Hopp til innhold

Iversen & co. sitt høgdeval har vorte snakkis: – Vi stussa litt på det

Med unntak av Johannes Høsflot Klæbo skal Emil Iversen og resten av herrelandslaget ikkje eitt døgn til høgda kommande sesong. Det synest Karoline Bjerkeli Grøvdal er eit merkeleg val.

Emil Iversen, Karoline Bjerkeli Grøvdal

RART: Karoline Bjerkeli Grøvdal meiner det hadde vore veldig rart å ikkje leggje opp til høgdetrening slik som langrennsløparane har gjort.

Foto: NTB

– For min del hadde det vore veldig rart. Eg har gjort høgde no i ti år – bortsett frå eitt koronaår der eg ikkje gjorde det. For min del fungerer høgde, og i friidrett og i langdistansemiljøet vårt er det heilt rart å ikkje gjere høgdetrening, fortel Karoline Bjerkeli Grøvdal til NRK.

Ho er for alvor i gang med sesongen og skal springe 5000 meter under NRK-sende Bislett Games torsdag kveld. Og i sesongførebuingane har ho, nærast sjølvsagt, vore på eit over tre veker langt høgdeopphald i amerikanske Flagstaff, pluss eit opphald i november.

NM friidrett 2021 i Kristiansand

STUSSAR: Karoline Bjerkeli Grøvdal har trena høgd i ti år utan meisterskap i høgda.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Like etter Bislett Games reiser ho på eit nytt tre veker langt høgdeopphald for å finne VM-forma.

Det gjer ho i sterk kontrast til herrelandslaget i langrenn som ikkje har planlagt eitt einaste døgn med høgdetrening kommande sesong.

– Det er klart det blir ein snakkis internt hos oss når vi ser kva dei gjer og kvifor dei ikkje gjer det. Vi stussa litt på det, seier Grøvdal og siktar til henne og friidrettsmiljøet.

– Ikkje vits med høgd

Til liks med langrennsløparane har friidrettsutøvarane VM i låglandet denne sesongen, men det pregar ikkje høgdeopplegget hennar.

– Vi er i høgda for å få betre treningseffekt, det er poenget med å vere der. Prinsippet vårt er at vi driv med høgdetrening for å bli betre. I alle fall i løping gjer dei aller fleste på topp med systematisk høgdetrening. Det er heilt vanleg eigentleg, fortel Grøvdal.

Men i langrennsleiren har pipa ein heilt annan lyd.

Tour de Ski 2021/2022 etappe 1

LETTA: Emil Iversen er glad for at han ikkje skal trene høgd dei neste åra.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Med meisterskap i låglandet er det ikkje nokon vits med høgd for min del, seier Erik Valnes som er heilt på linje med Emil Iversen:

– Det er ei problemstilling eg ikkje treng å ta omsyn til frå no og til VM i Granåsen. Det er veldig herleg – berre det er ein lette. Eg skal ikkje til høgda i haust, eg skal berre trene og gjere det eg har gjort i åra før, seier trønderen med eit stort glis og legg spøkefullt til:

– Eg har tenkt på at eg skal halde foredrag om korleis ein ikkje skal trene i høgda etter skikarrieren.

Les også Ingebrigtsen fnyser av dopingtatt OL-vinners spådom

Athletics, Trond Mohn Games 2022

– Å starte i feil ende

Trenar for sprintlandslaget, Arild Monsen, forklarer at deira val om å ikkje trene i høgda framover handlar om at dei neste meisterskapane ikkje går i høgda, og at det dermed ikkje er nokre krav om å vere høgdeakklimatiserte.

– Derfor trekkjer nærast alle den konklusjonen at dei ikkje vil vere i høgda og få gode verdiar på det. Men det skal kombinerast med trening og du er lenge heimanfrå, så då er det til slutt berre Johannes som har lyst til å køyre eit høgderegime, seier Monsen.

Klæbo har valt å lage sitt eige samlingsopplegg før vinteren, og har planar om å leggje inn fleire høgdeopphald. Men det er han, som sagt, åleine om og Valnes ser ingen grunn til å reise til høgda.

Landslagssamlin i langrenn

SUKSESS: Erik Valnes har hatt suksess med å trene i låglandet.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Du ser ikkje nokon lengre treningseffekt?

– Nei, eg har hatt veldig suksess med å vere i låglandet og trene normalt i låglandet. Det fungerer veldig bra for meg, seier Valnes og utdjupar:

– Det er klart at skal du prestere i høgda, så er du nøydd til å trene i høgda. Men så har du noko med å få ein høgdeeffekt, og då må du vere veldig mykje i høgda. Eg føler at det er å starte i feil ende for min del.

– Eg stussar litt på det

Grøvdal nærmar seg 100 høgdedøgn denne sesongen og forstår ikkje heilt kvifor langrennsmiljøet ikkje lenger held seg til høgdetrening som dei hadde god tradisjon for.

– Eg stussar litt over at dei går vekk frå det som har fungert for veldig mange før dei. Therese (Johaug) har gjort det veldig systematisk. Ser du på dei beste har det fungert, så eg lurer litt på kvifor dei ikkje gjer det, seier 5000-meterløparen.

Og grunnen til langrenns høgderegime stammar frå suksessen i dei to siste verdsmeisterskapane.

– Vi er meir tilbake til samlingsopplegget vi hadde før Seefeld, før Oberstdorf etc. Det har vi veldig trua på og hatt veldig god effekt av tidlegare, seier allround-trenar Eirik Myhr Nossum.

Les også Svenskenes valg overrasker langrennsprofilene: – Jeg er redd for konsekvensene

Espen Bjervig, Maja Dahlqvist, Frida Karlsson

Iversen er ein som har nytt godt av det, og femmilsgullet under VM i Oberstdorf kom utan eit omfattande høgdeopplegg. Førre sesong var han nøydde til å trene i høgda for å førebu seg til høgda i OL i Beijing. Det enda med ein skuffande vinter.

– Eg hadde mange dårlege dagar i fjor både i høgda, på samling, og på hausten. Eg klarte aldri å knekkje koden i fjor. Eg hadde eigentleg veldig trua, men når eg var litt på etterskot heile tida vart det litt halvvegs, fortel Iversen som i år ikkje har tenkt seg høgare enn 1100 meter.

– Eg har gått veldig mykje gode renn seinast for to år sidan utan å vere noko i høgda, og det blir tilbake til det. Det er ca. 1100 meter på Fonnfjellet som er det finaste fjellet i Meråker. Det får halde, seier den regjerande verdsmeisteren smilande.

Les også Bekrefter like distanser i langrenn - mot utøvernes ønske

Tour de Ski 2021/2022 5 etappe

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal