NRK Meny
Normal

Iuel sette ny norsk U23-rekord på 400 meter - med jet-lag i kroppen

Amalie Iuel (22) sprang inn til 52,85 på 400-meteren under eit stemne på Bislett i kveld. Det er ny U23-rekord og godt under EM-kravet, på ein distanse ho ikkje satsar på.

Norwegian Grand Prix, elitestevne på Bislett stadion i Oslo.

KNALLTID: Amalie Iuel fekk fullklaff på 400 meteren, men satsar på 400 meter - med hekkar i EM.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

– Eg hadde håpa å sjå 52-talet, og det klarte eg. Det var kjempegøy, spesielt med tanke på at kroppen ikkje er heilt i form, seier Iuel etter løpet.

Det er berre tre dagar sidan ho kom heim att frå USA, der ho studerer, så jet-laggen sitt nok enno godt i kroppen.

Tida 52,85 er ny norsk U23-rekord på distansen, med fire tidelar, og berre fire tidelar bak den 25 år gamle norske rekorden til Sølvi Olsen Meinseth frå 1991.

– Det var eit utruleg sterkt resultat, med tanke på at ho kom frå USA på tysdag. Det tar kroppen nokre dagar å bli vant med tidsskilnaden, seier ein imponert sportssjef i friidrettsforbundet, Ronny Nilsen.

Sjå alle resultata nedst i artikkelen.

Vil ta OL-kravet i EM

Iuel er eigentleg sjukjempar, men eit brot i armen i slutten av mai gjorde at ho ikkje kunne delta i den disiplinen i EM i Amsterdam i byrjinga av juli. Fram mot EM satsar ho på 400 meter hekk, høgde og 4x400 meter stafett.

For EM er målet klart.

– Eg vil ta OL-kravet på 400 meter hekk der. Det hadde vore utruleg kjekt å ta den der i den norske landslagsdrakta, og så hadde det vore kjekt å ta seg vidare til semifinalen, seier Iuel.

Kravet til OL er 55,90, og ho har personleg rekord på 55,92.

Fleire under EM-kravet

Hedda Hynne og Benedicte Hauge sprang i det same 400 meter heatet, og begge klarte EM-kravet på distansen.

– Det var utruleg kjekt at dei klarte det. Hedda er jo eigentleg 800 meter-løpar, og Benedicte satsar på 400. Vi får eit sterkt lag på 4x400 meter under EM, seier Nilsen.

Nilsen trekker også fram Ingvill Måkestad Bovim og Karoline Bjerkeli Grøvdal som leverte sterke prestasjonar på 800 meter. Ingen av dei tok EM-kravet på distansen.

– Karoline sette ny personleg rekord med to sekund. Ho har med det sett nye personlege rekordar på alle distansar frå 800 meter til 10 000 i år, seier Nilsen.

Karoline Bjerkeli Grøvdal

SUPERSESONG: Karoline Bjerkeli Grøvdal har levert personlege rekordar i fleng denne sesongen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Jaysuma Saidy Ndure sprang inn til 20,66 på 200 meteren. Det er bak OL-kravet, men det har han allereie tatt.

Karsten Warholm var eit stykke unna OL-kravet på 400 meter hekk, medan Tonje Angelsen var fem centimeter unna EM kravet i høgde, med sitt hopp på 1,85.

Isabelle Pedersen deltok ikkje på stemnet.

  • Fristen for å kvalifisera seg til EM går ut søndag, og det endelege troppen vert klar måndag.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel
VM sykkel