Italia vil ha fotball-EM 2032
Det italienske fotballforbundet opplyste måndag at det vil søkje om å få arrangøransvaret for fotball-EM i 2032.
Det europeiske fotballforbundet (Uefa) er gjort kjend med ønsjket.
«Dei siste dagane har Det italienske fotballforbundet presentert si interesse for å arrangere EM 2032 for Uefa,» heiter det i ei fråsegn.
Italiensk fotballs styrande organ opplyser at det ønskjer å modernisere fotballarenaene i landet i samband med sluttspelet om ti år.
Fristen for å melde seg som søkjer går ut først 23. mars.
Roma var vertskap for fire kampar i fjorårets EM-sluttspel. Der enda Italia opp med å gå heilt til topps.
Måndag vart det òg kjent at fotballforbunda i Storbritannia og Irland går saman om ein søknad om å arrangere fotball-EM i 2028. Også Tyrkia og eit samarbeid mellom Bulgaria, Hellas, Romania og Serbia har offisielt varsla kandidaturet sitt til EM i 2028.