foto: BILDBYRÅN
  • Ruud innleder OL-turneringen mot japaner – mulig kamp mellom Nadal og Djokovic i 2. runde

    Norges tennisprofil Casper Ruud møter Taro Daniel i 1. runde i singleturneringen i Paris. 25-åringen er blant de fremste favorittene til å ta OL-gull.

    Trekningen for singleturneringen ble unnagjort torsdag formiddag.

    Ruud er sjetteseedet i turneringen. Dermed slipper han noen av de store kanonene før en eventuell kvartfinale.

    I 2. runde kan det imidlertid bli et stjernemøte mellom Rafael Nadal og Novak Djokovic.

    Ruud deltar i år i sitt første OL. Han sto over lekene i Tokyo i 2021 for heller å sanke poeng på ATP-rankingen.

    Nordmannen har briljert på Roland-Garros-anlegget de siste årene. I 2022 og 2023 tok han seg til finale i den prestisjetunge Grand Slam-turneringen, før det ble exit i semifinalen tidligere i år. Da trøblet nordmannen med magen.

    Onsdag ble det kjent at både verdensener Jannik Sinner og danske Holger Rune uteblir fra lekene. De trøbler med henholdsvis betennelse i halsen og en håndleddsskade. Det betyr at verdenstoer Djokovic er førsteseedet i Paris.

    Heller ikke Andy Murray deltar i singleturneringen. Den doble olympiske mesteren spiller kun double i den franske hovedstaden.

    (NTB)

    France Tennis French Open
    Foto: AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal